Vann er en naturressurs som også kan brukes til å fremstille energi. Bildet er fra et eldre vannkraftverk i Andelva på Eidsvoll verk.
.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Naturressurs er luft, vatn, dyrkbare areal, levande organismar som husdyr og fisk, petroleum, mineral og andre råstoff. Ein skil gjerne mellom fornybare og ikkje-fornybare ressursar.

Fornybare ressursar som luft og vatn blir fornya gjennom naturprosessar. Andre ressursar, som kol og petroleum, finst berre visse mengder og kan berre utnyttast éin gong.

Energiressursane står i ei særstilling fordi det alltid er naudsynt med energi når ein skal nyttiggjere seg resten av ressursar.

Til skilnad frå reservar omfattar ressursane både påviste, usikre og spekulative førekomstar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg