Induksjon, tyder igangsetjing, framkalling eller stimulering. Det motsette av induksjon er inhibisjon.

Faktaboks

Etymologi
frå latin inductio, avleidd av inducere, sjå indusere

Induksjon har ei rekkje ulike tydingar innan fagområde som filosofi, medisin, biologi og fysikk.

Filosofi

Innan erkjenningsfilosofien er induksjon ein vitskapleg metode, som gjennom logisk ordning av fleire enkelterfaringar prøver å gje uttrykk for allmenne lovmessige samanhengar. Induksjon er det motsette av deduksjon, som tyder å slutte frå det generelle til dei enkelte tilfella.

Medisin

Induksjon innan medisin tyder å framkalle eller stimulere.

Induksjon kan til dømes tyde å setje eitkvart i gang ved hjelp av legemiddel. Til dømes blir ein fødsel sett i gang ved hjelp av legemiddel kalla ein fødselsinduksjon.

Ein kan òg bruke ordet i samband med utvikling av vondarta svulstar, når desse blir framkalla av kjemiske substansar eller framande celler som blir planta inn. Eit anna døme er enzyminduksjon, der ein stimulerer til auka danning av enzym for å fremje nedbryting av substansar eller auke effekten av legemiddel.

Biologi

Induksjon innan utviklingsbiologi og cellebiologi er danning av ein spesiell organisk struktur ved at ein bestemt del av organismen påverkar ein annan. Særleg under fosterutviklinga påverkar visse cellevev andre nærliggjande vev.

Fysikk

Innan fysikk er induksjon føring av elektrisk straum i ein leiar, påverka av magnetisme eller elektrisk straum i ein annan leiar. Eit døme på dette er induksjonsomnar, der oppvarminga skjer ved at det blir danna eit elektromagnetisk felt som induserer straum i dei stoffa som skal varmast opp.

Matematikk

Induksjon i matematikken er ein metode som blir nytta for å føre matematiske bevis. Eit døme er å bevise at ein egenskap gjeld for ei uendeleg mengde tal eller objekt. Eit induksjonsbevis inneheld eit basissteg og eit induksjonssteg. Når ein beviser at eit uttrykk gjeld for til dømes n=0, og så at «om uttrykket gjeld for n=k-1, da gjeld det òg for n=k», så er beviset ferdig.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg