Skjoldehamndrakta er rundt 1000 år gamal og blei funnen på Ándda (Andøya). Drakta har blitt omtalt som både norrøn og samisk. Ho har «fleirkulturelle» trekk som peikar mot at samar og nordmenn trass religionsskiljet framleis hadde mykje med kvarandre å gjere i nord. Rekonstruksjon på Lofotr Museum.
.
Lisens: CC BY 2.0

Mellomalderen i samisk historie handlar her om perioden frå om lag 1050 til 1550. I mellomalderen auka nærværet av andre folkeslag i dei samiske områda, Sápmi. Ulike naborike ville sikre seg retten til samisk handel og tributt i nord, og det blei ufred i dei samiske områda. Samisk kultur og næring endra seg, men bevarte òg trekk som dei andre nordiske folka mista, som den førkristne trua.

Faktaboks

Også kjend som

samene i middelalderen, samisk middelalder, samisk mellomalder

Samane og dei tidlege statsdanningane

Vestlege og austlege rike

Novgorod marked
Novgorod var utover i seinmellomalderen eit handelsknutepunkt for pelsvarer som samane forsynte den europeiske marknaden med. Ordet “lapp” kan ha oppstått i dette området. Apollinarij Vastnetsov, «Novgorod torg», 1909.
Av .

Tidleg i mellomalderen danna nabofolka til samane rike med politiske og økonomiske tyngdepunkt i sør: Noreg, Danmark og Sverige. Rika hadde ikkje same utstrekking som dagens statar. I Sápmi låg Jämtland og Härjedalen til den norske krona i staden for Sverige, medan lenger nord var grenser mot Sverige ikkje trekte. I år 1397 danna dei tre nordiske statane Kalmarunionen.

I det austlege riket Rus’ eller Kievriket var byen Novgorod (Holmgard) eit viktig handelssenter. Då Mongolriket invaderte dei russiske områda på 1200-talet, blei Novgorod hovudstad i sitt eige rike. Novgorodriket ekspanderte nordover og kom i kontakt med nordlege folkeslag, mellom dei samane. I 1478 erobra det framveksande Moskvariket Novgorod, og blei på 1500-talet til Det russiske tsardømmet.

Identitet, tributt og tilhøyrsle

Lyngstuva og Malangen med omland
Samar og nordmenn budde blanda, men det var også område der få andre enn samar budde. Finnmǫrk omfatta innlandet sørover til midtre Skandinavia, og meir av kysten jo lenger nord ein kom. Mesteparten av området aust for Iddu (Lyngstuva) var Finnmǫrk tidleg i mellomalderen. Seinare ekspanderte den norrøne befolkninga og den norske kongemakta nordover langs kysten, og lenger sør dessutan innover i fjordane. Samisk og norsk busetting kom tettare på kvarandre.
Lyngstuva og Malangen med omland
Lisens: CC BY SA 3.0

Såg nokon av samane på seg sjølve som undersåttar av rika i mellomalderen? Mellomalderkjeldene er skrivne av ikkje-samar, og fortel ikkje kva samane – eller finnar og lappar som dei blir omtalte som i kjeldene – sjølve tenkte. Men store delar av Sápmi var ikkje del av noko rike. Mange stader måtte samane berre forhalde seg til utsendingar frå rike som kravde tributt av dei og handla med dei. I slike eigner styrte samiske samfunn til dagleg seg sjølve. Samar som budde i område der berre éi statsmakt var verksam, og som hadde andre folk tettare inn på livet, kan ha opplevd sterkare rikstilknyting. Men samane skilde seg i alle høve frå dei statsberande folka i rika både språkleg, kulturelt og religiøst.

Kva med herskarane sitt syn på samane? Det kan verke som at sjølv samar i område Noreg heldt for å vere del av riket, hadde ein annan status enn nordmenn. Nordmenn betalte leidang, samane skattr – eit ord som før 1300-talet ikkje tydde «skatt», avgift betalt av borgarar til staten, men «tributt», noko ein gjev frå seg til ei overmakt. I Historia Norwegie frå 1100-talet skil forfattaren mellom kristne nordmenn og heidenske samar på Hålogaland. Frostatingslova, som galdt for Trøndelag, Nordmøre og truleg Hålogaland, nemner ikkje samane, heller ikkje den seinare Landslova frå 1274, men dette tyder ikkje nødvendigvis at samane stod heilt utanfor det norske lovsystemet. Frostatingslova omtalar ein type menneske som blir kalla rekstegn, som har færre rettar enn norske bondeslekter, men fleire enn frigjevne trell-slekter. Det har vore føreslått at samar kan ha vore skrivne inn i lova som rekstegn, men dette er ikkje sikkert.

Gamal og ny tru

Samisk rituell tromme
Samiske rituelle trommer (nordsamisk goavddis, pitesamisk gåbbdá) har symbol måla på skinnet, ofte med avkok av olderbark. På biletet ser me den eldste kjende teikninga av ei slik samisk tromme. Denne tilhøyrde Anders Huitlok frå pitesamisk område på 1600-talet. Dei fleste trommene gjekk tapt etter at arbeidet mot den samiske religionen blei trappa opp på 1600-talet, men nokre har overlevd og er i dag tekne vare på i museum og arkiv. Teikninga er publisert av Ernst Manker: «En lapptrumstolkning från Silbojokk 1642» i Norrbotten : Norrbottens museum årsbok 1935.
Av /Ernst Manker.

Trommereiser, hjelpeånder og trolldomskunst

Kristninga slo inn ein religiøs «kile» mellom samane og andre folkeslag i nordområda. Skriftet Historia Norwegie omtalar rett og slett «samane» og «dei kristne» som to ulike grupper. Her finn me den eldste bevarte skildringa av ei samisk tromme og bruk av den i samisk religion. Teksten fortel at samar kan ha hjelpeånder som blir kalla gandus, at dei brukar tromma til å sende desse ut på reise i dyreham, og at dei sjølve lir same skade som ganden får på reisa si. Forfattaren skildrar tromma som eit lite kar «av form som et såld og var fylt med forskjellige små figurer: hvaler, reinsdyr med seletøy og ski og til og med en liten båt med årer, alt sammen redskap som djevelen ville nytte for å komme fram, over snøvidder og ned etter lier og over dype sjøer.»

Som sitatet viser såg dei kristne på samanes religion som «djevelsk». Trua på at samar kunne ha sterke magiske evner hadde overlevd, men det var ikkje lenger noko godt ord å ha på seg. Eidsivatingslova og Borgartingslova, som galdt søraust i Noreg, nemner på same måte samane i samband med magi og spådom: ingen skal oppsøkje samar eller tru på trolldomen deira. Dette er dei einaste stadene i dei eldste norske lovene der me finn samar heilt tydeleg nemnt.

Kyrkjer og kloster i nord kjem nærare

Skansen i Tromsø
Mariakyrkja «nær heidningane» og festningsverket Skansen frå same periode kan seiast å vere dei tidlegaste historiske røtene til byen Romsa (Tromsø). Ingen veit sikkert kvar kyrkja stod, men vollane etter festninga er der framleis.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Kyrkja i Leaŋgáviikka (Lenvik) var lenge den nordlegaste norske kyrkja, men rundt 1250 fekk kong Håkon IV Håkonsson reist kyrkje på Romssasuolu (Tromsøya), omtalt i eit pavebrev som sancte Marie de Trums iuxta paganos – «Mariakyrkja i Tromsø, nær heidningane». «Heidningane» kan i augo til paven ha vore både samane og andre ikkje-kristne folkeslag i nord, som karelar og dei skismatiske ortodoks-kristne russarane. I staden for å reise på krosstog, som kongen fleire gonger hadde lova paven å gjere, bad Håkon paven om å få byggje kyrkje, mellom anna for å markere seg mot dei heidenske naboane sine. Mellom desse blei nemnt dei såkalla «sambitæ», som nokre forskarar meiner kan vere samane.

Erkebiskopen i Nidaros vigsla ei kyrkje i Várggát (Vardø) i 1307, og langs finnmarkskysten blei det reist fiskeværskyrkjer frå 1300-talet og utover. At påverknad frå kristendomen nådde samane også så langt nord, kan me mellom anna sjå i bruken av kristne mannsnamn hjå samane i Varanger mot slutten av mellomalderen. Den svenske kyrkja nådde fram til Duortnosleahki (Tornedalen) på 1340-talet, medan den russisk-ortodokse kyrkja først etablerte seg i Sápmi mot slutten av mellomalderen: I 1553 blei klosteret i Peaccäm (Pečenga) oppretta under munken Trifon (Pââʹss Treeffan), som har ein rik tradisjon av austsamiske myter og forteljingar knytt til seg.

Misjon mellom samane

Dåp av «lappenes» barn

Samane måtte også forhalde seg til kristendomen og kyrkja. Dei heldt fast ved sin førkristne religion, men nokre tok også opp visse kristne idear, praksisar og symbol i løpet av mellomalderen. Samar på veg til kyrkja for å døype borna sine. Tresnitt av Olaus Magnus, 1500-talet.

Av .

Det blei truleg ikkje gjort større kristningsframstøyt overfor samane i mellomalderen. Nokre få unntak finst: I tillegg til Håkon IVs kyrkjebygging, befalte kong Håkon V i 1313 at samar skulle få reduserte bøtesatsar dei første 20 åra etter at dei let seg kristne. I 1345 skal Uppsalas erkebiskop ha døypt samar, og nokre tiår seinare fekk samane sin første indremisjonær. Ei samekvinne som kalla seg Margreta opplevde å ha fått eit kall, og vende seg til både geistlege og verdslege styresmakter. Etter eit møte med namnesystera, unionsdronning Margrete 1., sende sistnemnde saman med erkebiskopen i Lund i 1389 ut eit brev der dei oppmoda samane, særskilt dei i Sverige, til å late seg kristne.

Samanes religion i endring og bevaring

Ulike samiske grupperingar blei i varierande grad påverka av kristendomen. Nokre samar kan ha hatt eit kriste sjølvbilete, men kyrkja såg likevel samane som heidningar. Trass kristen påverknad utvikla framleis samisk religiøs tru og praksis seg på eigne premissar, og samanes religion blei verande animistisk: Omgjevnadene var fulle av gudar, makter og forfedrar. Dyr og gjenstandar blei ofra på stader knytt til jakt og fiske, eller til særeigne landskapsformer. Medan kristne nabofolk gjekk over til å gravleggje sine døde i vigd jord, heldt samane fram med å gravleggje i landskapet på tradisjonelt vis, til dømes bygde ein graver i ur og berg. Særeigne samiske ritual, som kult knytt til bjørnegraver, ser dessutan ut til å breie om seg til nye område, slik at ulike samiske grupper fekk fleire felles ikkje-kristne religiøse praksisar gjennom perioden.

Handel og næring

Fangst, handelsnettverk og fjerne marknader

Både varer og skikkar frå fjerne stader fann vegen nordover og blei tekne i bruk av samane. Biletet viser mellomalderspelbrikker frå Gievju (Kjøøya) i Sør-Varanger.
Ä’vv Skoltesamisk Museum.
Sigurd Slembe i Tjeldsund

På 1100-talet bygde samar ved Dielddanuorri (Tjeldsund) skip til Sigurd Slembe. Sagaen seier: «Håløygske skuter sjeldan kan ein følgje. Fram susar under seglet det senebundne skip.» Samane bryggja øl og heldt gjestebod, og Slembe kvad: «Godt var det i gammen, da vi glade drakk, og kongssonen glad gjekk mellom benker.» Handel eller «gåvebyte» blei ofte stadfesta ved å drikke øl saman. Det nordsamiske ordet for «gåve», skeaŋka, er eit lånord frå norrønt og tyder "å skjenkje drikke."

Tidleg i mellomalderen vende nokre grupper av samar seg meir mot viltfangst og tok i større grad høgfjellet i bruk. Dei organiserte også jakta annleis, med større jaktlag. Pelsverk blei viktigare på den europeiske marknaden. Samane fekk selt meir skinn, og naborika kravde inn meir tributt.

Det samiske pelsverket var svært viktig for den norske økonomien fram til slutten av høgmellomalderen. Kongen hadde monopol på handel og tributtsanking hjå samane og sette bort utføringa av slike «finnferder» til eigne representantar. I dagens Nord-Sverige blei derimot det gamle handelsnettverket mellom samar og fastbuande på kysten ståande: Kong Magnus Eriksson stadfesta i 1328 både samanes bruksrett til eigne område og birkarlanes rett til å handle og samle «skatt» mellom samane:

«Ingen skal hindre de skogs- og nomademennesker som på folkespråket kalles lapper, i deres jakt, og ei heller de tidligere omtalte Birkarlarboa som ferdes til nevnte lapper».

Aust for Bottenvika var austersjøfinsk-talande folk ofte mellommenn mellom samane og sørlege marknader. Det var spesielt karelarane som handla og kravde inn tributt hjå samane for Novgorod.

Samisk og ikkje-samisk jordbruk

Jordbruket utvikla seg vidare i Norden. Fram mot 1500-talet tok jordbrukskulturen heilt over i dei indre dalstroka i Sør-Noreg, i Nord-Sverige finn me spor av dyrking og husdyrhald allereie før 1300-talet. Også på vestkysten breidde jordbruk og ikkje-samisk busetjing om seg med norsk innflytting og oppdyrking.

Norrøne grupper hadde allereie før mellomalderen rydda jord i landområde som samar hadde brukt før dei, og no auka det på. Korleis eventuelle konfliktar rundt dette arta seg veit me lite om i dag. Me har få haldepunkt for å seie at samane gjorde valdeleg motstand. Nokre svært få passasjar i enkelte tekstar kan lesast som kjelder til samisk utøving av vald i vikingtid og mellomalder (Landnåmabok, Morkinskinna, sagaene om Olav Tryggvason og Olav Haraldsson), men ingen av desse episodane blir direkte knytta til konfliktar om jordbruk. Arkeologar ser derimot teikn til at samane svarte på auka jordbruk med å lage tydelege grensemarkørar, som urgraver og depot av edelmetall. Ei anna form for det som blir kalla «samisk oppdemming» mot norrøn ekspansjon, var at nokre samar sjølve blei bufaste, laga små «bygder» der dei dreiv med småindustri som reiskapsproduksjon og hadde eige jordbruk og husdyrhald.

Samar deltok nemleg også i ryddinga av jordbruksland. Sjøsamane blir i seinare kjelder ofte kalla «bufinnar» (bondesamar), grunna liknande næringstilpassing med norske «bumenn». På vestkysten av Sápmi gjorde klima og terreng at fiskarbondenæringa (kombinert fiske og jordbruk/husdyrhald) må ha blitt vanleg for alle grupper utover i mellomalderen.

Fiske heime og ute

Dagens Svolvær, aust for gamle Vágar, der tørrfisk frå nord blei omsett på det årlege «Vágastemna» i høgmellomalderen. Namnet kan kanskje tyde «svalt vær» (av det norrøne svalr) eller vere danna av samisk suolu («øy») og norsk «vær» . På samisk heiter byen Spållavuolle, dvs. «Under Spålla», det samiske namnet på fjellet Svolværgeita. Vágar-namnet overlever i kommunenamnet Vågan(Voagak).

.
Lisens: CC BY 2.0

Jakt på havpattedyr blei mindre viktig for samane i mellomalderen, men fiskeri var framleis ein grunnstein. Samar dreiv både kystfiske og søkte fiskestader langt ut. I Passio Olavi, forfatta under erkebiskop Øystein Erlendsson i Nidaros i andre halvdel av 1100-talet, blir det skildra eit felles fiske mellom nordmenn og samar ein stad i nord, tre-fire vekers reise frå «kristne folk». Dette må ha vore på finnmarkskysten. Men også i Lofoten og Vesterålen deltok samar i fisket, både som tilreisande i sesongen – og som fastbuande, for også der har samar budd lenge, saman med nordmenn.

Vágar i Lofoten blir gjerne kalla den første byen i nord. Den var mellom anna base for handel med tørrfisk sørover, som skaut fart frå midten av 1200-talet. Frå andre halvdelen av 1300-talet gjorde Hansaforbundet seg sterkt gjeldande i norsk tørrfiskomsetjing, med Kontoret på Bryggen i Bergen, og etter kvart monopol på tørrfiskeksporten til utlandet. Denne auka interessa for ressursen frå nord gav også dei samane som dreiv med fiske nye økonomiske moglegheiter.

Tamreindrift i utvikling

Carta Marina, utsnitt med reinmelking.
Reinmjølk var lenge eit viktig produkt frå tamrein for samane. På biletet ser me det som truleg skal vera ei samisk kvinne som mjølkar rein, teikna inn ved Umeå (Ubmeje) på Olaus Magnus’ Carta Marina frå 1539.

Me veit ikkje når samisk tamreindrift oppstod – altså ei tilpassing kor det å forvalte flokkar av eigne rein står i sentrum – men forskarar peikar ofte på overgangen mellom mellomalder og tidleg nytid. Grupper av samar har halde tamrein (boazu) før mellomalderen også, men lenge var likevel villreinen (goddi) næringsmessig viktigast, i eigenskap av å vere byttedyr.

Arkeologisk forsking tyder på at i alle fall frå rundt år 1500 har ein del samiske samfunn organisert seg økonomisk og sosialt rundt tamreindrift. DNA-analysar tyder på at i perioden mellom 1400 og 1600 kom det meir austleg type rein inn i Sápmi. Dette byttet av reintype har truleg skjedd gradvis, i samanheng med at fleire samar la om næringstilpassinga mot tamreindrift. Årlege samiske vintermarknader, som har funne stad i alle fall sidan tidleg 1500-tal, kan ha vore med på å spreie denne reintypen via kjøp og sal. Det er også mogeleg at reintypen har vore til stades i Sápmi mykje lenger, og brukt til dømes som transportdyr, men at den først blei vanlegare med skiftet frå villreinfangst til tamreindrift.

Kongemakt og interessesfærar

Ekspansjon inn i samiske område: tilflytting, tributtkrav og konflikt

«Mangeromstuftene» er restar av bygg frå omlag 1200–1500, med spor av både austlege, vestlege og samiske trekk. Me finn dei på ytterkysten av det nordlegaste Sápmi mellom Iddu (Lyngstuva) og Giehkirnjárga (Fiskarhalvøya). Dei kan ha vore norske og russiske handels- og skattleggingsstasjonar, der også samar har vore til stades. Ein eldre idé er at samiske stormenn, «finnekongar», budde der. Bilete: Anlegget «Kjølnes-slottet» slik Hans H. Lillenskiold (1699) førestilte seg det i fordums prakt.
.
Kart over samisk skattlegging i mellomalderen

Mot slutten av mellomalderen var samane i ein situasjon der store delar av den samiske befolkninga måtte forvente skatteoppkrevjing frå både dansk-norske, svenske og russiske utsendingar. I delane av Sápmi sør for området på kartet var det heller ikkje klare, uomstridde grenser mellom statane.

Kart over samisk skattlegging i mellomalderen
Av .

I løpet av mellomalderen auka rivaliseringa mellom rika om nordområda, og det var ei ytterlegare tilflytting av folk sørfrå. Nordmenn busette seg stadig lenger nord og aust på kysten, samstundes som utsendingar frå Novgorod i aukande grad var til stades i same området. Norske og novgorodske agentar herja mot kvarandre utover 1300- og 1400-talet. Ønsket om å hindre russisk ekspansjon og sikre samisk tributt og etter kvart skatt (kalt finnskatt) kan ha vore viktige drivkrefter for at Noreg oppretta fort og kyrkjer i nord. Samstundes hamna Novgorod i konflikt med Sverige om område lenger sør.

Tidleg i seinmellomalderen kom dei stridande sentralmaktene til fredsslutningar som fekk følgjer for samane. I 1323 inngjekk Sverige og Novgorod Nøteborgfreden, der dei fordelte skattlegging og handelsrett i ulike område, og såg seg ut nokre fellesområde der dei begge gav seg rett til å drive «skatteinnkrevjing» hos samane og handle med dei.

Tre år seinare inngjekk Novgorod ei liknande avtale med Noreg. Også her blei det fastsett eit område der samar måtte betale skatt til begge rika. Dette området strekte seg frå Iddu (Lyngstuva) i vest til «Veleaga» – ein stad på kysten av Kolahalvøya som ein i dag ikkje veit nøyaktig kor er.

Kven var «finnekongane»?

Carta Marina, utsnitt med finnekongen Tengil

«Skridfinnanes kong Tengel» teikna på Olaus Magnus 1500-tals Carta Marina i Finnmark, nær Vardøhus. På 1500- og 1600-talet meinte forfattarar som Vardøhus-amtmann Lillienskiold at det i høgmellomalderen hadde funnest samiske kongerike, og at Martins besøk hjå kong Håkon medførte at Finnmǫrk blei underlagt Noreg. I dag er slike teoriar gått bort frå.

Carta Marina, utsnitt med finnekongen Tengil
Av .
Hovedrolleinnhaver i Veiviseren, Mikkel Gaup.
Statane si «skattlegging» av samar kunne tidvis ha karakter av plyndring i mellomalderen, til skilnad frå jernalderen då ein trur at «finnskatt» kan ha vore del av eit friviljug, lokalt verdibyte. Men samane hadde også stor grad av sjølvråderett over varebytet, handelen og produkta dei betalte skattar med utover i seinmellomalderen. Samiske legender om herjande tsjudar kan skrive seg frå karelske tokt. På biletet: Mikkel Gaup i Nils Gaups film Ofelaš (Veiviseren), som er basert på samiske eventyr om samisk motstand mot tsjudane.
Hovedrolleinnhaver i Veiviseren, Mikkel Gaup.
Av /Scanpix.

Nokre mellomaldertekstar nemner såkalla «finnekongar» – samiske kongar. Ein samisk herskarklasse rimar dårleg med det me veit om det seinare samiske samfunnet, kjenneteikna av hushald organiserte i siidaar der samane forvalta felles ressursar. Men me skal vakte oss for å tolke fortida for mykje ut frå seinare tider: me veit lite om korleis samane i mellomalderen organiserte samfunna sine.

«Finnekongar» kan ha vore eit namn som nordmenn sette på samiske leiarar eller utsendingar som dei var i kontakt med under handel og tributtsamling. I løpet av mellomalderen kan slike leiarar mellom samane ha fått meir makt over samiske samfunn enn både før og sidan: Skattepress og handelsmoglegheiter førte til meir organisert og krevjande sanking av ressursar, og det kan ha oppstått lokale samiske elitar som planla og leidde det heile, med makt til å fordele og bestemme.

I år 1313 kan me lese i Flatøyannalen at «i sommer kom Martin Finnekonge til kong Håkon [V].» Meir får me ikkje vite, men ein teori tek utgangspunkt i nokre samar som hadde nekta å betale kong Håkon tributt. Kongen sende så i 1310/1311 islendingen Gissur Galle for å krevje inn «skatten» med vald. Kanskje var Martin Finnekonge ein utsending frå dei samane det galdt? At kongen like etter bestemte ein kraftig bøtereduksjon for samar som let seg kristne, kan ha vore eit mogeleg utfall av møtet. Til sjuande og sist er det ikkje mogeleg å vite noko sikkert om dette. Både Martin og andre finnekongar blir verande i historias mørker.

Mot nytid: Reformasjon og rivalisering

Den eldste bevarte samiske ordlista blei samla inn av den engelske oppdagaren Stephen Borough på Kuellnegknjoark (Kolahalvøya) i 1557, til nytte for framtidige reisande langs den nye handelsruta. Samane som møtte Burrough heldt til ved Jokan’ga ved Njargaj (Svjatyj Nos) og dreiv fiske og sanking ved havet.

.

1500-talet var eit omskiftelig hundreår som endra tilhøvet mellom folk, kyrkjemakt og kongemakt, og varsla ei ny tid – også for samane og statsmaktene i nord.

Reformasjonen splitta den katolske kyrkja. Store delar av dei nordeuropeiske områda blei protestantiske, og kyrkjene der blei knytte nærare til statsmaktene. Dette førde etter kvart til ei bølgje av både brutal religiøs forfølging og mildare typar misjon, som endra samisk kultur og samfunn for alltid.

Kalmarunionen braut saman i 1521 etter lang tids indre strid. Dei skandinaviske statsmaktene søkte ope å fremje eigne interesser mot kvarandre. Utover 1500-talet styrkte Sverige seg med Gustav Vasa i spissen, og det nye regimet i Stockholm fatta større interesse for nordområda. Rundt 1550 tok kongemakta over birkarlanes rett til samisk handel og skattlegging. Med det meinte Sverige å ha fått rettar på Ishavskysten, sidan birkarlane hadde hatt trafikk der. Ved reformasjonen i 1536/1537 la danskekongen Noreg heilt under seg, og den dansk-norske staten skulle også vise seg å ha ambisjonar i nord.

Samstundes auka Russlands interesse for nordområda: I 1553 nådde eit engelsk skip munninga av Dvina, og det oppstod ei handelsrute rundt Sápmi som batt Russland til britiske og nederlandske handelspartnarar.

Denne auka interessa for nordområda førde etter kvart til sterkare press utanfra på Sápmi – med kristning, krig og grenseopptrekking.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bergesen, Rognald (2011) «Birgitta-skapet i Trondenes kirke. Samemisjon og korsfarerretorikk i nordnorsk middelalder». Ottar 3/2011
  • Bergman, Ingela og Edlund, Lars-Erik (2016) «Birkarlar and Sámi – inter-cultural contacts beyond state control: reconsidering the standing of external tradesmen (birkarlar) in medieval Sámi societies», Acta Borealia, 33:1, 52–80
  • Bergstøl, Jostein (2008) Samer i Østerdalen? En studie av etnisitet i jernalderen og middelalderen i det nordøstre Hedmark. PhD thesis, UiO.
  • Bertelsen, Reidar (2011) «Vágar som regional og nasjonalarena fra 1000- til 1400-tallet», Ottar 3/2011
  • Bratrein, Håvard Dahl (2001) «Finnekongen Martin og rikskongen Håkon den femte». Håløygminne, 82(1): 1–10
  • Hansen, Lars Ivar og Olsen, Bjørnar (2021) Samenes historie fram til 1750. Andre utgave Oslo: Cappelen Akademisk Forlag
  • Hansen, Lars Ivar (2010) The Arctic Dimension of ‘Norgesveldet’.
  • Hansen, Lars Ivar (2018) The Sámi, State Subjugation and Strategic Interaction. Oslo: Novus Press.
  • Heino, et al (2021) «Reindeer from Sámi offering sites document the replacement of wild reindeer genetic lineages by domestic ones in Northern Finland starting from 1400 to 1600 AD». Journal of Archaeological Science: Reports Volume 35, February 2021
  • Henriksen, Jørn-Erik (2017) Kulturmøte og identitet på Finnmarkskysten i tidlig historisk tid. Tolkninger basert på arkeologiske analyser av mangeromstufter. Phd, UiT Norges arktiske universitet
  • Holberg, Eirin og Dørum, Knut (2021) «Norrøn ekspansjon og samisk motmakt i Sør-Salten cirka 600–1350». Historisk tidsskrift 03 / 2021 (Volum 100)
  • Imsen, Steinar og Winge, Harald (1999) Norsk Historisk Leksikon. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag
  • Imsen, Steinar (red) The Norwegian Domination and the Norse World c.1100–c.1400. Trondheim: Tapir Academic Press
  • Kulonen, Ulla-Maija, Seurujärvi-Kari, Irja og Pulkkinen, Risto (2005, red) The Saami. A cultural encyclopedia. Vammala: Vammalan kirjapaino oy
  • Mundal, Else (2003) Kva fortel dei norrøne skriftlege kjeldene om historia til sørsamane?
  • NOU 1994: 21: Bruk av land og vann i Finnmark i historisk perspektiv— Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget
  • NOU 2007: 14 Samisk naturbruk og rettssituasjon fra Hedmark til Troms— Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget
  • Røed, Knut H., Bjørklund, Ivar og Olsen, Bjørnar (2018) «From wild to domestic reindeer – Genetic evidence of a non-native origin of reindeer pastoralism in northern Fennoscandia». Journal of Archaeological Science: Reports Volume 19, June 2018, Pages 279–286
  • Skogheim, Vegard (2014) Samer og nordmenn. Etnisk interaksjon i vikingtid og tidlig middelalder. Master, UiO

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg