Faktaboks

Administrasjonssenter
Ringebu
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
4 385 (2022)
Landareal
1 221 km²
Høgaste fjell
Muen (1424 moh.)
Innbyggjarnamn
ringbygging
Målform
nøytral
Kommunenummer
3439 (frå 01.01.2020, tidlegare 0520)

Kommunevåpen

Ringebu stavkyrkje
Ringebu stavkyrkje i Gudbrandsdalen skal stamme frå 1100-talet.
Fåvang
Utsikt over dalen ved Fåvang.

Ringebu er ein kommune i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Kommunen ligg 40 til 65 kilometer nord for Lillehammer, med størsteparten på austsida av dalen.

Kommunen grensar i vest mot Sør-Fron, grensa følgjer elva Frya eit langt stykke. I nord og aust grensar han mot Stor-Elvdal i Østerdalen, der grensa går dels langs og dels aust for vasskiljet. Imsdalen har avløp til Glomma, men ein stor del ligg i Ringebu. I sør grensar Ringebu mot Øyer og Gausdal.

Natur

Muen
Muen, det høgaste fjellet i kommunen, 1424 meter over havet.
Ringebu

Ringebu. Kulturlandskap i Fryadalen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Det meste av kommunen består av fjellområde på 900 til 1200 meter over havet med enkelte høgare parti (Mua 1424 meter over havet) på grensa til Stor-Elvdal. Dalane er djupt nedskorne. Der kalkhaldige bergartar kjem fram i dalsidene, går busetnaden opp til 700 meter over havet (Venabygd).

Befolkning og busetjing

Ringebu sentrum

Dei fleste av gardane og det meste av busetnaden ligg i hovuddalen, opp til 300–400 meter over havet. Her ligg også administrasjonssenteret Ringebu og tettstaden Fåvang. Folketalet har vore svakt minkande sidan 1980-talet. I tiårsperioden 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 1,0 prosent mot ein auke på 2,2 prosent i Innlandet fylke.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Ringebu. Tettstadene er til saman 2,8 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Ringebu 1 382 32 % 1,9 km²
Fåvang 726 17 % 1,0 km²
Sum 2 108 48 % 2,8 km²

* Andelen av innbyggjarane i Ringebu kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Ringebu er ei jordbruksbygd, med hovudvekt på husdyrhald. Også skogbruket betyr ein del, i 2018 blei det avverka 37 000 kubikkmeter skog, hovudsakleg gran. Landbruket utgjer grunnlaget for mykje av industrien, med mellom anna stort meieri på Frya industriområde (Tine) og fleire trelast- og trevarebedrifter både i Fåvang og i Ringebu (sag og høvleri, mellom anna hus- og hytteproduksjon). Næringsmiddel- og trevareindustrien hadde begge 39 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2004. Også steinindustrien nyttiggjer lokale råstoff. Det er elles noko plastvare-, metallvare- og metallindustri i kommunen.

Ringebu har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Vinkelfallet (i drift fra 1983), med ein årleg produksjon på 26,8 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Gudbrandsdal Energi Produksjon.

Kvitfjell alpinanlegg i Kvitfjellet opna i 1991 og blei nytta til utfor og super-G under OL på Lillehammer i 1994. Det blir arrangert årlege verdscuprenn i Kvitfjell. Ringebu er elles ein av dei største hyttekommunane i landet, med 4516 hytter i 2024. Store område er i seinare år lagde ut til hyttebygging; i perioden 2006–2024 auka talet på hytter og fritidsbustader med 40 prosent.

Samferdsle

Langs Lågen går E6 og Dovrebanen. Over fjellet til Østerdalen går det to vegar, éin over Venabygdsfjellet til Enden i Sollia (fylkesveg 27), og éin over Storfjellseter til Atneosen (Friisvegen, fylkesveg 2204). Det er stor turisttrafikk og mange turistbedrifter i kommunen, både i hovuddalen og fleire stader i Ringebufjellet (aust for dalen). På Frya ved grensa mot Sør-Fron er det laga til ein mindre flyplass.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Myfallet
Myfallet, Venabygd.
Myfallet
Lisens: CC BY SA 3.0
Kart: Ringebu kommune i Innlandet

Ringebu kommune i Innlandet fylke.

Kart: Ringebu kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Ringebu har folkehøgskule.

Ringebu høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Midt-Gudbrandsdal regionråd saman med Nord-Fron og Sør-Fron.

Ringebu kommune svarer til dei tre sokna Fåvang, Ringebu og Venabygd i Sør-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Ringebu til Søndre Gudbrandsdalen fogderi (futedømme) i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Ringebu

For statistiske formål er Ringebu kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 32 grunnkrinsar:

  • Ringebu: Venåsen, Venabygd, Kjønås, Gunstadskogen, Flatmoen, Nord-Vekkom, Kolflata, Uleberg - Brånån, Skaløkken - Vålejordet, Vålebru, Tollmoen, Åmillom - Flata, Randklev, Midt-Vekkom, Sør-Vekkom, Imsdalen, Fjellområde øst, Fjellområde vest
  • Fåvang: Nord-Strand, Midt-Strand, Sør-Strand, Brauta, Bjørgevollen, Søre-Fåvang, Nordre-Fåvang, Fåvang øvre, Fåvang sentrum, Tromsnesskogen, Flymoen, Nordre Brekkom, Søre Brekkom, Fjellområde syd

Historikk og kultur

Ved administrasjonssenteret ligg Ringebu stavkyrkje, som ligg langs den gamle kongevegen over Dovre. Ny turveg følgjer langs kongevegen mellom Fåvang og Ringebu. Tingplassen Gildesvollen har funn frå før vikingtida. Kvitfjell alpinanlegg er nasjonalanlegg for alpint, fartsfylte greiner.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1992) har ein oppveksande, tretunga flamme i gull mot ein raud bakgrunn. Dette symboliserer vardar og eldtenning i ufredstid.

Første ledd i namnet Ringebu er kanskje folkenamnet ringar, etterleddet norrønt , ‘bygd’.

Kart

Kart over Ringebu kommune
Kart over Ringebu kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hovdhaugen, Einar: Bygda vår: lokalhistorie for Ringebu, 1976. Les boka på nb.no
  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Ringebu, 1953. Les boka
  • Kleiven, Ivar: Ringbu : gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1928. Les boka
  • Ringebu kommune 1837–1987 : jubileumsbok, [1987], Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg