Faktaboks

Rebecca Kjelland
Fødd
14. november 1983
Rebecca Kjelland
Av /Oktober forlag.

Rebecca Kjelland er ein norsk lyrikar som debuterte i 2007 med Akkorda under fluktlinja, som seinare har gitt ut tre andre dikstamlingar, og var med på Morgenbladet og Norsk litteraturfestival si liste over dei ti beste norske forfattarane under 35 år.

Kjelland har bakgrunn frå mellom anna forfattarutdanninga i Bø, og vekte oppsikt med sin uvanlege formsterke og formmedvetne debutsamling. Både desse dikta og dikta i andreboka var skrive på dialekta hennar – romerikedialekt. Det var etter tredjeboka Ute av skog (2013) at ho vart kåra til ein av dei beste unge forfattarane i landet. Juryen meinte at ho skriv dikt "der desperasjonen og drivet går opp i en høyere, folkelig form". Fjerdeboka blir av fleire meldarar skildra som med ein annan temperatur eller tone. "Mer stramt og konvensjonelt uttrykk," skreiv Morgenbladets meldar. Men framleis med eit "slående bilde, en frisk setning eller en komisk kontradiksjon," skriv Aftenpostens meldar.

Utgivelser

  • Gull i grusen (Dikt, Oktober, 2018)
  • Ute av skog (Dikt, Oktober, 2013)
  • Leve gammaldansen! (Dikt, Oktober, 2011)
  • Akkorda under fluktlinja (Dikt, Oktober, 2007)

Eksterne lenker

Litteratur

  • Heiberg, Katrine: "Markant temperaturfall" Morgenbladet 19/1-2018
  • Økland, Ingunn: "Overlater til leseren å ta et krafttak" Aftenposten 14/1-2018

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg