Sunnmørsposten er ei dagsavis som kjem ut i Ålesund, i papirformat alle kvardagar og elles som dagleg oppdatert nettavis. Sunnmørsposten blei grunnlagt i 1882 og er den dominerende avisa på Sunnmøre og Nordvestlandet. Avisa er eigd av Polaris Media ASA.
Sunnmørsposten
Faktaboks
- Offisielt namn
- SUNNMØRSPOSTEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Ålesund
- Dagleg leiar
- Kjell Joakim Slinning
- Styreleiar
- Harald Rise
Digitalt
Nettavisa smp.no vart starta i 1997. Sunnmørsposten tilbyr fleire podkastar, mellom anna nyheitsportalen «Aktuelt», «Sunnmørsfolk» og fotballportalen «Sunnmørsball».
Sunnmørsposten hadde i 2023 (4. kvartal) registrert i gjennomsnitt 73 437 daglege lesarar på papir og nett.
Historie
Avisa blei grunnlagt med namnet Søndmørsposten i 1882 av Olaf Sandvig og Hans Tybring von Zernichow. Ivar Flem overtok som redaktør 1894 og kjøpte avisa få år etter. Frå 1905 kom avisa ut kvar dag.
Sunnmørsposten var Venstre-avis frå oppstarten og fram til 1977, då avisa erklærte seg partipolitisk nøytral. Ålesund hadde Høgre-fleirtal til 1894, med to konservative aviser, då venstremannen Sandvig og boktrykkjar Tybring von Zernichow grunnla Søndmørsposten. Avisa var då eit dugnadsprosjekt med få lesarar, og endå færre abonnentar.
Først med Ivar Flem, i 1894, kom den økonomiske utviklinga. I Ålesundsbrannen i 1904 brann alle avishusa i byen. Den nyleg bestilte aksidenspressa til Søndmørsposten blei ikkje råka av brannen, og avisa kunne dermed setjast i drift igjen før nokon av dei andre. Dermed fekk Søndmørsposten eit forsprang som andre aviser aldri tok igjen.
Flem var ein radikal, men fleksibel venstremann. Han kjempa mellom anna for det reine norske flagget, støtta kravet om åttetimarsdag, stod i spissen for 1. mai-demonstrasjonar og var republikanar. Men i 1905 sa han ja til monarki, då lesarar og annonsørar begynte å få innverknad på dei politiske standpunkta.
Redaktøren avsett under andre verdskrigen
Tida etter 1905 blei ei framgangstid, med sildefiske, selfangst og bureising, og avisa engasjerte seg i alt som kunne vere positivt for by og land. Flem bygde Sunnmørsposten opp til å bli den viktigaste avisa på Nordvestlandet. Han sat som redaktør fram til 1946, men vart avsett av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Avisa vart gjeven ut under heile krigen, og måtte betale erstatning i krigsoppgjeret etter krigen.
I 1946 tok sønene Dagfinn og Magne Flem over avisa. Dei var òg ihuga venstrefolk, medan avisa blei ein samlande og dominerande forkjempar for store og små saker på Sunnmøre. Dei stod sentralt i kulturlivet i byen og var sjølve habile musikarar. Magne var typograf og fotograf, og Dagfinn var journalist. Begge brørne sat i tillegg i dei styrande organa i Ålesund, og Dagfinn var mellom anna ordførar i åtte år.
I 1991 selde familien Flem aksjane sine i Sunnmørsposten til Orkla. Frå 2006 var Sunnmørsposten eigd av det britiske medieselskapet Mecom, seinare Edda Media AS, som i 2009 selde avisa til det norskeigde Polaris Media. Salet omfatta òg avisane Fjordenes Tidende, Vikebladet Vestposten, Fjordingen, Sunnmøringen og Møre-Nytt, som alle var eigde av Sunnmørsposten.
Sunnmørsposten blei morgonavis frå 1978. Papiravisa fekk tabloidformat frå 2006.
Opplag
Opplagstall for Sunnmørsposten, 1986-2022
1986 | 38478 |
---|---|
1988 | 39807 |
1990 | 38688 |
1991 | 37904 |
1992 | 37251 |
1993 | 36751 |
1994 | 36838 |
1995 | 36846 |
1996 | 37363 |
1997 | 37769 |
1998 | 37918 |
1999 | 38494 |
2000 | 38478 |
2001 | 38312 |
2002 | 36608 |
2003 | 36020 |
2004 | 35129 |
2005 | 34024 |
2006 | 33707 |
2007 | 33712 |
2008 | 32667 |
2009 | 31925 |
2010 | 30730 |
2011 | 29974 |
2012 | 29199 |
2013 | 27460 |
2014 | 25722 |
2015 | 24775 |
2016 | 24137 |
2017 | 24419 |
2018 | 25845 |
2019 | 26323 |
2020 | 26600 |
2021 | 26834 |
2022 | 27025 |
År | Opplag |
---|---|
1920 | 12 000 |
1932 | 10 000 |
1950 | 19 986 |
1960 | 23 109 |
1970 | 30 238 |
1988 | 39 807 |
1998 | 37 918 |
2008 | 32 667 |
2015 | 23 754 |
2017 | 24 419 |
2022 | 27 025 |
2023 | 27 915 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement til saman. Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Søndmøreposten: prøvenr. 30.11.1882
- Skifta namn til Sunnmørsposten 3.1.1927
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.