Hagbard Berner var ein norsk avisredaktør, politikar for Venstre, forleggjar og foreiningsmann. Som stortingsrepresentant og grunnleggjar av Dagbladet og Det Norske Samlaget var han ein sentral aktør i det store Venstre-prosjektet som endra Noreg på 1800-talet.
Berner vart fødd i Sunndal på Nordmøre. Han hadde ein særs mangfaldig karriere. Han var redaktør av Dagbladet frå 1869 til 1880, stortingsrepresentant for Venstre frå 1880 til 1888 og seinare riksrevisor, hypotekbankdirektør og borgarmeister i Kristiania.
I 1884 vart han første formann i Norsk Kvindesagsforening, og i åra 1891 til 1909 var han formann i Norsk Ligbrændingsforening. Han var også medstiftar og første formann i Det Norske Samlaget frå 1868. Berner var heile livet i sterk opposisjon til unionen med Sverige og ein forkjempar for norsk sjølvstende både når det galdt språk og politikk. Han var på same tid strategisk tenkjar og praktisk igangsetjar i ein av dei mest hendingsrike epokane i norsk historie.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.