Faktaboks

John Steinbeck

John Ernst Steinbeck, Jr.

Uttale
stˈain-
Fødd
27. februar 1902, Salinas, California, USA
Død
20. desember 1968, New York City, USA
John Steinbeck

John Steinbeck

John Steinbeck
Av /Kunnskapsforlagets arkiv ※.
John Steinbeck

John Steinbeck vann Nobelprisen i litteratur i 1962.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

John Steinbeck var ein amerikansk forfattar som i ettertid først og fremst blir hugsa for romanen Vredens druer (The Grapes of Wrath) frå 1939. Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1962, noko som førte til sterk kritikk både i heimlandet USA og i Sverige. Forfattarskapen er svært ujamn og spenner frå heilt enkle underhaldningsromanar til breie episke skildringar med sterkt sosialt engasjement. Dei av bøkene som fekk suksess, som Om mus og menn, Om late menn og muntre piker og Vredens druer, er lagde til Steinbecks barndomsland i California og er skrivne med engasjement, affeksjon og talent.

Barndom og oppvekst

John Ernst Steinbeck blei fødd i Salinas i California, ein liten kveg- og fruktby som låg slik til at ein budde i byen og på landet. Stillehavskysten var ikkje langt unna, og ut til fiskerihamna i Monterey drog ein gjennom det forfattaren kalla «Den lange dalen» og «Himmelens gressganger», som er titlane på to av novellesamlingane hans. Landskapet og menneska i dette området blei heilt avgjerande for forfattarskapen, men byrjinga var vanskeleg.

Steinbeck var seks år ved Stanford University, men arbeidde heile tida også på gardane i området eller i industrien. Han forlét universitetet i 1925 utan å ha gjennomført noko samanhengande studium, men han hadde følgt nokre skrivekurs og vore ein sommar ved ein marinbiologisk stasjon. Det var her han tileigna seg ei forståing av at mennesket kan skildrast ut frå livsprosessar ein finn hos dei lågaste artane. Dette blei ei form for naturalisme som han er åleine om blant forfattarane, og som kan vera bakgrunnen for at mange kritiserte han for ikkje å kunna skapa menneskelege karakterar.

I mange års omflakkande tilvære med elendig økonomi var det ein ting Steinbeck var sikker på: at han ville skriva. Det gjorde han då også heile tida, utan vidare framgang før nærare 1930. Han budde ei stund i New York, men vende tilbake til California og skreiv utan å bli publisert, medan han levde av varierande fysisk arbeid, fekk pengestøtte frå faren og budde billigast mogleg. Han fekk trykt ei novelle i eit magasin i 1927 og debuterte med sjørøvarromanen Cup of Gold i 1929. Dette er ein rein underhaldningsroman utan merkbare litterære kvalitetar, og ved slutten av 1920-åra var det umogleg å seia kvar forfattarskapen kom til å gå, eller om det skulle bli noko meir av det. Men 1930-åra skulle verkeleg bli Steinbecks tiår, med alt det førte med seg også av plagsam merksemd når han blei ein offentleg person, men helst ville vera i fred og for seg sjølv.

1930-talet: Steinbecks tiår

Steinbeck gifta seg i 1930 med Carol Hennings, som han hadde møtt nokre år tidlegare. Dei flytta omkring i California og levde frå hand til munn, sjølv om Steinbeck no fekk gitt ut fleire bøker. Korkje The Pastures of Heaven (1932) eller To a God Unknown (1933) førte til noko gjennombrot. Ut frå kva det kosta av arbeid, og forfattaren si eiga forståing av kva som var viktig, var det ei stor overrasking då Tortilla Flat (1935) blei ein bestseljar og vann litterære prisar. Bøker som denne og Of Mice and Men (1937), til liks med seinare romanar som Cannery Row (1945) og Sweet Thursday (1954), byggjer i stor grad på hendingar og personlege opplevingar i Steinbecks eige barndomsland i California. Med overskot, humor og menneskeleg varme, ispedd ein dose sentimentalitet, skaper han i desse bøkene om «late menn og muntre piker» (som er den norske tittelen på Cannery Row) underhaldande og lettlesne bøker der hovudpersonane lever livet sitt litt halvskeivt og småfilosofisk og har få eller ingen tankar om noko anna enn det dei faktisk har.

Det er eit anna alvor og djupare problemstillingar i streikeromanen frå 1936, In Dubious Battle. Denne blei ikkje omsett til norsk før i 2002 og fekk då ein heilt misvisande tittel, Det edle sinnet, for her handlar det først og fremst om kollektivet av fruktplukkarar som må stå saman i konflikt og streik for betre betaling, men taper for dei sterke motkreftene. Kampen er uviss i den forstand at det er usikkert om han burde førast, og det er uvisst kva han fører til, også om nederlaget synest uunngåeleg. Romanen vekte stor debatt, men må sjåast på som ein føresetnad for Steinbecks hovudverk, The Grapes of Wrath (1939).

Om mus og menn

Kanskje er også romanen som etterfølgde streikeromanen, Om mus og menn (originaltittel Of Mice and Men), mogleg å forstå som ein føresetnad for hovudverket. For mange lesarar er dette favorittboka blant alt Steinbeck skreiv. Her møter me Lennie og George, to uforgløymelege karakterar, eigedomslause, fortapte menn. George er liten, men klok, og han tek vare på den psykisk utviklingshemma Lennie, som er utruleg sterk. Han er glad i alt mjukt og blautt, men kjempekreftene gjer at han tek livet av det han liker. Dei vandrar frå ein gard til neste og gir ikkje opp draumen om ein gong å eiga ein bit jord og ha kaninar.

Vredens druer

Hovudverket Vredens druer (originaltittel Grapes of wrath) frå 1939 er ein roman utan sidestykke i Steinbecks forfattarskap og ei av dei viktigaste bøkene i amerikansk litteratur på 1930-talet. Romanen er også gjord udøyeleg i John Fords filmatisering frå 1940 med Henry Fonda i hovudrolla. Bakgrunnen for boka var at Steinbeck skreiv reportasjar om migrantane som kom frå det tørkeramma Sør- og Midtvesten og var villeidde til å tru at det var arbeid å finna der. Reportasjeserien leier rett over i den litterære framstillinga av vanlagnaden (vanskjebnen) til «okiene» i det lova landet. Romanen er på ein og same gong realistisk og sosialkritisk og viser eit sterkt engasjement for dei svake. Ved å følgja ein enkelt familie på reisa vestover får me tett innsyn i oppofringane og lidingane, og det blir skapt sympati og medkjensle. Men romanen har også ein serie «mellomkapittel» som framstiller depresjonstida som ein nasjonal katastrofe der ikkje minst kapitalkreftene får mykje skuld. Romanen har også ei rekkje bibelske parallellar mot slutten.

Vredens druer vekte stor debatt, og Steinbeck blei skulda både for å vera marxist og kommunist – noko han aldri var. I periodar gjekk han i dekning for ikkje å bli arrestert. Steinbeck tok ut alt for å fullføra storverket, og etter 1930-talet ser kritikarar nedgang og forfall i forfattarskapen. Men han hadde skaffa seg eit namn og var etterspurd, og som alltid skreiv han på noko heile tida.

Krigsår og nedgangstider i forfattarskapen

Steinbeck blei skild frå si første kone i 1943 og gifta seg straks med 21 år gamle Gwendolyn Conger, kjend som Gwyn. Steinbeck arbeidde mykje med film, var ein periode stasjonert i England, og han var krigskorrespondent for The New York Herald Tribune. Ekteparet budde i New York, der Gwyn fødde sønene Thom i 1944 og John i 1946. Så kom det til brot, og Gwyn skulle koma til å forfølgja eksmannen gjennom hans tredje ekteskap, også gjennom rettsapparatet. Det blei nokre bøker i løpet av 1940-talet, mellom anna The Moon Is Down (1942), som handlar om motstandskamp mot nazismen i Noreg og blei påskjønt med Kong Haakons fridomsmedalje, som han fekk i Oslo i 1946. Me har nemnt Cannery Row, ved sida av ei rekkje ubetydelege bøker som publikum gjerne ville ha nå når forfattaren var berømt. Mot slutten av tiåret hadde han eit forhold til ei gift kvinne, Elaine Scott, som hadde ei dotter. Etter at ho blei skild, gifta dei seg mot slutten av 1950. Dei budde fint og stort i New York, der forfattaren prøvde å bli ferdig med eit nytt stort oppbygd verk.

Frå Øst for Eden til Nobelpris – den siste fasen av forfattarskapen

Boka Steinbeck streva med, var East of Eden, som kom ut i 1952. Det kan vurderast som eit nytt episk storverk, men er uansett mest kjent gjennom filmen som Elia Kazan regisserte med James Dean i hovudrolla (1955).

Øst for Eden er ein fleirgenerasjonsroman som først og fremst er ein ypparleg underhaldningsroman, sjølv om forfattaren nok har hatt større ambisjonar, noko bruken av forteljinga frå skapingssoga om Kain og Abel vitnar om. Menneska i denne romanen lever «øst for Eden» – det vil seia utanfor paradis. Der lever dei forviste og utstøytte, men dei har likevel høve til lykke og kjærleik, om livet skikkar seg slik. Romanen er eit amerikansk epos med store dimensjonar som gir seg ut for å byggja på gamle dokument, legender og historier, slik at forteljinga i og for seg kunne klart seg utan den bibelske symbolikken. Mange kritikarar slo fast at denne romanen var den endelege stadfestinga på at Steinbecks forfattarskap ikkje lenger var å rekna med.

Dei same kritikarane fekk ikkje mykje å gle seg over seinare heller. Steinbeck arbeidde gjennom heile 1950-talet med ei forteljing om Kong Arthur og riddarane av det runde bordet, men ho blei først gitt ut posthumt i 1976. Han kjempa seg gjennom arbeidet med The Winter of Our Discontent (1961), for å bevisa at han framleis var å rekna med. Denne blei møtt med negativ kritikk eller likegyldigheit. Kanskje skulle han aldri ha flytta til New York, kanskje skulle han ikkje ha lagt siste romanen til New England og Austkysten, når det var Salinas-dalen og «himmelens enger» som var miljøet hans.

Steinbeck bestemte seg så for å ta fri frå det meste, og med hunden Charley reiste han på tvers av USA og skreiv ei både avslørande og svært underhaldande reiseskildring i boka Travels With Charley (1962). Denne blei svært godt motteken.

I 1962 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur med grunngivinga «for his realistic and imaginative writings, combining as they do sympathetic humour and keen social perception».

Mange meinte at Steinbeck ikkje fortente Nobelprisen, noko forfattaren sjølv sa seg samd i. Han og Elaine drog til Stockholm og fekk prisen der. Med fleire slagtilfelle og etter kvart også ein øydelagd rygg reiste han mykje omkring, mellom anna som journalist til Vietnam. Han støtta krigen til amerikanarane der – til sterk kritikk frå tidlegare beundrarar. Kanskje betydde det noko at Steinbeck og kona var venner av president Lyndon B. Johnson og frue, sjølv om det ikkje var veldig nært. Reiseverksemda og sjukdomsplagene tok på, men elles sovna han fredeleg inn 20. desember 1968.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg