Frederik Moltke Bugge var ein toppfigur i norsk skule- og kulturliv i 1830- og 1840‑åra. Han var ein kraftig talsmann for dei klassiske språka i den store skulekommisjonen (1839–1842), som var sett til å revidere skule- og undervisningsopplegget, og han hadde på offentleg oppdrag vore i Tyskland og Frankrike for å studere skulestellet der.
Bugge var son til biskop Peter Olivarius Bugge og Cathrine Koch. Berre 27 år gamal blei han utnemnd til rektor ved Trondheim katedralskule. Då hadde han imponert i hovudstaden med å ta filologisk embetseksamen med innstilling, og etter eit par år som styrar ved latinskulen i Stavanger fekk han tilbod om stilling som universitetslektor i latin. Bugge valde i staden stillinga i heimbyen Trondheim.
I 18 år var han ein dynamisk rektor, samstundes som han tok på seg dei krevjande statlege oppgåvene med å revidere det norske skulestellet. Studiane og refleksjonane etter reisene utanlands resulterte i eit trebinds verk på cirka 1000 sider, som staten gav til alle allmugeskulane i landet. Bugge skreiv ei rekkje artiklar om skulepolitiske emne og avhandlingar om klassisk litteratur, og han omsette og kommenterte Homer, Platon og fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.