Faktaboks

Hans B. Skaset
Hans Bernhard Skaset
Fødd
10. april 1935, Åfjord
Verke
Idrettsleiar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Nils Johannes Skaset (1901–85) og Berntine Elfrida Mølslet (1909–98).

Gift 1) med konsulent Brit-Gro Hansen (17.12.1936–), dotter av Anders Hansen og Gunvor Rustad, ekteskapet oppløyst 1980; 2) med førsteamanuensis Berit Skirstad (9.8.1945–), dotter av advokat Ole Skirstad (1915–86) og fysioterapeut Martha Carstens (1919–2002).

Hans B. Skaset er ein norsk idrettsleiar og offentleg tenestemann. Skaset har saman med Rolf Hofmo vore ein av dei mest sentrale leiarane i norsk idrett etter 1945, og han har hatt leiarposisjonar innanfor både idrettsorganisasjonane og offentleg idrettsadministrasjon.

Skaset var professor ved Noregs idrettshøgskule i perioden 1975–1991 og ekspedisjonssjef i Idrettsavdelinga i Kulturdepartementet frå 1991 til 2000. Han var formann i Noregs friidrettsforbund i 1976–1983 og i Noregs idrettsforbund (NIF) i 1984–1990.

Som idrettsutøvar vann han NM-gull i femkamp i 1961 og 1963 og i tikamp i 1960. Skaset sette norske rekordar i begge desse greinene. Han var forbundstrenar i friidrett i 1958–1964. Klubb: SK Freidig, Trondheim.

Som idrettsleiar la Skaset stor vekt på breiddeidrett, men arbeidde òg for toppidretten ved å opprette Prosjekt 88, som vart ført vidare i Olympiatoppen og Toppidrettssenteret. Han var ein føregangsmann i anti-dopingarbeidet både i Noreg og internasjonalt. Som ekspedisjonssjef la han i 1992 fram den første stortingsmeldinga om idrett i Noreg.

Bakgrunn

Etter examen artium gjekk Skaset på Statens gymnastikkskule frå 1956 til 1958. Han fekk også utdanning ved Sagene lærarskule og Universitetet i Oslo og var overlærar ved gymnastikkskulen i åra 1965–1967. Han var i fleire periodar knytt til Noregs idrettshøgskule og var den fyrste professoren i idrettslege fag (1975–1991).

Idrettsleiar

Skaset ser rett i kamera
Skaset fotografert i 1978, den gongen som nestformann i Noregs idrettsforbund.
Foto av Hans B. Skaset
Av /NTB.

Som idrettsleiar har Skaset lagt vekt på etiske aspekt og ei tru på idretten sin nyttefunksjon for befolkninga. Han skreiv kapitlet om idrett i kulturmeldinga 1972/1973, der han bidrog til at slagordet «idrett for alle» vart introdusert som den fremste politiske målsettinga i norsk idrett.

Samstundes uttrykte meldinga ein viss skepsis til toppidretten som eit eindimensjonalt underhaldningsfenomen. Seinare, som formann i NIF, tok han viktige initiativ for å profesjonalisere toppidretten gjennom skipinga av Prosjekt-88, som vart vørt vidare med etableringa av Olympiatoppen og Toppidrettsenteret. Dermed var det etablert fast infrastruktur og finansiering for norsk toppidrett innanfor ramma til den frivillige idrettsorganisasjonen. Det var eit viktig prinsipp for Skaset at toppidrett og breddeidrett var samla innanfor den same organisasjonen.

Idrettsbyråkrat

Som ekspedisjonssjef i Idrettsavdelingen i Kulturdepartementet var han ansvarleg for to «idrettsmeldingar» til Stortinget, høvesvis i 1992 og 1999. Det var fyrste gong idretten vart behandla i eigne stortingsmeldingar. Begge meldingane fylgde opp slagordet «idrett for alle». Skaset fekk gjennomslag for ein strategi for å skaffe midlar til anlegg og prosjekt på utsida av den organiserte idretten.

Dette var ei ny idrettspolitisk linje og ei erkjenning av at målet om «idrett for alle» ikkje kunne bli nådd berre gjennom NIF. Den siste idrettsmeldinga trekte fram frivilligheit som ein sentral verdi ved idrettsaktiviteten. Slik vart økonomisk støtte avgrensa til frivillig verksemd, samstundes som ein avgrensa seg mot å nytte offentlege midlar til kommersielle treningstilbod. Framhevinga av frivilligheit kan knyttast til at Skaset og Idrettsavdelingen leia eit interdepartementalt arbeid som førte til den fyrste «frivilligheitsmeldinga» (1996–1997).

Anti-doping

Skaset har vore ein føregangsmann i anti-dopingarbeidet både i Noreg og internasjonalt. Han leia utgreiingsarbeidet i NIF i 1970-åra som leia fram til anti-dopingbestemmingane som vart vedtekne på idrettstinget i 1976. Desse bestemmingane gjorde at Noreg kom til å følgje ein meir restriktiv praksis enn Den internasjonale olympiske komité (IOC) og dei internasjonale særforbunda. Skaset har også i internasjonal samanheng vore ein pådrivar i anti-dopingarbeidet og hatt fleire sentrale posisjonar i internasjonale forum på dette området.

Skaset si klåre haldning mot doping vart til slutt eit problem for han i stillinga som ekspedisjonssjef i Idrettsavdelingen i Kulturdepartementet. I etterkant av at to norske utøvarar hadde avlagt positive dopingprøvar knytta til OL i Sydney i 2000, anklaga han leiinga i NIF for å vere i ei etisk gråsone når det gjaldt dopingspørsmålet. Skaset sitt utspel fekk NIF-president Kjell O. Kran til nærast å stille «kabinettspørsmål» til kulturminister Ellen Horn, der Kran forlangte å få vite om han hadde støtte frå den politiske leiinga i departementet. Horn svara med å uttrykkje tillit til Kran og støtte til NIF sitt arbeid i dopingsaker, samstundes som ho refsa sin eigen ekspedisjonssjef Skaset. Horn si framferd førte til at Skaset trakk seg frå stillinga.

Etter at han fråtredde som ekspedisjonssjef, har Hans B. Skaset verka som professor ved Norges idrettshøgskule og frå 2003 som rådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han heldt òg fram med å markere seg som ein aktiv debattant på det idrettspolitiske feltet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • M. Goksøyr, E. Andersen og K. Asdal: Kropp, kultur og tippekamp, 1996
  • S. Tønnesson: Norsk idretts historie 1939–1986, 1986

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg