Faktaboks

Nini Roll Anker
Nicoline Magdalene Roll Anker
Fødd
3. mai 1873, Molde
Død
20. mai 1942, Asker
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Sorenskriver, senere høyesterettsassessor og statsråd Ferdinand Nicolai Roll (1831–1921; se NBL1, bd. 11) og Sophie Nicoline Knudtzon (1845–1928).

Gift 1) 25.2.1892 med godseier Peter Martin Anker (1863–1939), sønn av godseier Nils Anker (1836–93) og Karen Kirstine Frederikke Grønn (1838–71), ekteskapet oppløst 1907; 2) 2.1.1910 med ingeniør og båtbygger Johan August Anker (1871–1940).

Portrett 1915/16
Av / Oslobilder.
Lisens: CC BY SA 3.0
Nini Roll Anker

Nini Roll Anker. Foto fra 1930-årene.

Av /NTB Scanpix ※.

Nini Roll Anker var ein norsk forfattar med ein omfattande skjønnlitterær produksjon som viser eit stort samfunnsengasjement. Det same engasjementet viste ho òg i avisdebattar og gjennom verv i Norsk forfatterforening der ho mellom anna arbeidde for betre stipendordningar. Ho var ein viktig støttespelar for mange forfattarar og kunstnarar, både kollegialt og økonomisk.

Mellom hennar hovudverk er Benedicte Stendal (1909), Det svake kjønn (1915), Stampe-trilogien (1923–1927), Den som henger i en tråd (1935) og Kvinnen og den svarte fuglen (1945).

I eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson skreiv Nini Roll Anker i 1906: «For mig er det 3 ting, 3 vældige ting, som gjør livet værdt at leve: kjærlighed, kunst og arbeiderspørgsmaalet». Dette ser ut til å vera sant for henne og hennar forfattarvirke livet ut.

Biografi

Nini Roll Anker var fødd inn i ein embetsmannsfamilie i Molde i 1873. Saman med familien flytta ho til Kristiania i 1888. I 1892 gifta ho seg med godseigar Peter Martin Anker. Ho vart ein del av overklassen i Fredrikshald (i dag Halden), men hennar sosiale og politiske engasjement synte seg allereie året etter då ho vart valt til formann i Tistedalen Pikeforening, ein organisasjon for arbeidarkvinnene i bruksbyen. Kvinnenes arbeidstilhøve og -miljø i vart mellom hovudtematikkane i forteljingane Lil-Anna og andre (1906), som var Nini Roll Ankers debut under eige namn. Forteljingane, som skulle inspirera forfattaren Ragnhild Jølsen til å skriva novellesamlinga Brukshistorier året etter, fortel om maktstrukturar, utnytting, dårlege butilhøve og arbeidets pris på sagbruk, veveri og spinneri.

Ektemannen, Peter M. Anker, hadde eigarinteresser i bruk som likna dei Roll Anker skildra. Dei vart skilt 1907. Roll Anker gifta seg med eksmannens fetter, ingeniør og båtbyggjar Johan August Anker i 1910. Dei levde saman på Vollen/Lillehaugen i Asker resten av livet. Roll Anker fekk aldri eigne born, og dette var ei sorg for henne, men ho hadde eit nært forhold til sine eigne søsken, og deira born. Systera Astrid, barndomsveninna Hanna Ræstad frå Molde og Sidsel Andresen, som hadde følgt Roll Anker heilt frå tida i Tistedalen, sat ved Nini Roll Ankers seng då ho døydde i 1942, knapt to år etter hennar store kjærleik, ektemannen Johan Anker.

I 1910 vart Nini Roll Anker nestformann i Den Norske Forfatterforening. Ho hadde sentrale verv i fleire periodar fram til 1940, og jobba særleg med å betra norske forfattarars økonomiske kår og tok initiativ til ulike stipendordningar. Også privat var ho ei viktig kraft for norske kunstnarar og forfattarar i økonomiske, så vel som personlege, kriser. Forfattarkollega og kritikar Sigurd Hoel skriv: «Hennes samlede verker burde ha en rekke tilleggsbind, bøker der det sto på omslaget: Disse bøkene er blitt til, takket være hjelp i råd og dåd av Nini Roll Anker».

I to periodar skreiv Roll Anker under pseudonym. Ho debuterte med I blinde i 1890 under pseudonymet Jo Nein. Vel etablert som forfattar gav ho i perioden mellom 1927 og 1930 ut tre romanar, Liv, livet og jeg, Vi skriver en roman og To ungdomsår, under pseudonymet Kåre P. Mange prøvde å finna fram til forfattaren som ein var overtydd om at var ein ung, lovande og mannleg skribent. For Nini Roll Anker vart pseudonym ein måte å sleppa unna lesaranes og kritikaranes forventningar og fordommar til hennar kjønn og klassebakgrunn.

Realistiske miljøskildringar

Portrett
Forfattaren til sjøs.
Portrett
SCANPIX/NTB arkivfoto.

Saman med forfattarar som Sigrid Undset, Kristofer Uppdal og Olav Duun vert Nini Roll Ankers forfattarskap knytt til den litteraturhistoriske perioden som i norsk samanheng gjerne vert kalla nyrealisme, som er ein sentral tendens på fyrste halvdel av 1900-talet. Litteraturen er kjenneteikna av å vera både verkelegheitsnær og samfunnsengasjert. Til dømes vert arbeidarklassen no skildra i skjønnlitteraturen, slik Roll Anker gjer når ho gir plass til både bruksby- og husmannsmiljøet i Lil-Anna og andre (1906).

Realistiske miljøskildringar vert ofte utgangspunkt og bakgrunn for ei drøfting av etiske spørsmål. Karakteren Tøger, i forteljinga «En af de gode – », syner at konflikten mellom modernitet og tradisjon kan føra individet inn i identitetskrise. Tøgers ukritiske lojalitet til bruket kan synast sterkare enn til familien, og som ein konsekvens av dette er hans tredje barn i ferd med å døy i deira trekkfulle og mørke brakke.

Gjennom romanar, noveller og skodespel viser Roll Anker ei utprega interesse for einskildmenneske sin rett og høve til tanke- og handlefridom når ein er underlagt politiske og sosiale maktstrukturar i ulike samfunnsklassar, arbeidsfellesskap, i familierelasjonar og i religiøse kollektiv.

Samfunnsengasjert

Nini Roll Ankers samfunnsengasjement viser seg både i hennar rolle i organisasjons- og lokalliv og i tematikkane ho aktualiserer i avisinnlegg og skjønnlitteratur. Eit tydeleg eksempel er hennar diskusjon av pasifisme i Kvinna og den svarte fuglen (1945). Konsekvensar av krig er også på agendaen i skodespelet Kirken (1920/1921). Stykket er, som mykje av Roll Ankers litteratur, også klart religionskritisk. Religionskritikken i forfattarskapet knyter seg ofte til dobbelmoral og maktutøving, slik ein ser det i romanen Det svake kjønn (1915/1924).

Nini Roll Ankers interesse for klassespørsmål er sterkt, ikkje berre skriv ho arbeidarlitteratur som synleggjer korleis det kapitalistiske samfunnets makt- og undertrykkingsmekanismar råkar arbeidarklassen, som Lil-Anna og andre (1906) og Den som henger i en tråd (1935). Roll Anker utforskar også for kva grenser ein kan oppleva at livet i borgarskap og embetsstand set for ein, slik Fru Castrups datter (1918) og den såkalla «Stampe-trilogien», som består av Huset i Søgaten (1923), I amtmannsgaarden (1925) og Under skraataket (1927), er gode døme på. Aktualiseringa av klasseproblematikk, arbeidar- og kvinnesak opnar alltid for spørsmål som knyter seg til den einskildes juridiske rettar, familierelasjonar, seksualitet og kjærleik i Roll Ankers tekstar.

Forfattarskapets openbare og gjennomgåande interesse for underordna og undertrykte individs og gruppers vilkår er nok også grunnen til at Roll Ankers forfattarskap særleg vart løfta fram att av litteraturforskarar på 1970-talet.

Det svake kjønn

Romanen Det svake kjøn (1915) har ein klar religionskritisk brodd, og vert av mange rekna som Roll Ankers hovudverk. Konflikten mellom modernitet og tradisjon viser seg i hovudpersonen Veronica Maimanns val av ektemann. Ho gifter seg med den konservative og fanatiske presten Augustin Vargen, etter at ho i ungdomen var trulova med ein radikal medisinstudent. Veronica opplever å verta både åndeleg, emosjonelt og sanseleg forført av Vargen og hans autoritet. Ho forvekslar erotisk drift og lyst med kjærleik. Fordi Veronica er sårbar, då ho trur ho vert svike av ungdomskjærasten og ho mister mora, maktar ho ikkje gjennomskoda den makta presten har over henne.

Tre gonger føder Veronica dødfødte born. Vargen lurer henne til å delta i ein gamal tradisjon, «mødres introduksjon», ei reinsingsøving barselskvinner måtte gjennom før dei kunne delta på ordinære gudstenester. Veronica set seg i mot dette fordi ho opplever det som ei forakt for kvinners seksualitet. Seinare døyr ho i si tredje barselsseng, med både ungdomskjærasten og presten ved si side, utan at nokon av mennene kan redda henne. Ho har då, for seint, gjennomskoda Vargens manglande anerkjenning av og kjærleik til henne.

Romanen, som kom ut i forkorta utgåve i 1924, er ei kompleks framstilling av Veronica og hennar val og valmogelegheiter, og viser korleis ho inngår i ulike fellesskap som avgrensar inn tenke- og handlefridomen hennar.

Den som henger i en tråd

Kvinners situasjon, sosiale normer og juridiske rettar står også sentralt i arbeidarromanen Den som henger i en tråd frå 1935. Romanen fortel om uorganiserte arbeidarkvinners vilkår på ein konfeksjonsfabrikk i ein norsk småby. Romanen kan seiast å vera typisk for Roll Ankers forfattarskap, og viser seg maktkritisk i måten den tek opp kvinne- og arbeidarsak.

Indirekte spør romanen kvifor ei arbeidarkvinne opplever det som tvingande nødvendig å avslutta sitt utanomekteskapelege svangerskap. Romanen synleggjer også konsekvensane av at abort var ulovleg og straffbart i samtida. Den som henger i en tråd viser at det er ein nær samanheng mellom klassetilhøyrsle og måten kvinners seksualitet vert vurdert og erfart.

Hovudpersonen, den flinke arbeidaren Karen Anna, hever seg over dei andre fabrikkarbeidarane fordi ho trur ho har slektsgreiner tilbake til Olav den Heilage. Når sjølvbedraget, som har blitt reprodusert av mora, vert avslørt for henne, identifiserer Karen Anna seg straks med kollegaane på fabrikken. Ho går i front for at dei bør organisera seg og krevja betre lønns- og arbeidstilhøve, og ho tek til orde for streik. Arbeidaragitatoren Randem sin tale har same effekt på Karen Anna, som predikanten har på kyrkjelyden, dei vert entusiastiske og oppslukt. Slik minner romanen om at det er viktig at individet vernar om si eiga evne til å tenkja kritisk, uansett kva fellesskap ein er ein del av. I romanens avsluttande scene trer Karen Anna ut av fellesskapet når ho forlèt fabrikken saman med berre ei anna fabrikkveninne, ingen andre vågar å streika.

Romanen viser både at kvinnene på fabrikken vil vera sterkare om dei står saman, men synleggjer også at arbeidarfellesskapet kan vera utfordrande for den einskilde.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Bibliografi

  • I blinde, 1898. Under pseudonym: Jo Nein. Roman
  • Lil-Anna og andre, 1906. Novellesamling /forteljingar
  • Benedicte Stendal, 1909. (kom i revidert versjon i 1926). Roman
  • Per Haukeberg, 1910. Roman
  • De vaabenløse, 1912. Novellesamling
  • Det svake kjønn, 1915 (kom ut i omarbeida og forkorta utgåve i 1924). Roman
  • Fru Castrups datter. 1918. Roman
  • Kirken, 1921. Skodespel
  • Komedien, 1923. Skodespel
  • Huset i Søgaten, 1923. Roman
  • Kvindesind, 1924. Novellesamling
  • Piken, 1925. Skodespel
  • I Amtmandsgaarden, 1925. Roman
  • Under skraataket, 1927. Roman
  • Liv, livet og jeg, 1927. Under pseudonym: Kåre P. Roman
  • Prisoppgaven, 1928. Roman
  • Vi skriver en roman, 1930. Under pseudonym: Kåre P. Roman
  • To ungdomsår, 1930. Under pseudonym: Kåre P. Roman
  • Enken, 1932. Roman
  • Elling Torsens hjem, 1934. Roman
  • På ærens mark, 1934. Skodespel
  • Den som henger i en tråd, 1935. Roman
  • På egen grunn, 1936. Roman
  • Små avsløringer, 1937. Novellesamling
  • Bak Munkeruds fasade, 1938. Roman
  • Kvinnen og den svarte fuglen, 1945. Roman (gitt ut posthumt)
  • Min venn Sigrid Undset, 1946. Portrettbok/erindringsbok (gitt ut posthumt)

Litteratur

  • Björkman, Ingrid: Nini Roll Ankers Stampetrilogi, 1980
  • Engelstad, Irene m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 2, 1989
  • Iversen, Irene: “En mistenkelig realist. Nini Roll Anker” i Engelstad m.fl.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 2, 1989, 153-161
  • Kielland, Eugenia: Fem essays om moderne norsk litteratur, 1929, 159–88
  • Kielland, Eugenia: Nini Roll Anker i liv og arbeid, 1948
  • Kjølholdt-Guttormsen, Egil: Nini Roll Anker i Fredrikshald 1892–1907, 1996
  • Knudsen, Marianne Koch: "'Utilfredse skal vi være for å kunne kjempe'" i Bonnevie, Mai
  • Bente m.fl.: Et annet språk, 1977, 116–35
  • Lorenz, Astrid: “Nini Roll Anker og arbeiderkvinnene i novellesamlingen Lil-Anna og andre” i Andersen, Bjørnhovde et.al. Arbeiderklassekvinner i litteraturen. 1982, 70-85
  • Lorenz, Astrid og Rønning, Anne Birgitte: ”Patriarkatskritisk og livstro. Om Nini Roll Anker” i Jensen (red.) Nordisk kvindelitteraturhistorie 3. Vide verden 1900-1960. 1996, 212-217
  • Mathisen, Ingrid Nestås: ”’Men bruget var hans alt’ Identifikasjon og kropp i Nini Roll Ankers bruksbyforteljingar Lil-Anna og andre” i Diesen, Karlsen, Stengrundet (red): Stempelslag. Lesninger i nordisk politisk litteratur. 2016, 93-114
  • Vigeland, Gerd Synnøve: ”Sjølrealiseing eller klassesolidaritet?” i Gjernes, Svensen og Terjesen. Red. Hvem eier drømmen din? 1983, 55-72
  • Wahlgren, Barbro: Att tjäna livet. En studie I Nini Roll Ankers romancer. 1975
  • Ørjasæter, Tordis & Jo Ørjasæter: Nini Roll Anker : en kvinne i tiden, 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg