Faktaboks

Zadie Smith
Fødd
1975
Zadie Smith, 2011

Zadie Smith er ein britisk forfattar. Ho vakte stor oppsikt med sin fyrste roman Hvite tenner (2000, originaltittel White Teeth, norsk omsetjing frå 2001), som blant anna blei tildelt Guardian First Book Award og Whitbread First Novel Award. Seinare bøker har stadfesta posisjonen hennar som ein av Storbritannias mest sentrale samtidsforfattarar.

Zadie Smith har engelsk far og mor frå Jamaica. Ho vaks opp i nordvest-London og tok alt som barn til å skrive dikt og forteljingar. Seinare studerte ho engelsk litteratur ved University of Cambridge. Smith, som er gift med forfattaren Nick Laird, har budd delvis i New York, delvis i London. Ho er professor i «creative writing» ved New York University sidan 2010.

Hvite tenner

Smith skreiv utkast til debutromanen sin som student ved University of Cambridge. Fleire forlag konkurrerte om å utgi romanen, som blei ein sensasjon då den blei publisert i 2000. Handlinga i Hvite tenner spenner over omtrent 50 år og går føre seg i eit arbeidarstrøk i nordvest-London. Smith framstiller på ein innsiktsfull, underhaldande og lesarengasjerande måte liva til to gode vener: Archie Jones, ein brite som i begynnelsen av romanen gjer eit mislykka sjølvmordsforsøk, og Samad Iqbal, ein bengalsk muslim som strevar med å passe inn i det britiske samfunnet. I tillegg skildrar Smith utfordringar og spenningar i familiane deira, og ho skaper eit frodig persongalleri der personane både set i gang handling og blir involverte i handlingar som dei ikkje har oversikt over, og som får utilsikta konsekvensar. Romanen gir ei morosam og samtidig tankevekkjande skildring av det britiske samfunnet fram mot 2000, med sitt etniske og kulturelle mangfold og med store personlege og politiske utfordringar.

Autografmannen

Smiths andre roman, som kom ut i 2002, har Alex-Li Tandem som hovudperson. Tandem er ein kinesisk-jødisk autografhandlar som på 1950-talet møter ein ung, tilbaketrekt kunstnar som påverkar forsøket hans på å forme sin eigen identitet. Autografmannen blei også godt mottatt både av kritikarar og av publikum.

Om skjønnhet

Med den neste romanen, som kom i 2005, etablerte Smith seg som ein leiande romanforfattar i Storbritannia i sin generasjon. Om skjønnhet, som er påverka og inspirert av forfattaren E.M. Forsters roman Howards End, fortel om liva til to familiar i den oppdikta byen Wellington, like utanfor Boston i USA. Romanen har innslag av komikk, men også av satire. Smith framstår som ein skarp observatør av kulturelle og etniske kombinasjonar og motsetnader. Boka blei kortlista for Man Booker-prisen og vann i 2006 Orange-prisen for fiksjon.

Seinare romanar

I 2012 utgav Smith romanen NW, som handlar om to kvinner som får vennskapet sitt testa då dei etter etter å ha blitt oppdratt ganske likt i ein leigegard i London, tar ulike vegar og prioriterer forskjellig som vaksne. I den femte romanen sin, Swing Life frå 2015, held Smith fram med å undersøkje spenningar når det gjeld klasse og etnisk bakgrunn. Ho brukar romansjangeren til å dramatisere desse spørsmåla gjennom forteljinga om to barndomsvener som begge drøymer om å bli dansarar, men som opplever at liva deira utviklar seg dramatisk forskjellig.

Noveller, essay og skodespel

Smith redigerte novellesamlinga The Death of Other People i 2007, og ei samling av hennar eigne noveller blei publisert i 2019 med tittelen Grand Union. Ho har utgitt essaysamlingane Changing my Mind (2009), Feel Free (2018) og Intimations (2020). Inspirert av «The Wife of Bath's Tale» i Geoffrey Chaucers The Canterbury Tales skreiv ho skodespelet The Wife of Willesden, som blei framført i London i 2021. I ei samla vudering er det like fullt romanane hennar som gjer Smith til ein prominent og original britisk samtidsforfattar med stort nedslagsfelt og betydeleg påverknad både nasjonalt og internasjonalt.

Omsetjingar til norsk

  • White Teeth (2000). Hvite tenner. Omsett av Torleif Sjøgren-Erichsen. Oslo: Aschehoug, 2001.
  • The Autograph Man (2002). Autografmannen. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo: Aschehoug, 2003.
  • On Beauty (2005). Om skjønnhet. Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo: Aschehoug, 2006.
  • NW (2012).Omsett av Kari og Kjell Risvik. Oslo: Aschehoug, 2014.
  • Swing Time (2016). Swing Time. Omsett av Hilde Stubhaug. Oslo: Aschehoug, 2018.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg