Faktaboks

Lovatnet
Loenvatnet
Høye bratte fjell omkranser Lovatnet.

Lovatnet.

Lovatnet er ein innsjø i Stryn kommune i Vestland fylke. Innsjøen har eit areal på 10,4 kvadratkilometer, er 11 kilometer lang og ligg 52 meter over havet.

Lovatnet har fleire tilløp frå Jostedalsbreen og avløp ved Loelva til Nordfjord. Det har vore fleire rasulykker ved vatnet, mellom anna i 1905 og 1936, sjå artiklar om Loen og Loenulykkene.

Båttrafikk på Lovatnet

Lodalen Dampbåtlag vart etablert i 1890 og DS Gordon vart sett i drift på Lovatnet. I 1902 kom DS Lodalen til.

Etter den siste rasulykka i 1936 vart det slutt på båttrafikken, og i 1938 kom det bilveg i dalen. Frå 1985 til 2013 trafikkerte MB Kjendal strekninga Sande–Kjenndalssanden.

Kart

Lovatnet
Lovatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg