Lars Reinton var historikar og lektor. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste innanfor norsk lokalhistorisk forsking og organisasjonsarbeid.
Lars Reinton var fødd i Hol i Buskerud. Han tok lærarprøva i 1917 og examen artium i 1919, men heldt fram utdanninga og vart cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1928 og dr.philos. i 1940. Han arbeidde som lærar og lektor i den høgre skulen, først ved Buskerud folkehøgskole 1919–1921, deretter i Arendal 1929–1934 og seinare i Aker og Oslo. I 1955 vart han statsstipendiat for å arbeide med eit storstila forskingsprosjekt om det norske seterbruket.
Reinton var svært interessert i slekt og tradisjon, og bokverket for heimbygda i Hol i åtte band, som han delvis skreiv saman med broren Sigurd S. Reinton, var eit nybrotsarbeid på fleire måtar. Som bygdebok sette det ein ny standard, mellom anna med ei kronologisk inndeling. Også i doktoravhandlinga si arbeidde Reinton med slektsgransking på vitskapleg grunnlag. Gjennom ein mannsalder (frå 1945 til 1970) var han leiar for Landslaget for bygde- og byhistorie (no Landslaget for lokalhistorie), og i perioden 1955–1966 redigerte han tidsskriftet Heimen. Han var òg ei drivkraft når det galdt å etablere Norsk lokalhistorisk institutt i 1955.
Reinton vart i 1970 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.