Faktaboks

Rasmus Breistein
Fødd
16. november 1890, Åsane (nå Bergen), Hordaland
Død
16. oktober 1976, Hollywood (California), USA
Verke
Filmregissør
Familie

Foreldre: Garver og gårdbruker Nils Hansen Breistein (1853–1939) og Anna Rasmusdatter Tuft (1854–1940).

Gift 1934 med Bergljot Lund (1.10.1900–28.1.1958), datter av kunstsmed Thorvald Wilhelm Lund (1874–1957) og Dagny Marie Eriksen.

Rasmus Breistein var ein norsk filmprodusent og regissør. Han var skodespelar på Det Norske Teatret frå starten i 1913, og med hjelp frå kollegaer derfrå stod han for eit nasjonalt gjennombrot i norsk film med mellom anna folkelivsskildringane Fante-Anne (1920) og Jomfru Trofast (1921).

Breistein meistra også overgangen til lydfilm, og fekk stor suksess med Ungen (1938) etter Oskar Braatens skodespel, og Trysil-Knut (1942) med Alfred Maurstad i tittelrolla. Breistein laga også dokumentarfilmane Jorda rundt på to timer (1948), Tirich Mir til topps (1953) og Mexico, solgudens land (1957).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Braaten, Lars Thomas m.fl., red.: Filmen i Norge : norske kinofilmer gjennom 100 år, 1995
  • Diesen, J.A., red.: På optagelse i friluft : filmregissøren Rasmus Breisteins filmliv, 2000
  • Myrstad, Anne Marit: "Fante-Anne: det nasjonale gjennombrudd i norsk film" i Iversen, G. & O. Solum, red.: Nærbilder : artikler om norsk filmhistorie, 1997, 26-44
  • Myrstad, Anne Marit: Melodrama, kjønn og nasjon : en studie av norske bygdefilmer 1920-1930, 1997

Faktaboks

Rasmus Breistein
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002437472

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg