Faktaboks

Administrasjonssenter
Hareid
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
5 126 (2022)
Landareal
77 km²
Høgaste fjell
Kongsvollen (683 moh.)
Innbyggjarnamn
hareiding
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Hareid kommune i Møre og Romsdal
Hareid kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Hareid kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Hareid

Hareid. Badeliv i Hjørungavåg. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Hareid er ein kommune i Møre og Romsdal fylke, på Sunnmøre sørvest for Ålesund. Kommunen består av den austlege delen av Sunnmøre si største øy, Hareidlandet.

Hareid vart oppretta som kommune i 1917 ved utskiljing frå Ulstein. Sidan har han berre hatt éi endring i grensene, då eit mindre område med 68 innbyggjarar på øya Sula vart overført til Borgund kommune (noverande Sula) i 1958.

Hareid har grense mot Ulstein i vest, elles går grensa i dei omliggjande fjordane Sulafjorden i nordaust og Vartdalsfjorden i søraust.

Natur

Berggrunnen i Hareid er av grunnfjellsalder, men mykje er omdanna i kaledonsk tid. Dominerande bergart er gneis. Det finst nokre mindre område, vest for Snipsøyrvatnet og ved fjorden lengst sør i kommunen, som har førekomstar av djupbergarten eklogitt. Hareid er berglendt med ei rekkje toppar over 600 meter over havet, der dei fleste ligg på grensa til Ulstein i vest. Høgast punktet i kommunen er Kongsvollen med 683 moh.

Tvers over øya frå tettstaden Hareid til Ulsteinvik i Ulstein kommune fører eit eid med passhøgd 155 meter over havet. Frå eidet går eit dalføre sørover kvar det fem km lange Snipsøyrvatnet ligg 23 meter over havet.

Busetnad

Busetjinga er tettast langs fjorden på strekninga Hareid-Hjørungavåg og rundt Brandal i nord, likeins på eida vest for høvesvis Hareid og Hjørungavåg, og langs Snipsøyrvatnet. Hareid har tre tettstader (innbyggartal 2021): Administrasjonssenteret Hareid (3473), Hjørungavåg (699) og Brandal (332). I 2020 budde 87 prosent av Hareid si befolkning i tettstader, mot 73 prosent i fylket samla sett.

Befolkninga i Hareid har vist vekst i stort sett heile perioden kommunen har eksistert som eigen kommune, og folketalet låg i 2016 nesten tre gonger så høgt (etter dagens grenser) som då kommunen vart oppretta rundt hundre år tidlegare. I tiårsperioden 2006–2016 auka folketalet med 1,1 prosent i årleg gjennomsnitt, same vekst som Sunnmøre samla sett. Til samanlikning auka folketalet i Møre og Romsdal fylke med gjennomsnittleg 0,8 prosent årleg i denne perioden.

Kart over Hareid kommune
Kart over Hareid kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Primærnæringane omfattar to prosent av Hareids arbeidsplassar (2019). Jordbruket, som er eit nesten reint husdyrbruk med storfe og sau, blir ofte drive i kombinasjon med andre yrke, og bruka er relativt små. Fiskarar frå Hareid deltek i fiske på norskekysten og i fjerne farvatn, men relativt få båtar høyrer heime i kommunen. Derimot blir det ilandført store mengdar fisk i kommunen, og i 2013 ein fangst til ein førstehandsverdi på 249 millionar kroner. Hareid er med dette viktigaste ilandføringskommune i fylket etter Ålesund.

Hareid er ein betydeleg industrikommune med 26 prosent av arbeidsplassane til kommunen, og 35 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning (2019). Industrien er variert sjølv om verkstadsindustrien dominerer med i alt 55 prosent av sysselsetjinga i industrien (2019), særleg maskinindustri som har 45 prosent åleine. Andre viktige bransjar er gummi-, plast- og mineralsk industri (mellom anna betongvare- og plastvareindustri) og møbel- og næringsmiddelindustri (mellom anna fisketilverking), med høvesvis 25 og 14 prosent av sysselsetjinga i industrien. Dei største bedriftene ligg i kommunesenteret og i Hjørungavåg.

Av den busette yrkesbefolkninga i Hareid har 53 prosent arbeid utanfor kommunen 26 prosent i Ulstein, åtte prosent i Ålesund, fire prosent i Herøy og i alt tre prosent i resten av kommunane på Sunnmøre (2020).

Samferdsel

Hareid har hyppige ferjesamband til Sula (Sulesund), herfrå vegsamband vidare til Ålesund (Fv. 61), likeins via Ulsteinvik og Gurskøya sørover til Nordfjord (Fv. 61). Hurtigbåtsamband med Ålesund sentrum. Både ferja og hurtigbåten går frå kommunesenteret.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hareid høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd.

Hareid kommune svarer til soknet Hareid i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hareid til Søndmør fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hareid

For statistiske formål er Hareid kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Hjørungvåg: Liavågen, Hjørungnes-Åsen-Overå, Øvrelid-Alme
  • Hareid: Plassane, Brubakken, Indre Hareid, Ytre Hareid, Korsnes-Håbakk, Holstad-Gjerde, Grimstad, Brandal-Indredal, Brandal-Kvitnes
  • Bigset: Snipsøyrdalen, Røyset, Rise, Bigset, Bjåstad, Geilane

Historikk og kultur

Hareid kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1877 og er rosemåla innvendig. Prestestova ved kyrkja er i tillegg det eldste huset til bygda (cirka 1620).

I slaget ved Hjørungavåg i 986 sigra Håkon jarl over jomsvikingane frå Danmark og Tyskland. Tusen år seinare vart det reist eit nasjonalmonument til minne om dette slaget ved tusenårsjubileet i 1986. Ishavsmuseet Aarvak har sidan 1998 halde til i ei stor sjøbu i Brandal og dokumenterer korleis folk frå Vestlandet dreiv aktiv ishavsfangst i polarstrøk. Den årlege Hareidstemna vart første gongen arrangert i 1962. Det er ei kulturmønstring som hentar aktørar både lokalt og nasjonalt.

Lokalavisa Vikebladet Vestposten dekkjer kommunane Ulstein og Hareid. Avisa kom med det første nummeret i 1989, etter at dei to avisene Vikebladet og Vestposten vart slått saman. Avisa er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har tre pilspissar i sølv, to over ein, mot ein blå bakgrunn. Dette viser til slaget ved Hjørungavåg, som ein går ut frå er Liavågen i Hareid.

Første ledd av kommunenamnet er øynamnet Hǫð, som truleg viser til øya Hareidlandet. Dette kan sjåast i samanheng med eit gammalt ord for ‘skum’. Siste ledd er eid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjåstad, Ingvar og Asbjørn Waage: Soga om Hareid og Ulstein, 1970-87, 7 b. (f.o.m. b. 3 med tittel: Bygdebok for Ulstein og Hareid)
  • Bjåstad, Sverre: Personboka 2000 for Hareid og Ulstein med register til bygdebøkene, 2001
  • Bjåstad, Sverre: Utflyttarboka 2007 for Hareid og Ulstein med register til bygdebøkene for Ulstein og Hareid, 2007
  • Måseide, Peder: Hareid kyrkje gjennom 100 år, 1977

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg