Faktaboks

Herborg Kråkevik
Fødd
28. desember 1973, Jondal (no Ullensvang), Vestland
Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik under Spellemannprisen i 2000, då ho blei kåra til Årets spellemann. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Herborg Kråkevik som Petra i filmen Det Største i Verden frå 2001. Filmen er bygd på Bjørnstjerne Bjørnsons bok Fiskerjenten frå 1868. © Erik Aavatsmark/Norsk Film as.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Herborg Kråkevik er artist og skodespelar. Ho har spela både på scener og på film, og har gitt ut fleire platealbum. Kråkevik har oppnådd stor suksess med sine kabaretar og tolkingar av gamle norske folkeviser.

Herborg Kråkevik vart fødd i Jondal i Hardanger. Ho har eitt års utdanning frå Guildford School of Acting i England. Kunstnarkarrieren tok til med eit kabaretsamarbeid med Kenneth Sivertsen i 1995. Seinare same året sette ho opp den sjølvkomponerte framsyninga Haugtussa basert på diktsyklusen til Arne Garborg, som også vart plate.

Kråkevik har òg skrive bok (Forteljingar, 2004) om oppveksten i Jondal, og ho har gitt ut boka Julesongboka (2020). Sidan 2015 har ho vore redaktør for juleheftet Juleroser.

Skodespelar

Gjennombrotet hennar som skodespelar kom i rolla som Eliza i My Fair LadyDen Nationale Scene i 1996. Sidan har ho mellom anna spela i teateroppsetjingane Victoria Oslo Nye Teater i 2004, Funny Girl på Den Nationale Scene i 2005, Kærlighedens Farve på Odense Teater i 2006, Spelemann på taket på Det Norske Teatret i 2014 og i Hellemyrsfolket på Den Nationale Scene same året.

Ho har også vore filmskodespelar i Jakten på nyresteinen (1996) og Det største i verden (2001), og i 2012 var ho med i adventsserien JulekongenNRK.

Songar og kabaretartist

Artist

Men det er først og fremst som songar og kabaretartist Kråkevik har nådd ut til det store publikummet. Albuma Herborgs verden (1998) og Kråkeviks songbok (2000) inneheld tolkingar av klassiske songboksongar, som «Fola fola blakken», «Fager kveldssol» og «No livnar det i lundar». Sistnemnde selde i over 200 000 eksemplar og gav henne prisen som Årets Spellemann 2000.

Kråkevik har gitt ut ei rekkje album, både som soloartist og i samarbeid med andre.

Framsyningar

Seinare har ho mellom anna turnert med framsyninga Eg og Edith, med eiga tolking av Edith Piaf sine songar saman med Odd Nordstoga på trekkspel, utgitt som album i 2002. I 2005 sette ho opp revyframsyninga «Herborg & Hope» saman med Christine Hope og i 2011 sette ho opp kabareten «Kjære landsmenn» (2011) på Det Norske Teatret. Året etter hadde den litterære kabareten «Jeg trenger å slå med vingene – Skram vs. Kråkevik» premiere under Festspillene i Bergen.

Kunstnarisk spelar Kråkevik på eit breitt register. Dei elleville humorshowa hennar er fulle av parodiar og sprø innfall. Her dreg ho etter eiga utsegn vekslar på ein tradisjon på heimstaden med å etterape bygdeoriginalar. På den andre sida er dei musikalske framføringane hennar ofte djupt inderlege og intense. Musikkvalet hennar er lite prega av trendar, og ho har teke tak i og fornya delar av norsk kulturarv som har vore lite påakta dei seinare åra.

Juleroser

Sidan 2015 har Kråkevik vore redaktør for juleheftet Juleroser, eit litterært juleblad på nynorsk utgitt av Det Norske Samlaget i samarbeid med Egmont Kids Media Nordic AS. Juleroser er ein arv etter julebladet Juleroser som kom ut 1881–1941.

I 2020 gav ho ut Julesongboka, med tradisjonelle julesongar og med illustrasjonar frå det gamle Juleroser. Same året tok ho Juleroser til scena med turneen «Juleroser» og gav ut eit julealbum med same namn i samarbeid med Bergen Filharmoniske Orkester og andre artistar.

Prisar

  • Ole Vig-prisen i 1998
  • Spellemannprisen Årets spellemann i 2000, for Kråkeviks songbok
  • Komiprisen for årets beste sceneframsyning i 2012, for kabareten «Kjære landsmenn»
  • Komiprisen for årets nummer i 2012, for kabareten «Kjære landsmenn»
  • Storegutprisen i 2013

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg