Faktaboks

Ragnhild Hilt
Fødd
20. september 1945, Oslo
Død
25. juni 2014

Ragnhild Hilt var ein norsk skodespelar, som heile karrieren sin var tilsett på Det Norske Teatret (1971–2014).

Teaterarbeid

Ragnhild Hilt var utdanna ved Statens teaterhøgskule, og debuterte i hovudrolla som Anne Boleyn i Dronning i tusen dagar av Maxwell Anderson i 1971. Seinare spelte ho blant mykje anna Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun, tittelrolla i Antigone av Jean Anouilh og tittelrolla i Madame de Sade av Yukio Mishima (1989), Syster Ratched i Gaukreiret av Ken Kesey (1992), Hege i Tarjei Vesaas' Fuglane (1997), 3 i Jonas Hassen Khemiris Vi som er hundre (2012) og mora i Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre av Lukas Bärfuss (2012).

Ho hadde ei rekkje roller i Det Norske Teatret sine ulike Beckett-program, Seks Beckett (1975), Beckett 70 år (1976), Beckett 75 (1981), Katastrofe/Av og til Havel (1984) og Pust og fem (2000). Av Henrik Ibsen spelte ho Gunhild Borkman i John Gabriel Borkman (2000), og i Vakkert (2001) og i Rambuku (2006) av Jon Fosse spelte ho høvesvis Mora og Ho.

Soloframsyninga basert på Torborg Nedreaas' Av måneskinn gror det ingenting, som ho sjølv dramatiserte og der ho sjølv spelte den einaste rolla, var ei signaturoppsetjing for henne. Ho spelte den namnlause kvinna i 1982, i 1996 og igjen som avskjedsframsyning ved avgangen sin frå Det Norske Teatret våren 2014.

Filmroller

Hilt hadde fleire filmroller og roller for Fjernsynsteatret, mellom anna i Oddvar Bull Tuhus og Per Bloms Rødblått paradis (1971), og i Sverre Udnæs' Unnskyld hvis jeg forstyrrer (1975, manus av Gunnar Bull Gundersen). Ho spelte i Kimen (1974), som var regissert av Erik Solbakken etter ein roman av Tarjei Vesaas, og i Rallarblod (1978), av same regissør etter Kristofer Uppdal sin roman Dansen gjennom skuggeheimen.

Ho vart nominert til Amandaprisen i klassen for beste kvinnelege skodespelar for rolla som omsetjaren Grete Maigret i Dag Johan Haugeruds Som du ser meg i 2013.

Ragnhild Hilt var dotter av bilethoggaren Odd Hilt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Ragnhild Hilt
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003720700

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg