Faktaboks

Hildegunn Dale
Fødd
12. november 1974
Hildegunn Dale - promobilde
Hildegunn Dale - promobilde
Av /Samlaget / Allkunne.

Hildegunn Dale er ein lyrikar, barnebokforfattar og forlagsmedarbeidar. Landskap, både rein natur og kulturlandskap, er viktige motivgrunnlag i diktinga hennar.

Bakgrunn

Hildegunn Dale opp i Modalen i Nordhordland. Utdanninga hennar omfattar eit semesterkurs i grafisk design ved Merkantilt Institutt i Oslo, eit årskurs i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, kunsthistorie og allmenn litteraturkunnskap ved Universitetet i Bergen, der ho òg har teke mastergraden i litteraturvitskap (2004) på ei avhandling om Virginia Woolfs kjende essay «A Room of One’s Own».

Diktsamlingar

Dale har gitt ut diktbøkene Solkant (2003), Elvedraumar (2004), Sea, say and see. Ei historie (2006) og Fjell-Øygarden (2008), og dessutan barneboka Skugge under Grønskarvet (2007). Frå 2004 til 2009 redigerte ho Det Norske Samlaget sin serie med omsett lyrikk.

Diktsamlingane liknar kvarandre på fleire vis. Dale tek utgangspunkt i natur og landskap, men òg menneskeskapte interiør og byggverk. Dikta er rike på visuelle og gjerne merkbart sanselege bilete. Rom og stad er meir framtredande enn det forteljande, også i mønster og samanhengar i og mellom tekstane. Det kan vekse seg saman og verte fyldig som i eit dikt i Solkant: «Eit tun er sett saman av hundre stadar / Kvar stad hender som glimt». Og så får vi glimt på glimt til vi har tunet, og glimta er ikkje berre frå dette tunet, men frå visingar av ulike stader elles i boka. I bolken «Det drøymde livet eksisterer» kjem fleire dikt om eit kjærleiksforhold der oppfatninga av den andre, du, står sentralt.

Draum og dikt

Drøymt liv kjenner vi att i tittelen på den neste boka, Elvedraumar. Vi møter knapt kjærasten att der, men ein eg-person er openbert nærverande i mange dikt, i eit landskap som er dominert av vatn og miljø kring vatn, med ein dal og ei elv og skodde og skiftande lys. Nokre fotografi med vatn er monterte inn, ikkje berre som natur, men nytta av menneske, som kaskadeanlegget i bergparken i Kassel eller eit gammalt kraftverk eller møllehus ved ei norsk elv. Det menneskelege er meir aktivisert i denne boka, også det diktande subjektet. Ein bolk innleier med eit sitat av den tyske lyrikaren Ingeborg Bachmann, også det frå eit vått og skoddefullt landskap. Og frå no av vert diktarspråket sitt møte med landskapet sentralt. Observasjonar av landskap og elvestraumar renn saman til «elvedraumar».

Eit vått landskap og ei liknande tilnærming til motiva møter vi òg i den siste av dei tre bøkene, med eit engelsk ordspel, Sea, say and see som treffande tittel.

Montasje

I den vesle boka Fjell-Øygarden (namn på kystområde vest for Bergen) får fotomontasjen for alvor plass, med landskap og miljø skildra i samverknad mellom ord og foto. Også barneboka Skugge under Grønskarvet handlar om å oppleve eit landskap. Her fører det til barnelge refleksjonar kring Guds eksistens.

Samla kan ein seie om Hildegunn Dale sin lyrikk og den andre skrivinga hennar at ho observerer landskap og omgivnader. Stundom legg ho berre dette til rette og gir lesaren høve til å sjå overførte meiningar. Andre gonger lèt ho menneskelege relasjonar og refleksjonar vekse meir direkte ut frå dei observerte motiva.

Utgivingar

  • Rapportar frå havet. Loggdikt (Lyrikk, Samlaget, 2019)
  • Ein halv dag (Lyrikk, Samlaget, 2015)
  • Armane mine handlingar (Lyrikk, Samlaget, 2011)
  • Fjell-Øygarden (Lyrikk, H press, 2008)
  • Skugge under Grønskarvet (Eventyr, Samlaget, 2007)
  • Sea, say and see (Lyrikk, Samlaget, 2006)
  • Elvedraumar (Lyrikk, Samlaget, 2004)
  • Solkant (Lyrikk, Samlaget, 2003)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hadle Oftedal Andersen: «Solid lyrikkdebutant», Dag og Tid 24.03.2003
  • Hildegunn Dale: «Mot», Syn og Segn nr. 4/2003
  • Hildegunn Dale: «Skygge under Grønnskarvet» (novelle), Vinduet nr. 1/1997
  • Hildegunn Dale: Vandring og skrift. Ei lesing av Virginia Woolf sitt essay A room of one’s own. Mastergradsoppgåve. Universitetet i Bergen 2003
  • Silje Stavrum Norevik: «En dikter i drøm og botanisk hage» (intervju), Bergens Tidende 08.05.2006
  • Kjetil Røed: «Hildegunn Dale», programhefte for Audiatur – festival for ny poesi, Bergen 2003
  • Helge Torvund: «Presis og lågmælt observatør», Dagbladet 05.05.2003
  • Ingunn Økland: «Akterutseilt poesi», Aftenposten 02.05.2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg