Elvemusling i kultiveringsanlegg
Eit kultiveringsanlegg for oppdrett av elvemusling på Austevoll blir brukt for å redda truga bestandar frå mange stader i Noreg. Nye generasjonar med muslingar herfrå er allereie førte tilbake til elvane dei kjem frå.
Elvemusling i kultiveringsanlegg
Lisens: CC BY SA 3.0
Reinbukk
Villrein. Nesten heile den europeiske bestanden lever i Noreg.
Av /Norsk institutt for naturforskning.
Lisens: CC BY 4.0

Ansvarsart er ein art som har ein vesentleg del av den naturlege utbreiinga si i Noreg.

Nokre døme på ansvarsartar:

  • Elvemusling: Om lag halvparten av dei europeiske bestandane finst i Noreg.
  • Villrein: Nesten heile den europeiske bestanden lever i Noreg.
  • Læstadiusvalmue: Over halvparten av dei europeiske bestandane veks på få stader i Nord-Noreg.
  • Drakehovudglansbille: Denne arten lever på eit fåtal lokalitetar i Oslo, Bærum, Asker og Hole. Det er berre gjort eitt usikkert funn utanfor Noreg.

Uttrykket ansvarsart blir brukt i norsk naturforvaltning, men det er ikkje noko juridisk omgrep. I naturmangfaldslova blir ikkje omgrepet ansvarsart eller ansvarsnaturtype brukt, men formuleringane «arten har en vesentlig andel av sin naturlige utbredelse eller genetiske særtrekk i Norge» og «naturtypen har en vesentlig andel av sin naturlige utbredelse i Norge». Døme på kva som blir rekna for vesentleg del, er gjerne når meir enn 25 prosent av den europeiske bestanden av ein art lever i Noreg.

Endemiske ansvarsartar

Eit utval ansvarsartar blir rekna som endemiske for Noreg, der tilnærma alle individa i verda berre finst i Noreg. Døme på ansvarsartar som er endemiske:

Nasjonal forvaltningsinteresse

Forvaltningsinndelingar av artar i Noreg

Inndeling og sentrale omgrep som blir nytta i norsk naturforvaltning for både ønskte og framande uønskte (skadelege) artar i Noreg.

Det er i overkant av 1000 ansvarsartar i Noreg inkludert Svalbard (2021). Det er også i overkant av 100 underartar eller spesielle økologiske variantar som blir definerte som ansvarsartar, eksempelvis dei relikte laksebestandane namsblank eller byglandsbleke. Det er i artsgruppa karplantar me finn flest truga ansvarsartar.

Ansvarsartar inngår blant artar av nasjonal forvaltningsinteresse i Noreg, fordi dei til dømes er truga, omsynskrevjande eller prioriterte. Å peika ut ansvarsartar er indirekte ein måte å prioritera omsyn til artar og leveområda deira i utbyggingssaker og kommunal arealplanlegging.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg