Asbjørn Dørumsgard var ein norsk lyrikar, journalist, lokalpolitikar og lokalhistorikar. Han debuterte i 1910 med Under plogen, og er rekna som ein av dei fremste «romeriksdiktarane» gjennom tidene.
Asbjørn Dørumsgard var fødd i Rælingen. Han ville bli lærar og byrja på Elverum lærarskule, men måtte avbryte studia på grunn sjukdom. I staden tok han til som journalist. Han var redaktør for lokalavisa Viken på Lillestrøm i 1909, ungdomsbladet Speideren i 1910 og redigerte ei tid målbladet Bonden på Gjøvik. Han blei redaktør av den nyskipa Akershus Social-Demokrat i Lillestrøm frå 1913, og i 1921 skipa han Lillestrømsposten, som etter ti års drift gjekk inn i Akershus Arbeiderblad.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.