Avmagnetisering er det å gjere eit magnetisk materiale umagnetisk. Jern og stål blir til dømes fullstendig avmagnetiserte ved oppvarming til over 700 °C, fordi krystallstrukturen blir endra.

Faktaboks

Også kjend som

demagnetisering

Vanlegvis blir avmagnetiseringa utført ved å plassere den magnetiske lekamen i ein spole som blir tilført vekselstraum. Straumstyrken blir etter kvart redusert til null.

Sletting av lagra informasjon

Innan elektronikk blir omgrepet avmagnetisering brukt om det å slette lagra informasjon, til dømes på magnetband eller andre magnetiske lagringsmedium. Avmagnetiseringa skjer ved at bandet, som inneheld jernpartiklar, passerer det magnetiske spreiingsfeltet ved luftspalta i ein jernkjerne. Eit vekselfelt med frekvens mellom 30 000 og 100 000 Hz avmagnetiserer jernpartiklane, slik at tidlegare registrerte data blir viska ut.

Avmagnetisering av skip

Under andre verdskrigen blei mange skip avmagnetiserte for å unngå utløysing av magnetiske miner. Desse eksploderte når det magnetiske kraftlinjefeltet som går ut frå eit skip, nådde mina med tilstrekkeleg styrke.

Det magnetiske feltet rundt eit skip som er bygd av stålplater, kjem delvis av permanent magnetisme i skroget, delvis av induksjon frå jordmagnetismen. Avmagnetiseringsstraumen blir ført gjennom store spolar, som blir søkkte ned i vatnet medan skipet med sakte fart passerer over. Magnetfeltet til fartøyet kan også reduserast ved spolar monterte på skipet. Straumen i spolane må kunne varierast, fordi magnetfeltet varierer. Spesielt vil det induserte magnetiske feltet bli endra når fartøyet endrar posisjon og kurs. I Noreg er to avmagnetiseringsstasjonar og tre kontrollstasjonar i bruk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg