Faktaboks

Magne Skodvin
Fødd
13. desember 1915, Ullensvang
Død
26. januar 2004, Oslo
Verke
Historikar
Familie

Foreldre: Folkehøgskolestyrar Anders Skodvin (1884–1938) og Karen Marie Haaland (1884–1958).

Gift 27.2.1943 med lektor Eva Dessen Tobiesen (6.2.1917–), dotter til generalmajor, sivilforsvarssjef August Emil Dessen Tobiesen (1885–1962) og Ingjerd Dorothea Kiønig (1891–1960).

Magne Skodvin

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Magne Skodvin
Av /NTB Scanpix ※.

Magne Skodvin var ein norsk historikar. Han blei dr.philos. i 1956, og same år blei han professor i historie ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Frå 1961 til 1983 var han professor ved Universitetet i Oslo. Han konsentrerte dei vitskaplege studiane sine om norsk historie under andre verdskrigen og den norske innmeldinga i NATO.

Skodvin var formann i Det norske studentersamfund i 1947, medredaktør i Syn og Segn i åra 1951–1959 og formann i Noregs Mållag i perioden 1958–1960.

Han har blant anna gitt ut Striden om okkupasjonsstyret i Noreg (1956, doktoravhandling), Norden eller NATO (1971), Krig og okkupasjon 1939–1945 (1990), og var hovudredaktør for Noreg i krig (8 bind, 1984–1987). Festskriftet Samtid og historie (redigert av Ole Kristian Grimnes) blei gitt ut 1975.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg