Therese er eit kvinnenamn som enten kjem av det greske øynamnet Thera (i dag Santorini) eller av Therasia, naboøya til Thera. Dette øynamnet er laga til ein ordstamme som tyder ‘jakt’. Therese – og variantar av dette namnet – kan tyde ‘jaktkvinne’.

Namnet har fleire variantar: Teresa, Terese, Theresa, Therese.

Kjende personar med namnet Therese

Eit utval personar med namnet Therese, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 239 kvinner i Noreg som hadde Therese som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 jenter som fekk namnet Therese.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med trestava namn på -a har også nokre trestava namn på -e vore mest populære i siste del av 1900-talet eller tidleg på 2000-talet. I tillegg til Therese gjeld dette til dømes Adele, Anine, Irene, Jannicke, Kathrine, Marlene, Merete og Vibeke. Forma Terese er for lite brukt til at denne stavemåten kan bli representert med kurve.

Utvikling i bruk av namnet Therese frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Therese frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg