Kine Hellebust, ein norsk skodespelar, songar og forfattar. Multikunstnaren Hellebust starta karrieren i Tramteatret. Seinare har ho utmerkt seg med formidling og fortolking av nordnorsk kulturarv.
Kine Hellebust
Faktaboks
Anne Katrine Hellebust
- Fødd
- 15. desember 1954, Harstad, Troms og Finnmark
Bakgrunn
Kine Hellebust er fødd i Harstad. Etter å ha vore elev ved dramalinja på Sund folkehøgskule i 1975, fekk ho ei tid lese med Per Jansen og Pål Løkkeberg ved Hålogaland Teater. Ho tok sidan forfattarstudium ved Universitetet i Tromsø og to års opplæring ved Norsk Film og NRK Troms som ledd i eit attføringstiltak etter ei ulykke i 1989.
Skodespelar
Hellebust var engasjert ved Hålogaland Teater i 1976–1977 og 1984–1987. Frå 1978 til 1984 var Hellebust skodespelar og medeigar i Tramteatret i Oslo. Ho deltok i dei fire TV-seriane til teateret og fem av dei åtte skodespela i teatergruppa, og markerte seg særleg som den mislykka skurken Randi i fjernsynsseriane om Pelle Parafins Bøljeband. Hellebust var òg solist i seks plateinnspelingar saman med gruppa.
Ho arbeidde så ved Hålogaland Teater til 1987 og vart då frilansar. Ho har arbeidd med Festspillene i Nord-Norge og har vore skodespelar og manusforfattar i film- og fjernsynsproduksjonar.
Frå 1999 har ho drive verksemda Kultura i Malangen, og seinare verksemda Idémakeriet i Bodø.
Musikk
I 1970-åra var ho mellom initiativtakarane til Nordnorsk Viseforum og har sjølv, og i samarbeid med andre, laga fleire viser. Ho har òg komponert musikk. Hellebust har mellom anna gitt ut albuma Frå innsida (1984) og Mot yttersida (1987) saman med Anders Rogg frå Tramteatret, og dei gjekk til topps på Norsktoppen med songen «Det hainnle om å leve».
Hellebust var aktiv under Elias Blix-jubilea i 2001 og 2011, og har tonesett og gitt ut to CD-ar med Blix-salmar.
Forfattarskap
Hellebust debuterte med barneboka, Ho Anne og den forsvunne nøkkelen i 1998. Tett på Troms (2006) er ei kjærleikserklæring til Nord-Noreg, og ho har sidan gitt ut fleire sakprosabøker knytt til nordnorsk historie og kulturarv.
Ho har òg skrive fleire skodespel, blant anna Kjære Bambino, som vart oppført på Nordland Teater i 2009.
Ho har arbeidd med dramatisering av Torborg Nedreaas' roman Av måneskinn gror det ingenting og gjendikting av tekstar av Georges Moustaki, Afzelius og fleire.
Hellebust starta as Dameteater & søn i 1989 saman med Liv Aakvik og Anne Nyutstumo frå Tramteatret, og har skrive og delteke i ei rekkje underhaldningsprogram på TV.
Verv
Hellebust har hatt ulike verv og har vore medlem i Kringkastingsrådet (2001–2009) og i styringsgruppa for Verdikommisjonen (1999–2001), og ho er leiar av Nordnorsk Forfatterlag (frå 2011).
Kine Hellebust sat i styringsgruppa for Verdikommisjonen (1999–2001), i Kringkastingsrådet (2001–2009), og var nestleiar og styreleiar for Nordnorsk Forfatterlag i 2011–2015. Ho var medlem av Det litterære rådet i Norske barne- og ungdomsbokforfattarar 2015–2019, og har hatt styreverv mellom anna i Polaris Media, Bodø kunstforeining og Ryaforbindelsen.
Prisar
- Leif Justers ærespris 1982
- Blix-prisen 1999
- Gammleng-prisen i klassa viser 1999
- Petter Dass-medaljen 2014
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Karin Moe (red.): Kvinne og kunstnar. Oslo 1983
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.