Lise er eit kvinnenamn som opphavleg er nedertysk kortform av Elisabet.

Namnet har fleire variantar: Lisa, Lise, Liza.

Namnedag er 2. september. Lisa og Liss har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lise

Eit utval personar med namnet Lise, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 061 kvinner i Noreg som hadde Lise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Lise var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 10 jenter som fekk namnet Lise.

Av dei som heitte Lise i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Lise. Dette inneber at 34 prosent hadde Lise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

I Danmark dominerer Lise, i Sverige Lisa. Eit liknande mønster finn vi også i namneparet Lene – Lena. Det kan vere påverknad frå Danmark og Sverige som ligg bak dei ulike kurveprofilane for Lise og Lisa. Lisa var på topp 1990–1994, og dette kan nok sjåast på bakgrunn av at Lisa nådde toppen litt før i Sverige, 1980–1984. Sidan år 1900 har Lise vore brukt omtrent dobbelt så mykje som Lisa.

Utvikling i bruk av namnet Lise frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lise frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lise på 1800-talet.

Lise var mest brukt i Hedmark, Oppland, Buskerud og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lise på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lise var mest brukt i Hedmark, Oppland, Buskerud og Nordland.

Historisk bruk av namnet Lise
Historisk bruk av namnet Lise
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg