Gunnar Bjørn Skirbekk er ein norsk filosof, essayist og vitskapsteoretikar. I meir enn 50 år har han prega ordskiftet om språk, politikk, vitskap og rasjonalitet, og han har spela ei viktig rolle i utforminga av det akademiske Noreg.
Under førsteavdeling i medisin ved Universitetet i Oslo gav han ut Nihilisme? Et ungt menneskes forsøk på å orientere seg (1958). Deretter studerte han filosofi i Paris og Tübingen, med magistergrad i Oslo i 1962.
Same året vart han hjelpelærar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen, vart fast tilsett to år seinare og vart dr.philos. i 1970. I 1979 vart han professor i vitskapsfilosofi. Han arbeidde ved Universitetet i Bergen til han gjekk av i 2005. Han hadde fleire opphald ved universitet i San Diego i California. Han har òg vore aktiv i den jugoslaviske Praxis-gruppa, der mellom anna dei tyske filosofane Jürgen Habermas og Karl Otto Apel var med.
Skirbekk stod sentralt i opprettinga av Senter for vitskapsteori i Bergen og har skrive ei lærebok i filosofihistorie (saman med Nils Gilje, 1987) som i 2018 var gjeven ut på 18 språk. Filosofisk er han inspirert av Apels forsøk på å finne gyldige normer i språket og av Ludwig Wittgensteins analysar av daglegspråket.
Kommentarar (1)
skreiv Gunnar Skirbekk
litteraturlista bør oppdaterast,
jf oppdatert publikasjonsliste på heimeside, under CV:
http://gunnarskirbekk.no/
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.