Faktaboks

Innbyggjartal
6590 (SSB, 2023)
Landareal
3,9 km²
Tettstadsnummer
5245 Knarvik

Knarvik er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,9 km², og har 6590 innbyggjarar (2023).

Knarvik er administrasjonssenter i Alver kommune, og ligg på nordsida av Salhusfjorden, lengst sørvest på Lindåshalvøya. Knarvik tettstad omfattar òg den samanhengande, bymessige busetnaden nordvestover langs Kvernafjorden i Isdalstø og Alversund.

Knarvik er regionsenter for Nordhordland. Her ligg eit større forretnings- og servicesenter og mykje småindustri, likeins Knarvik Industri og Miljø AS, ei verna bedrift med eit breitt spekter av produkt og tenester. Knarvik er òg eit skulesenter med mellom anna vidaregåande skule.

Avisene Strilen og Nordhordland kjem ut i Knarvik.

Ferjesambandet over Salhusfjorden mellom Knarvik og Steinstø var fram til opninga av Nordhordlandsbrua på E39 mellom Hordvik i Bergen kommune og Flatøy i dåverande Meland kommune (1994) den travlaste ferjestrekninga i landet målt i talet på bilar transportert årleg.

Kart

Knarvik
Knarvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg