Faktaboks

Administrasjonssenter
Utsira
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
188 (2022)
Landareal
6 km²
Høgaste fjell
Arasetet (71 moh.)
Innbyggjarnamn
sirabu
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Utsira kommune i Rogaland
Utsira kommune i Rogaland fylke.
Kart: Utsira kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Utsira

Utsira. Fyret på Araset. I bakgrunnen viser det sentrale dalsøkket der gardane og mesteparten av busetnaden ligg.

Av /KF-arkiv ※.

Utsira er ein kommune og ei øy i Rogaland som ligg rundt 18 kilometer ute i havet vest for Karmøy. Utsira er den nest minste kommunen i landet etter areal og den minste etter folketal.

Utsira blei oppretta som kommune i 1924 ved deling av den dåverande Torvastad kommune. Sidan har kommunen hatt uendra grenser. Utsira grensar berre til Karmøy i tillegg til Nordsjøen.

Natur

Berggrunnen består av magmatiske bergartar av kaledonsk opphav (sjå den kaledonske orogenesen), særleg gabbro. Her finn ein eit landskap med låge, vindblåste kollar, opptil 71 meter over havet i vest (Arasetet) og 65 meter over havet i aust (Børgje). Over øya går eit markert søkk i retning nord–sør. Her består grunnen av granitt og granodioritt, også av kaledonsk opphav, og her finn ein dei einaste lausavsetningane av betydning i kommunen. I dette dalsøkket er det lunare vêrforhold, og her finn ein nesten all landbruksjord og busetnad i kommunen.

Ved dei to endane av dalsøkket ligg Utsiras to hamner, i høvesvis Nordvågen og Sørvågen. Desse er knytte saman med ein rundt to kilometer lang veg. Trass i moloar begge stader har ingen av dei gode hamneforhold.

Øya er kjend for ein stor artsrikdom av fuglar i trekksesongen. Spannholmane naturreservat i sørvest er kommunens einaste naturvernområde. Det er et fuglefredingsområde på 281,6 dekar som ble verna i 1986. Det har ferdselsforbod i hekkesesongen.

Klima

Det er mykje vind på Utsira.
Det er mykje vind på Utsira.

Den kaldaste månaden er februar med normal på 2,8 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 148,5 millimeter, og minst nedbør er det i mai med normal på 54,6 millimeter. Målingane er gjorde ved Utsira fyr målestasjon.

Busetjing

Nordvågen hamn.
Nordvågen hamn.

Busetjinga er konsentrert til dalsøkket frå Nordvågen til Sørvågen og langs den korte vegstrekninga frå Sørvågen austover til Austrheim (fylkesveg 4854). Busetjinga er tettast i søre delen av dette dalsøkket. Kommuneadministrasjon, skule, forretningar og offentlege bygningar ligg langs vegstrekninga mellom Nordvågen og Sørvågen.

Utsira har ingen tettstader.

Utsira nådde sitt høgaste registrerte folketal ved slutten av andre verdskrigen; kommunen hadde 433 innbyggjarar i 1946. Sidan har folketalet stort sett gått tilbake – det fall under 400 i 1956, under 300 i 1971 og under 200 i 2018. I tiårsperioden 2010–2020 gjekk folketalet ned med gjennomsnittleg 1,0 prosent årleg, mot ein vekst på gjennomsnittleg 1,2 prosent årleg i Rogaland samla sett.

Kart over Utsira kommune
Kart over Utsira kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Til saman har offentleg tenesteyting og forvaltning og forretningsmessig tenesteyting vel halvparten av arbeidsplassane på Utsira (2022). Elles har transport (særleg sjøfart) 20 prosent av arbeidsplassane, medan byggje- og anleggsverksemd har 10 og primærnæringane har 6 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2022). Utsira har etter kvart fått ein viss auke i turisttrafikken, og i 2019 var elleve prosent av arbeidsplassane til kommunen i næringa varehandel og overnattings- og serveringsverksemd. Utsira har ikkje registrert noka industriverksemd (2022).

Jordbruket er basert på husdyrhald (storfe og sau). Det er elles sett ut ein del villsau i kommunen. Fiskeflåten på Utsira driv med atskilleg fiske, men dette blir stort sett ilandført utanfor kommunen.

I 2004 opparbeidde Norsk Hydro og samarbeidspartnarar verdas første fullskala energiforsyningssystem basert på vindkraft og hydrogenmotor-/brenselcelleteknologi og dermed heilt uavhengig av fossilt brensel. I 2020 opna styresmaktene for søknader om utbygging av ein flytande havvindpark i området Utsira nord.

Av busette yrkestakarar i Utsira har 21 prosent arbeid utanfor kommunen (2019). Ni prosent arbeider i Haugesund-området, fem prosent i Stavanger-området og fire prosent i Bergen-området.

Samferdsel

Utsira har 3–4 daglege avgangar med rutebåt til Haugesund.

Utsira fyr frå 1844 er det fyret i Noreg som har høgaste lyshøgde, og det står 68 meter over havet på Arasetet. Fyret er freda.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Utsira har symje- og idrettshall.

Utsira høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Utsira er del av Haugaland næringsregion saman med Bokn, Haugesund, Karmøy, Tysvær og Vindafjord.

Utsira kommune svarer til soknet Utsira i Haugaland prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Utsira til Ryfylke fogderi (futedøme) i Stavanger amt.

Historikk og kultur

Kommunen er rik på fornminne. I Vestremarka finst ei merkt turløype mellom hustufter frå folkevandringstida. Det er eit særprega kulturlandskap i Austremarka.

Utsira kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1785 som ligg inne på øya, 300 meter frå Nordvågen. I Sørvågen ligg sjøhuset til Mikal Larsen Klovning (1900–1983) med eit rikhaldig, autentisk utstyr frå det rike sildefisket i området før 1950-åra. Sjøhuset er donert til Karmsund folkemuseum, som står for drifta.

Utsira var første kommune i landet med kvinnefleirtal i kommunestyret (elleve kvinner og éin mann) og med kvinneleg ordførar, Aasa Helgesen (1926–1928).

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1982) har eit kors danna ved fire motstøytande spissar i sølv mot ein blå bakgrunn, noko som illuderer lys frå eit fyrtårn. I blått blir eit kors danna ved fire motstøytande spissar i sølv.

Førsteleddet i namnet Utsira, Ut-, viser til at øya ligg langt til havs. Sira er ikkje sikkert forklart; det kan ha same rot som sjå, med tanke på at øya er synleg langt til havs, men det kan òg setjast i samband med sær, sjø, i så fall opphavleg nytta om den opne havstrekninga mellom Utsira og Karmøy. Sira er òg tolka som ei avleiing av verbet siga, i så fall om strøymingsforhold.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Austrheim, Jostein: Utsira: gard og slekt, 1995
  • Svendsen, Roar og Bjørn Arild Hansen Ersland: Utsira fram til år 2000: historien om et øysamfunn, 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg