Bergens Tidende er ei dagsavis i Bergen, grunnlagd i 1868, som kjem ut måndag til laurdag i papirformat og berre som nettavis på søndagar. Både redaksjonelt og økonomisk er Bergens Tidende det leiande norske mediehuset utanfor Oslo og den dominerande medieaktøren på Vestlandet.
Bergens Tidende eig delar av lokalaviser i Vestland fylke, som Askøyværingen, Fanaposten og Vestnytt. Avisa er eigd av Schibsted ASA. Sjefredaktør frå 2024 er Trond Olav Skrunes.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.