Den forleninga Trond Benkestok hadde i Sogn, miste han i 1528, i samband med at Vincens Lunge måtte gje frå seg Bergenhus. Det ser ikkje ut til at han vart utstyrt med nytt len før i 1541, då han fekk Sunnmøre. I 1547 vart det konfiskerte bispegodset på Sunnmøre – «stiktens gods» – lagt til, og denne forleninga hadde han fram til han døydde. Same år som han fekk Sunnmøre, vart han også forlent med Meløy kapell og underliggjande gods.
Trond Benkestok oppheldt seg mykje i Bergen, der han hadde offentlege oppdrag. I 1532 gjorde den avsatte kongen Christian 2. sitt inntog i Noreg for å prøve og ta makta frå Frederik 1. Eske Bille kalla då Trond inn til slottet for å hjelpa til med forsvaret.
Trond var ein mann med autoritet og vart mykje nytta i domsutval og som vitne i rettshandlingar. Han stod seg godt med høvedsmennene Eske Bille (fram til 1537), Tord Rod og Christoffer Huitfeldt, og i 1555 og 1556 fungerte Trond som høvedsmann medan Huitfeldt var fråverande.
Tilhøvet mellom Trond Benkestok og Eske Bille ser ut til å ha vore særleg godt. Det synte seg mellom anna ved at Eske Bille i 1529 bad svigerfaren Henrik Krummedike om å leggja inn eit godt ord for Trond i ein arvestrid med Vincens Lunge. Det var til Eske Bille at Trond skreiv då han klaga over skade han hadde lidd under krigshandlingane i 1532. Brevet er udatert, men kan vera frå 1540 og kan ha vore medverkande til at Trond året etter fekk Sunnmøre som len.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.