Faktaboks

Merima Maja Brkic
Fødd
5. mai 1981, Sarajevo, Bosnia-Hercegovina

Merima Maja Brkic er ein nynorsk lyrikar fødd i Bosnia-Hercegovina. Ho debuterte i 1996 med ei sterk diktsamling om krig, oppvekst og fred.

Bakgrunn

Merima Maja Brkic er fødd i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina og voks opp i Kroatia. Krigen på Balkan på byrjinga av 1990-talet gjorde at familien flykta til Noreg i 1993, og etter opphald på fleire flyktningmottak kom dei til Årdalstangen i Sogn i 1994.

Brkic tok eksamen ved Årdal vidaregåande skule i 2000 og gjekk deretter eitt år på Heimly Folkehøgskole i Troms. Brkic avslutta ei doktorgrad i nevrologi ved Universitetet i Oxford i 2009.

Sidan 2009 har ho hatt fleire stillingar i England. Ho har vore politisk rådgivar for tidlegare statsminister David Cameron og har vore tilsett i ulike rådgivings- og forbrukarorganisasjonar, mellom anna Ofgem, Nacro og HM Revenue and Customs.

Forfattarskapen

Brkic har gitt ut to diktsamlingar bygde på erfaringar og opplevingar som barn og ungdom i krigsområde, Stans denne natta (1996) og Vekk meg (1999). I dei to bøkene skildrar ho eit krigsherja land og ein tapt barndom for dei som måtte flykte frå heimlandet.

Tekstane formidlar opplevingar av sakn og angst, men også med draumar og lengt mot ei framtid utan vondskap og konfliktar. Dikta er direkte i forma, med enkle metaforar, stundom med spørsmål som inviterer til vidare refleksjonar. Brkic fekk Sunnmørsprisen for desse to bøkene i 1999. I antologien Godnatt. Fortellinger fra vide verden (1999), redigert av Thorvald Steen, er Brkic representert med «Admir og stjernen».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg