Faktaboks

Administrasjonssenter
Rødberg
Fylke
Buskerud
Innbyggjartal
2 455 (2022)
Landareal
2 266 km²
Høgaste fjell
Borgsjåbrotet (1485 moh.)
Målform
nøytral
Kommunenummer
3338 (frå 2024, tidl. 3052 og 0633)

Kommunevåpen

Kart: Nore og Uvdal kommune i Buskerud
Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke.
Kart: Nore og Uvdal kommune i Buskerud
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nore og Uvdal er ein kommune i Buskerud fylke, øvst i Numedal. Den austre delen av kommunen, det tidlegare Nore, ligg omkring øvre delen av Numedal med dei store sjøane Pålsbufjorden og Tunhovdfjorden. Ved Rødberg deler hovuddalføret seg. Herfrå fører Uvdal vestover, opp mot Hardangervidda.

Kommunen, som strekkjer seg innover Hardangervidda til fylkesgrensa mot Vestland i vest og Telemark fylke i sør, er klart størst i fylket målt etter areal.

Nore og Uvdal utgjorde den nordre delen av Rollag kommune, slik han vart avgrensa då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå Rollag vart Nore og Uvdal skilt ut som eigen kommune i 1858, og denne kommunen vart i 1901 delt i dei to kommunane Nore og Uvdal. Frå Uvdal vart størstedelen av Dagali sokn i 1944 overført til Hol kommune. Etter dette utgjorde Nore 737 kvadratkilometer (km²) med 2253 innbyggarar og Uvdal 1768 km² med 1318 innbyggarar. Dei to kommunane vart i 1962 slått saman igjen til Nore og Uvdal kommune.

Nore og Uvdal grensar til Hol og Ål i nord, Nesbyen og Flå i nordaust, Sigdal i aust, Rollag i søraust, Tinn og Vinje i Telemark fylke i sør og Eidfjord i Vestland fylke i vest.

Natur

Rauhelleren
Rauhelleren på Hardangervidda
Rauhelleren

Hovuddalføret i Numedal er trongt, i Uvdal og ved dei store innsjøane i nord er dalen vidare og landskapet opnare. Ved Fønnebøfjorden er den store elvesletta til Uvdalselva på eit par tusen dekar nytta til jordbruksland.

Berggrunnen består hovudsakleg av grunnfjell (gneis og granitt som høyrer til Telemarkformasjonen). Ei stripe hard kvartsitt, som går nord–sør på vestsida av Norefjorden og på austsida av Tunhovdfjorden, har gitt sterkt fall i Numedalslågen og Uvdalselva høvesvis nord og vest for Rødberg. Denne kvartsitten har forårsaka eit trongt hovuddalføre langs Norefjorden. Heilt i vest på Hardangervidda ligg mindre førekomstar av omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt) over grunnfjellet. Lausmassane er hovudsakleg botnmorene og elveavsetningar.

Av arealet ligg 78 prosent meir enn 900 meter over havet (moh.), og det høgaste fjellet er Borgsjåbrotet (1485 moh.) på grensa til Tinn. I dei vestlege delane av kommunen ligg ein del av Hardangervidda nasjonalpark. I grenseområdet mot Sigdal og Rollag ligg det omtrent 147 km² store naturreservatet Trillemarka-Rollagsfjell, som er Noregs største skogreservat.

Klima

Den kaldaste månaden er januar med ein normal på −4,1 °C, og den varmaste er juli med ein normal på 15,9 °C. Mest nedbør er det i august med ein normal på 94,6 millimeter, og minst er det i februar med 30,6 millimeter. Målingane er gjennomførte ved Veggli II målestasjon som er den næraste målestasjonen til kommunen.

Busetjing

Langedrag
Langedrag
Langedrag
Nore og Uvdal

Nore og Uvdal. Gardsbruk med eldre bygningar i Kravik ved Numedalslågen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Hvammen gard i Nore. I bakgrunnen ligg Norefjorden.

Det meste av busetjinga er konsentrert til hovuddalføret og Uvdal, særleg på strekninga mellom Nore og Uvdal kyrkje. Høgtliggande grender er Tunhovd (750–900 moh.) på nordsida av Tunhovdfjorden og øvre del av Uvdal der gardsbusetnaden går opp til rundt 770 moh. Av innbyggarane i kommunen bur 62 prosent i Nore og 38 prosent i Uvdal (2016).

Den einaste tettstaden i Nore og Uvdal er administrasjonssenteret Rødberg, som i 2016 hadde 502 innbyggjarar. Prosentdelen som er busett i tettstader i kommunen var dette året 20 prosent, mot 81 prosent i Buskerud samla sett.

Med unntak av 1970-talet og første del av 1980-talet var folketalet i Nore og Uvdal stort sett i tilbakegang frå slutten av andre verdskrigen til omkring 2010. Sidan har folketalet vore relativt stabilt; dette gjeld også tiårsperioden 2007–2017. Dei tre numedalskommunane samla hadde til samanlikning ein årleg vekst på gjennomsnittleg 0,3 prosent, og fylket samla sett voks med 1,2 prosent årleg i denne perioden.

Kart over Nore og Uvdal kommune
Kart over Nore og Uvdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Nore I
Nore og Uvdal er en stor kraftkommune. Nore I ved Rødberg kom i drift i 1928, og var en periode Norges største kraftverk.
Av /Statkraft.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Det er 1338 sysselsatte i kommunen (2020). Av desse var vel sju prosent sysselsatt i primærnæringane. I sekundærnæringane arbeidde vel 34 prosent. Den viktigaste industribransjen er verkstadindustrien og den største bedrifta er Uvdal Maskinfabrikk AS. Andre viktige bransjar er trevare-/møbel- og næringsmiddelindustri

Tertiærnæringane i Nore og Uvdal hadde om lag 59 prosent av dei sysselsatte (2020). Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er bygge- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning den viktigaste næringa i kommunen etter sysselsetjing. Næringa varehandel, overnatting og serveringsverksemd var og viktig.

Gardane er for ein stor del små og brattlendte, og driftsforma er hovudsakleg husdyrhald (storfe, sau). Nore og Uvdal har etter Ål og Hol størst sauetal blant kommunane i Buskerud fylke (2016). Det vart i 2020 avverka 41 800 m³ tømmer. I fjellet blir det drive mykje jakt og fiske.

Kommunen har stor turisttrafikk både sommar og vinter. Det er alpinanlegg i Uvdal og eit godt utbygd løypenett om vinteren og fotrutenett om sommaren, først og fremst i områda opp mot dei austre delane av Hardangervidda. Kommunen har fleire hotell, pensjonat og turisthytter. Blant dei mest kjende er Torsetlia Fjellstue, Imingfjell turistheim, Mårbu turisthytte, Solheimstulen turisthytte, Rauhelleren turisthytte, Heinseter og Sevletunet. Det er også fleire felt med private hytter og leilegheitsanlegg i fjellet og i skogsområda.

Rødberg er i tillegg til å vera administrasjonssenter i kommunen eit viktig handels- og servicesenter for nordre del av Numedal.

Nore og Uvdal er ein stor kraftkommune, med i alt ni kraftverk som per 2015 hadde ein samla gjennomsnittleg årsproduksjon på 1404 gigawattimar (GWh), den største årsproduksjonen blant kommunane i tidlegare Buskerud. Dei største kraftverka er (produksjon og byggjeår): Nore I kraftverk (759 GWh; 1928), Uvdal I kraftverk (239; 1967), Nore II kraftverk (204 GWh; 1946) og Uvdal II kraftverk (153 GWh; 1967).

Blant yrkesaktive som er busette i Nore og Uvdal, hadde 264 personar arbeid utanfor kommunen i 2021. Inn til kommunen pendla det 247 personar.

Samferdsle

Persontrafikken på Numedalsbanen (Kongsberg–Rødberg) vart innstilt i 1989. Godstrafikken vart opna opp i 2013 på strekninga Kongsberg–Flesberg.

Fylkesveg 40 (Larvik–Kongsberg–Geilo) går på austsida av Norefjorden og opp Uvdal, og vidare over Dagalifjellet. Det går vegar frå fylkesveg 40 i Rødberg til Skurdalen via Tunhovd (fylkesveg 2806), og frå Tunhovd via Rukkedalen til Nesbyen (fylkesveg 2910). Fylkesveg 2814 går frå Bjørkeflåta i Uvdal over Imingfjell og forbi Sønstevatn til Tessungdalen i Tinn kommune i Telemark fylke.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Det er ein fylkeskommunal vidaregåande skule i kommunen, Numedal vidaregåande skule i Norefjord.

Nore og Uvdal høyrer til Sør-Aust politidistrikt, Buskerud tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Nore og Uvdal kommune svarer til dei tre sokna Nore, Tunhovd og Uvdal i Kongsberg prosti (Tunsberg bispedømme) i Den norske kyrkja.

Kommunen er med i regionrådet Kongsbergregionen saman med Flesberg, Hjartdal, Kongsberg, Notodden, Rollag, Sigdal og Tinn.

Historikk og kultur

Uvdal stavkyrkje
Uvdal stavkyrkje
Uvdal stavkyrkje

Fleire av turistrutene innover Hardangervidda følgjer gamle ferdselsvegar, mellom anna Nordmannsslepa. Rett nord for Tunhovdfjorden ligg Langedrag Naturpark med om lag 300 dyr fordelt på rundt 20 artar.

Av kulturminne må særleg Nore stavkyrkje og Uvdal stavkyrkje nemnast. Kommunen er også kjend for dei mange gamle gardane sine, fleire av dei med bygningar frå mellomalderen, og han marknadsfører seg gjerne som ein del av «Middelalderdalen» som strekk seg gjennom Numedal og Uvdal. Mellom-Kravik i Nore har truleg Noregs eldste hus som der framleis bur folk i, ein freda hovudbygning med ein mellomalderdel og ein svært sjeldan portal. Nore og Uvdal bygdetun har 17 historiske bygningar og ligg ved Uvdal stavkyrkje. Sevletunet i nordenden av Norefjorden er også ein av dei eldste gardane i dalen, og tek imot overnattingsgjester.

Ved Sjugurdstjønn ved Sønstevatn vart det i 1999 gjorde funn av ti pilspissar og to gravplassar frå vikingtida og ein buplass frå steinalderen, cirka 5000–2000 fvt.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (vedteke i 1982) er skrådelt frå nede til venstre og opp mot høgre. Det første feltet har eit grønt stabbur mot ein gullfarga bakgrunn, det andre feltet har eit vasshjul i gull mot ein grøn bakgrunn. Motiva speglar jord- og skogbruk.

Namnet Nore er opphavleg eit gardsnamn, men blir i dag berre brukt som bygdenamn. Namnet er fleirtal av norrønt nór, ‘trongt sund’ og siktar til at Norefjorden smalnar inn ved Nore. Uvdal, før Opdal, er av norrønt Uppdalr, ‘dalen som ligg høgt’. Det er rundt 160 meter høgdeforskjell mellom Fønnebøfjorden i nedre del av Uvdal og munningen av Uvdalselva i Numedalslågen nedanfor Rødberg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Loftsgard, Torstein K.: Gards- og ættesoge for Nore, 1973, seks bind
  • Solhjell, Kåre Olav: Bygdehistorie for Nore og Uvdal, 1992–2006, fire bind
  • Sønsterud, Kåre: Gards- og ættesoge for Uvdal, 1997–2001, seks bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg