Faktaboks

Thomas Luckmann

Tomaž Luckmann

Uttale

toˈmas loˈkmann

Fødd
14. oktober 1927, Jesenice, Jugoslavia (no i Slovenia)
Død
10. mai 2016, Ossiach, Austerrike

Thomas Luckmann var ein tysk-amerikansk sosiolog. Han er kjend for studiar i kunnskapssosiologi, religionssosiologi og kommunikasjonssosiologi.

Saman med Peter L. Berger gav han i 1966 ut The social construction of reality, ei bok som vart kåra til den femte viktigaste boka i sosiologi av den sosiologiske verdskongressen (ISA). Boka får ofte æra for å ha lansert førestellinga om sosialkonstruksjonismen, men Luckmann tok sjølv avstand frå denne nemninga, og ho er berre brukt i boktittelen. Poenget i boka er korleis verda er sosialt konstituert, ikkje konstruert, det vil seie ikkje som manipulert eller planlagt, og heller ikkje tilfeldig.

Han underviste i den siste delen av karrieren ved universiteta i Frankfurt og Konstanz (Tyskland), og vart æresdoktor ved NTNU i Trondheim (1998) og fleire andre stader.

Kunnskapssosiologiske teoriar

Etter grunnstudiar i Austerrike kom Luckmann til USA og New York i 1951, og det progressive universitetet New School for Social Research, der han trefte medstudenten Peter L. Berger. Før og under den andre verdskrigen hadde det samla seg ei rad kjende europeiske sosiologiar og sosialfilosofar der som måtte flykte frå nazismen i Europa. Desse vart lærarane deira.

Luckmann ønskte å utfordre den tradisjonelle kunnskapssosiologien frå Karl Mannheim som mest såg på sosial distribusjon av kunnskap i ulike samfunnslag med utgangspunkt i ideologi. Inspirert av Alfred Schutz ønskte han saman med Berger å bringe kunnskapssosiologien inn i sentrum av sosiologisk tenking. Kunnskap er her teken i vid allmenn meining, og inkluderer både teori, vurdering og handling, men spesielt òg før- eller pre-teoretisk og pre-reflektert kunnskap, den kunnskapen som grunnleggjande strukturerer kvardagslivet i eit samfunn.

Bakgrunn for teoriane om korleis samfunnet er sosialt konstituert, fekk Berger og Luckmann frå Alfred Schutz. Denne sosiologien er bygd på vitskapsteorien til fenomenologiens grunnleggjar, Edmund Husserl, det vil seie frå hans teoriar om livsverda (den naturlege innstillinga til livet i kvardagen) og intersubjektivitet (korleis kunnskapen hos kvart individ er intersubjektivt eller sosialt skipa). Frå Max Weber, gjennom Schütz, henta dei teoriar om korleis verda er konstituert ved meining eller tyding hos kvar enkelt menneske og i fellesskap. Sosiologien som vaks ut av dette vart ein markant human sosiologi, han var tolkande hermeneutisk og stod i kontrast til reine systemteoriar, særleg strukturfunksjonalisme.

Luckmann kalla tilnærminga si i sosiologi fenomenologisk basert. Med eit fenomenologisk utgangspunkt frå Schutz argumenterte han og Berger i The social construction of reality for ein konsekvent metodologisk individualisme, det vi seie at samfunnsstrukturane på ein eller annan måte kan førast attende til individnivå og studerast med dette individuelle utgangspunktet. Det er her kunnskap i vid meining blir skapt, endra eller halden ved like.

I tilnærminga si argumenterte forfattarane for ei dialektisk forståing av kunnskap i samfunnet eller i sosiale grupper mellom tre faktorar: den grunnleggjande subjektivt innhenta kunnskapen kjem fram i eksternalisering, den intersubjektivt objektiverte kunnskapen kan vi finne i det fellesskapet godkjenner, og den kunnskapen samfunnet så formidlar blir til slutt internalisert individuelt. Dette kan bli sett på som en kombinasjon av element av samfunnsteoriar frå Karl Marx, Emile Durkheim og Max Weber. Ikkje noko sosiologisk studium kan greie seg utan alle desse tre, meinte dei. Språk er eit godt døme på det denne dialektiske teorien prøver å fange: det er noko vi alle har kvar for oss (subjektivt) og som vi kan bruke for oss sjølve, det blir til sosialt, brukt, endra og halden ved like i sosiale samanhengar (intersubjektivt), og det er fastlagt gjennom symbol eller skriftspråk (objektivt).

Boka tematiserer ei rad vilkår for og funksjon av kunnskapen i samfunnet når den vert brukt i prosessane som gir sosiale fenomen som institusjonalisering, legitimering og identitet.

Livsverda som forskingsprogram og strukturane i livsverda

Med utgangspunkt i at oppfatningar er tufta i den verda mennesket opplever, har Luckmann i tråd med Schütz utvikla teoriar om at det finst strukturerer i oppfatninga som kan hjelpe samfunnsforskaren til å forstå samfunn empirisk. Livsverda, omgrepet som Husserl lanserte for opplevinga av verda i den naturlege innstillinga til livet, var for han eit forskingsprogram. Dei fenomenologiske innsiktene som organiserer dette programmet kallar han protososiologi, ein før-sosiologi, noko som seinare finn konkretiseringar på fleire måtar.

Luckmann fekk oppdraget med å fullføre ei systematisk utgreiing om slike strukturar som Alfred Schütz hadde byrja på. Verket, Livsverdas strukturar (Die Strukturen der Lebenswelt), frå 1983 er ein gjennomgang av ei rad grunnomgrep i samfunnsfaga og i humanistiske fag som er sosialt orienterte. Motivasjon blir til dømes forklart med ein teori om individets relevanssystem, handlingar, val av prosjekt, planar, rasjonalitet, sosiale handlingar og grensene for erfaringa. Opplevinga av det som er utanfor erfaringane, gjev opphav til religion og liknande fenomen.

Religionssosiologiske teoriar

Ved New School skreiv Luckmann ei PhD-avhandling om utviklinga av religion i Tyskland etter den andre verdskrigen. Dette vart utgangspunkt for ei rad nye teoretiske grep om religion og samfunn. I boka The Invisible Religion (1967) følgjer han opp innsikter frå – særleg manglane – ved dette empiriske arbeidet og lanserer ein ny teori om forholdet kring religion og samfunn. Han gjer ei form for kopernikansk vending når han ikkje ser på korleis institusjonaliserte religionar i første omgang skipar menneska og religiøsitet, men omvend, det vil seie korleis religiøsitet skipar religionar og liknande fenomen. Utgangspunktet for religion blir plassert i antropologiske grunnvilkår om overskridingar i medvitet, korleis mennesket skapar seg meiningsunivers. Religionssosiologien blir ikkje bunden til studiet av institusjonalisert religion åleine. Han åtvara tidleg på 1960-talet om at religionssosiologien oversåg den nyreligiøse oppblomstringa som då var i gang, og som vart så allment tydeleg på 1990-talet og tidleg på 2000-talet. Likeins peika han på at sekulariseringa ikkje fjernar religion, men fører til nye former for religion.

Empiriske studiar av kommunikasjon og samtale

Det feltet Luckmann var mest oppteken medan han underviste i Tyskland, var kommunikasjon med utgangspunkt i studiet av kvardagslivets samtalar og samhandlingar, til dømes rundt middagsbordet. Han gjennomførte store tverrfaglege prosjekt med videoanalyse av kvardagssituasjonar lenge før tida med digital video og skreiv om konstitusjon av moral i kvardagen, Moral im Alltag (1998). Han utvikla her ein sjangerteori for den sosiologiske analysen av slike samtalar. Det er typen eller sjangeren som styrer samtalen samstundes som samtalen har sin eigen logikk, og over det heile ligg ei kulturell ramme i det aktuelle kulturelle kunnskapsuniverset. Ein konsekvens av dette arbeidet er utviklinga av observasjonar i sosiologien med filmopptak og videoanalyse av sosiale situasjonar, ofte kalla videografi.

Luckmann danna ein skule i tysk sosiologi. Fleire tyske sosiologiar følgjer i hans kunnskapssosiologiske fotspor, mellom andre Hubert Knoblauch.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg