Faktaboks

Norconsult
Offisielt namn
NORCONSULT ASA
Organisasjonstype
Allmennaksjeselskap
Forretningsadresse
Sandvika
Dagleg leiar
Egil Olav Hogna
Styreleiar
Nils Morten Huseby

Norconsult ASA er eit norsk rådgivande ingeniørselskap og er eit av landets største på området. Selskapet tilbyr tverrfaglege tenester innan områda bygg/eigedom, industri, samferdsel, energi, olje/gass, IKT med meir.

Hovudkontoret ligg i Sandvika i Bærum. Selskapet har verksemd ved over 140 kontor, fordelt i Norden, Polen, Mosambik, Malaysia, Filippinene og Indonesia med rundt 6300 tilsette. Omsetninga var på cirka 7,5 milliardar kroner i 2022. Selskapet vart 10. november 2023 notertOslo Børs.

Historikk

Norconsult har røtene sine i selskapa Ingeniør A. B. Berdal (grunnlagt i 1929), Sivilingeniør Elliot Strømme (grunnlagt i 1939) og Interessentskapet Norconsultants (grunnlagt i 1954). Dei to første selskapa blei i 1989 samanslutta til Berdal Strømme AS. Norconsultants var eigd av større norske konsulentfirma som ein arena for dei internasjonale engasjementa deira og blei i 1964 omdanna til aksjeselskapet Norconsult.

Dette blei i 1987 overteke av Norwegian Petroleum Consultants (NPC) og fekk namnet Norconsult International. I 1992 blei Berdal Strømme majoritetseigar i Norconsult International, og Berdal Strømme AS skifta i 1998 namn til Norconsult AS. Selskapet vart notert på Oslo Børs 10. november 2023 og endra med det namn til Norconsult ASA.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Norconsult
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
71.121 Byggeteknisk konsulentvirksomhet

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg