Byttedyr er dyr som vert drepne og etne av andre dyr (predatorar). Til dømes er haren eit av dei viktigaste byttedyra til gaupa. Ofte vil den same arten vera byttedyr for fleire predatorar.

Ein del artar opptrer både som byttedyr og predator. Til dømes er smågnagarar viktige byttedyr for raudreven, medan raudreven sjølv kan vera eit byttedyr for kongeørn og hubro, særleg når reven er ung.

Mellom artar av byttedyr og predatorar som har halde til i same området over lang tid oppstår det ein likevektstilstand der byttedyra er tilpassa eit visst predasjonstrykk. Dersom likevekta blir forstyrra til dømes ved at rovdyra blir hardt jakta på, kan byttedyrpopulasjonen ein kort periode oppleve sterk tilvekst. Etter kvart vil andre faktorar – som til dømes matmangel, sjukdom og parasittar – på nytt verke desimerande på byttedyrpopulasjonen. I verste fall kan forstyrring av likevektstilstanden mellom predator og byttedyr føre til overbeiting og langvarig nedgang i områdets bereevne.

Det er store skilnader på kor stort predasjonstrykk ein byttedyrart kan tola. Artar som får store kull med korte mellomrom toler hard beskatning frå rovdyra. Til dømes kan hønsefugl som fasan og rype tola ein avgang på 70–80 prosent. Motsett toler store rovdyr, med få ungar med lange mellomrom, neppe ein avgang ved jakt på meir enn ti prosent.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg