Faktaboks

Anders Mus
Død
1535, Tønsberg
Levetidskommentar
ukjent fødselsår
Verke
Biskop, riksråd og høvedsmann
Familie

Foreldre: Ukjende.

Ugift.

Anders Mus var dansk geistleg. Han var ein av hertug Christian, den seinare kong Christian 2, sine trufaste hjelparar i Noreg. Anders Mus fungerte periodevis som biskop av Oslo frå 1506 til 1521.

Bakgrunn

Anders Mus må ha hatt geistleg utdanning, men fungerte mellom anna som høvedsmann hausten 1501 på kongsgarden i Bergen. Han var dansk, og truleg i slekt med to andre med same namn, den eine prost ved Mariakyrkja i Oslo i 1424–1437, den andre biskop av Grønland i 1459–1476.

Kyrkjeleg virke

Etter opphaldet i Bergen var Anders Mus ei tid prost i Viborg, men kong Hans sørga for at han ved paveleg provisjon vart biskop i Oslo. Då biskop Herlaugs døydde i 1505 hadde domkapitlet straks valt Torkill Jensson, kannik ved Mariakyrkja, til biskop, og fått godkjenning både frå erkebiskop og pave. Kongen greip likevel inn til fordel for Anders Mus. Han kom til Oslo i følgje med hertug Christian i 1506 og gav han stønad dei åra hertugen var i landet, også i aksjonane mot biskop Karl i Hamar. Dette tyder på at Anders var favorisert av Christian, og etter kongeskiftet i 1513 synest biskopen, som ein av dei fremste i riksrådet, å ha fungert nærmast som ein statthaldar sønnafjells.

I 1516 innsette kongen Hans Mule som høvedsmannAkershus og stødde han sidan i hans grove åtak på bispen. Så ille kjente bispen Anders Mus seg plaga og direkte truga at han i 1521 ikkje såg annan utveg enn å resignera. Under press valde då domkapitlet Hans Mule til ny biskop, og eit prestemøte stødde valet. Men erkebiskop Erik Valkendorf, som ikkje hadde kunna hjelpa Anders Mus og som no hadde forlate sin erkestol, skreiv frå Roma og klaga over valdsferd mot både kyrkje og folk frå Hans Mule og mennene hans.

Etter at Christian 2 forlet landet i 1523, trekte Anders Mus attende resignasjon han hadde gjort under tvang, men det var ikkje lett å få bispestolen tilbake. Hans Mule oppvarta raskt den nye kongen, miste likevel Akershus, men fekk i staden stønad i kravet på bispestolen. Hans Mule fekk i førte omgang ikkje paveleg godkjenning, då paven tok parti med Anders Mus. Denne støtta vart lagt under sterkt press frå det danske riksrådet slik at paven i 1524 gjekk med på forlik, og Hans Mule vart biskop. Anders Mus skulle ha bispeinntektene av Skisysla og Tønsberg prosti, inntektene av fem gode prestegjeld, Morlanda gods i Båhus og litt annan økonomisk kompensasjon.

Ved eit riksrådsmøte i Bergen sytte erkebiskop Olav Engelbrektsson for eit vedtak om at Anders Mus skulle få bispestolen tilbake dersom Hans Mule døydde før han. Kort tid seinare, hausten 1524, drukna Hans Mule. På bakgrunn av eit politisk spel, der Vincens Lunge var særleg aktiv, gjekk Anders Mus med på ny resignasjon til fordel for Hans Rev. Han slo seg til ro med situasjonen sin og budde mykje på Teige ved Tønsberg til han døydde. Bispetittelen gjorde han seg nytte av, og kalla seg ved nokre høve «biskop til Teige». Dette gav han medlemskap i det norske riksrådet, der han stadig møtte.

Nokon sjølvstendig sterk politikar var Anders Mus likevel ikkje. Både som biskop og som riksrådsmedlem verkar han heller tafatt og veik, utan særleg kraft og kreativitet.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder og litteratur

  • E. Bull: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 1, 1923
  • A. Nedkvitne og P. G. Norseng: Oslo bys historie, bd. 1, 1991
  • L. Hamre: Norsk politisk historie 1513–1537, 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg