Kommunelege er ein lege som er tilsett i ein kommune i samsvar med paragraf 5-5 i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester. Kommunelegane har teke over mange av oppgåvene til dei tidlegare distriktslegane, mellom anna skulelegearbeid og helsestasjonsverksemd. Lova fastset at kommunelegen skal vera medisinsk-fagleg rådgjevar for kommunen. Sjølv om lovteksten nyttar omgrepet kommunelege, er stillingstittelen ofte kommuneoverlege.

Kvar enkelt kommune organiserer helsetenesta si sjølv. Enkelte kommunar har fleire kommunelegar, og mange stader er kommunelegearbeidet ei deltidsstilling, gjerne i kombinasjon med privat allmennlegeverksemd som fastlege.

Den historiske forløparen til kommunelegen var stadslege, som var namnet for offentleg lege i bykommunar og distriktslege i landkommunar. Desse titlane fall bort då stillingane blei kommunale i 1984.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg