Faktaboks

Kari Stai
Fødd
14. august 1974, Inderøy, Trøndelag
Kari Stai

Kari Stai vann Brageprisen 2012 i klassa for barne- og ungdomsbøker med boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake.

Kari Stai
Av /NTB Scanpix.

Kari Stai er ein forfattar, illustratør og biletkunstnar med eit fargerikt, særmerkt og stilisert formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk og er mest kjend for barnebøkene om dei to gode vennane Jakob og Neikob, som seier høvesvis ja og nei.

Bakgrunn

I perioden 1993–95 studerte ho ved Oslo Tegne- og Maleskole, og i 1996–99 tok ho faglærarutdanning i kunst- og handverk og formgivingsfag ved Høgskulen i Telemark. I 2005 vart Stai uteksaminert med hovudfag i visuell kommunikasjon frå Kunsthøgskulen i Oslo.

Forfattarskap

Etter 2005 har Stai arbeidd som illustratør for mellom anna bøker og tidsskrift, men det var då ho debuterte som barnebokforfattar med biletboka Jakob og Neikob i 2008 at ho vart kjend for alvor. Stai fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur i 2008 for denne boka, som er omsett til fleire språk.

Jakob og Neikob vart òg svært populær som animasjon og app for smarttelefonar og nettbrett, og boka vart oppført på den internasjonale barnebokorganisasjonen IBBY si Honour List i 2010. Med oppfølgjaren, Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, vann Stai både Kritikarprisen og Brageprisen i 2012. Sidan er det kome ut fleire bøker i Jakob og Neikob-serien.

2010 kom biletboka Blodrik og Blodfabrikken, som vidareførte forfattaren si særeigne, leikne uttrykksform, med klare fargar, flater og linjer. I 2011 kom peikebokserien om Mopp og Mikko, i same stilen. Stai illustrerte òg Rune Belsvik sine bøker Tjuven og Forteljingar om Jolver i 2009.

Stai har halde utstillingar i Tegnerforbundet i Oslo i 2006, Nils Aas Kunstverksted i 2007 og Tallinn Illustrations Triennial i Estland i 2009.

Utgivingar

  • Er det sant at (Barnebok, Samlaget, 2023)
  • Jakob og Neikob og tidsmaskinen (Biletbok, Samlaget, 2022)
  • Passe happy (Barnebok, Samlaget, 2021)
  • Flaut (Barnebok, Cappelen Damm, 2020)
  • Pyse (Biletbok, Cappelen Damm, 2019)
  • Jakob og Neikob. Stormen (Biletbok, Samlaget, 2019)
  • Jakob og Neikob og Alle Andre (Biletbok, Samlaget, 2018)
  • Tankespinn (Biletbok, Samlaget, 2017)
  • Treet (Biletbok, Cappelen Damm, 2016)
  • Jakob og Neikob. Naboen (Biletbok, Samlaget, 2016)
  • Jakob og Neikob og det tomme rommet (Biletbok, Samlaget, 2014)
  • Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake (Biletbok, Samlaget, 2012)
  • Mopp og Mikko elskar mat (Biletbok, Samlaget, 2011)
  • Mopp og Mikko elskar ting (Biletbok, Samlaget, 2011)
  • Mopp og Mikko elskar kjøretøy (Biletbok, Samlaget, 2011)
  • Mopp og Mikko elskar dyr (Biletbok, Samlaget, 2011)
  • Blodrik og blodfabrikken (Biletbok, Samlaget, 2010)
  • Jakob og Neikob (Biletbok, Samlaget, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg