Faktaboks

Administrasjonssenter
Seljord
Fylke
Telemark
Innbyggjartal
2 889 (2022)
Landareal
669 km²
Høgaste fjell
Brattefjell (1540 moh.)
Innbyggjarnamn
seljording, åmotsdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4022 (frå 2024, tidl. 3820 og 0828)

Kommunevåpenet til Seljord har ein gull sjøorm mot ein raud bakgrunn.

Flatdal

Seljord. Utsikt over Flatdal, det verneverdige klyngetunet Flatdalslandsbyen og det særprega jordbrukslandskapet sørover mot Seljord sentrum.

Av /KF-arkiv ※.

Seljord er ein kommune sentralt i Telemark fylke. Gjennom kommunen går fleire dalføre, og tre av dei møtast i administrasjonssenteret Seljord som ligg ved vestbreidda av Seljordsvatnet.

I 1873 vart eit mindre område overført frå Kviteseid, og i 1883 vart eit mindre område overført til . Etter det har grensene vore uendra.

Natur

Skardstaul
Frå Skardstaul i Åmotsdal, lengst nord i kommunen.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Berggrunnen hører til Telemarksformasjonens harde kvartsittar. Hovuddalen Flatdal med Åmotsdal og den tronge Kivledalen med Sundsbarmvatn munnar begge ut ved vestenden av Seljordsvatnet. Mellom dalane ligg fjellet Skorve (1370 meter over havet), men høgast er Brattefjell (1540 meter over havet) nord i kommunen.

Brattefjell-Vindegga landskapsvernområde, som dels òg ligg i Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, er på i alt 397,5 kvadratkilometer og ligg lengst nord i kommunen.

Befolkning og busetnad

Folketalsutvikling i Seljord

Folketalet i kommunen nådde eit maksimum alt midt på 1800-talet med nesten 4000 innbyggjarar. Det minka deretter til omkring 1910, då det var snautt 2900 innbyggjarar. Etter ein vekst i 1970-åra følgt av ein nedgang i 1990-åra har folketalet halde seg stabilt. I perioden 2015–2024 gjekk folketalet attende med 0,8 prosent, mot ein auke på 3,0 prosent i Telemark fylke.

Det meste av busetnaden er samla i administrasjonssenteret Seljord, i Flatdal og i fjellbygda Åmotsdal. Om lag halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i Seljord tettstad.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Seljord.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Seljord 1 462 51 % 2,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Seljord kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Seljord (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jord- og skogbruk er hovudnæringar. Etter senking av Flatsjøen ytst i Flatdal er Flatdaløyene dyrka opp og utgjer eit lettbrukt jordbruksland. Det blir dyrka noko bygg, men det aller meste av jordbruksarealet er eng til slått og beite. Den gjennomsnittlege skogavverkinga i femårsperioden 2018–2022 var på 26 700 kubikkmeter i året. Av dette utgjorde gran 87 prosent.

Fem prosent av arbeidsplassane i kommunen er i jord- og skogbruk, medan berre tre prosent er i industrien (2021). I industrien dominerer trevare- og møbelindustri, næringsmiddel- og verkstadsindustri. Dei viktigaste industriverksemdene kan knytast til skogdrift. Seljord er i dag eit handelssenter for området.

Seljord er kommunen med sjuande størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei elleve vasskraftverka i kommunen produserer til saman 471 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Sundsbarm (i drift fra 1970), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Grunnåi (2006) og Heiåi (2012). Skagerak Kraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Grunnåi Kraftverk med om lag ein tiandedel.

Samferdsel

Kart: Seljord kommune i Telemark

Seljord kommune i Telemark fylke.

Kart: Seljord kommune i Telemark
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

E134 (FrognHaugesund) kjem inn i kommunen i Flatdal og går sørover til Seljord sentrum, der vegen møter riksveg 36 frå og Grenland, før han held fram vestover. Det går fylkesveg gjennom Åmotsdal til Rauland og Øyfjell i Vinje.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Seljord kyrkje
Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil frå siste halvdel av 1100-talet.

I Seljord sentrum ligg ei avdeling av Vest-Telemark vidaregåande skule. Her er òg Seljord folkehøgskule.

Seljord hører til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje.

Seljord kommune svarar til soknet Seljord i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Seljord til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkretsar i Seljord

For statistiske føremål er Seljord kommune (per 2016) inndelt i tre delområde med til saman 15 grunnkretsar:

  • Seljord: Seljord sentrum-sør for riksveg, Seljord sentrum-nord for riksveg, Bjørgesida/Manheim, Vefald/Brekke, Garvik, Dale/Napastå/Jamgrav, Nordbygda, Krokan
  • Flatdal: Flatdal, Svartdal, Mandal
  • Åmotsdal: Langlim, Dyrlandsdalen, Kyrkjemoen, Skori

Historikk og kultur

Fra Seljord

Målaren Oluf Wold-Torne måla dette biletet i Seljord sommaren 1906.

Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Interiør dekorert av Knut Mevasstaul i Ivistoga, Uppigard Klomset, Seljord i Telemark
.

Fesjået for telemarksfe, Dyrsku'n (sidan 1866), har utvikla seg til ein viktig handelsmarknad. I juli blir det arrangert kappleik og kunstutstillingar.

Seljord har til alle tider vore rikt på folketradisjonar. Det var her folkeminnesamlarane Magnus Brostrup Landstad og Olea Crøger fann mykje av tilfanget til den store samlinga Norske Folkeviser. Den viktigaste tradisjonsberaren både for eventyr og balladar var Anne Golid på Seljordsheia. Seinare har folkemusikarar som Leiv Sandsdalen, Jørgen Tjønnstaul og Signe Flatin Neset utmerka seg. Treskjeraren Olaf Glosimodt blei seinare ein kjent bilethoggar i København. Som ganske ung skar han døypefonten i Seljordskyrkja.

Kjende forfattarar er Jørund Telnes, Andreas J. Sandsdalen, Halvor J. Sandsdalen, Ingebjørg Kasin Sandsdalen, Guro Sandsdalen, syskena Olaus Høydal og Aslaug Høydal, Kim Leine og Helga Flatland.

Seljord kyrkje er reist på 1100-talet. Ved kyrkja står Anne Grimdalen sitt monument over Magnus B. Landstad, som var prest i Seljord i åra 1840–1848. Like ved ligg steinen på 570 kilo som «Sterke-Nils» (Nils Olsson Langedal, 1722–1800) skal ha løfta. I Flatdal ligg Flatdal kyrkje frå 1654 og dessutan Nutheim gjestgiveri.

Der er to museum i kommunen: Eva Bull Holtes Museum viser mange av bileta til denne kunstnaren, medan det meir kuriøse Sjøormmuseet fortel om tradisjonane som hevdar at det er ein sjøorm i Seljordsvatnet.

I Seljord sentrum er det eit minnesmerke over elleve amerikanske soldatar som miste livet i ei flyulykke på toppen Gøysen på Skorvefjellet i 1944. Berre éin månad seinare styrta eit tysk passasjerfly på Hestnutan i det same området.

Vest-Telemark blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Seljord. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor på Kviteseid, kjem ut tre gonger i veka og vert redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ein gull sjøorm mot ein raud bakgrunn; siktar til ormen i Seljordsvatnet.

Kart

Kart over Seljord kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flatin, Tov (1942–1954): Seljord, tre band
  • Karlberg, Odd og Dyrland Eidal, Sigrun (2003): Seljord, to band. (Ny, omarbeidd utgåve av Seljord av Tov Flatin)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg