Faktaboks

Håkon 2. Herdebrei
Håkon 2. Herdebreid, Håkon II Herdebrei, Håkon Sigurdsson Herdebrei
Fødd
1147
Død
7. juli 1162
Levetidskommentar
Truleg fødd i 1147 i Viken
Verke
Konge
Familie

Foreldre: Kong Sigurd 2. Haraldsson (1133–1155) og tenestejenta Tora (nemnd 1146–1161).

Ugift.

Brorson til kong Øystein 2. Haraldsson (ca. 1125–1157) og Inge 1. Haraldsson (1135–1161).

Sigurd høyrer Tora syngje
Ifølgje Heimskringla forførte Sigurd tjenestejenta Tora etter å ha høyrt henne syngje. Resultatet av besøket var Håkon Herdebrei. Teikning av Wilhelm Wetlesen.

Håkon 2. Herdebrei var norsk konge frå 1157 til 1162. Han var uekte son av kong Sigurd Munn. Etter at faren og farbroren Øystein døydde, blei Håkon tatt til konge av tilhengarane deira. Dei fortsette kampen mot kong Inge under leiarskap av Sigurd på Røyr (i Ringsaker).

Flokken til Håkon hadde ein del medgang og felte kong Inge i 1161 i eit slag på isen ved Oslo. Håkons parti hadde særleg støtte i Trøndelag og var no nær ved å vinne alminneleg anerkjenning, men restane av partiet til Inge samla seg under Erling Skakke. Håkon blei sjølv beseira og fall i slaget ved Sekken i Romsdalsfjorden i 1162.

Tilnamnet herdebrei tyder skulderbrei.

Bakgrunn

Sagaene fortel at Håkon var resultat av eit besøk av den 15 år gamle kong Sigurd hos Tora, ei av tenestejentene til den mektige Viken-bonden Simon Torbergsson. Etter sagakronologien var Håkon fødd i 1147, og han voks opp som fosterson til Simon, saman med sønene hans Ånund og Andres.

I Håkons barndom kjempa faren Sigurd mot halvbroren Inge om trona, delvis i samarbeid med ein annan halvbror, Øystein. Sigurd og Øystein prøvde å avsetje Inge, men i staden var det Inge og hans menn som fekk Sigurd og Øystein drept.

Konge

Då Øystein vart felt i eit slag mot kong Inge i 1157, tok restane av flokken hans den 10 år gamle Håkon til konge. Sentrale personar bak dette tiltaket var Sigurd Håvardsson frå Røyr i Ringsaker og Håkons fosterbrør.

Etter å ha opphalde seg i Götaland den fyrste tida kom Håkon og følgjet hans til Konghelle i 1158. Der var også Gregorius Dagsson, kong Inges fremste hærførar. I slaget som følgde, var Gregorius overlegen, trass i at Håkon hadde ein mykje større hærstyrke. Kring påsketider 1159 kom Håkon til Trondheim, der han vart tilkjent sin tredjepart av farsarven og gjeve kongsnamn.

Om våren reiste Håkon og mennene hans sørover igjen, og dei møtte Inge saman med Gregorius og Erling Skakke ved Göta älv. Mellom Håkons menn finn vi no også Eindride Jonsson, som Heimskringla skildrar som «den gjevaste og vennesælaste mannen i Trøndelag, og der var mange andre lendmenn og høvdingar». I dette slaget miste mange av Håkons menn livet, medan resten av hæren kom seg unna.

Rett over nyttår 1161 vart Håkon oppsøkt i Konghelle av Gregorius, etter at Håkons menn hadde felt svogeren hans og teke systersonen til fange. Det kom til trefning på elva Bäveån, og Gregorius fall der. Knapt ein månad seinare fall Inge også, etter at delar av styrken hans gjekk over til Håkon eller flykta.

Håkon vart no hylla som einekonge på Øyrating, og Sigurd av Røyr fekk tittelen jarl. Gleda vart kortvarig, for vel eitt år seinare, i juli 1162, kom Erling Skakke frå Danmark og felte Håkon i eit slag ved øya Sekken i Romsdalsfjorden. Håkon var 15 år gamal då han døydde, og han hadde vore konge for følgjet sitt i fem år.

Ettertidas vurdering

Det har blitt hevda (mellom anna av historikaren Andreas Holmsen) at grupperinga kring Håkon representerer ei antiaristokratisk motstand frå lågare stilte sosiale grupper i Trøndelag og Marker mot kong Inges kyrkje- og lendmannsparti. Men, som historikaren Knut Arstad har peika på, gjev så vel personane sagaene nemner blant Håkons menn, som skildringane av sjølve grupperinga, inntrykk av at Håkon, liksom Inge, i hovudsak fekk tilslutnad frå dei øvre sosiale laga.

Kva tilhøve Håkon hadde til kyrkja, er derimot uvisst. Håkon godtok keisarens pavekandidat Alexander 3. og ikkje motpaven Victor 4. (slik Inge og seinare Magnus Erlingsson gjorde), men det manglar kjeldebelegg for at Håkon representerte ei anti-gregoriansk linje i striden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bugge, Alexander: «Kirkepolitik og politiske partier i Norge», i Historisk tidsskrift, bind 24, 1916, s. 169–187
  • Bull d.e., Edvard: biografi i Norsk biografisk leksikon (NBL1), bind 5, 1931
  • Helle, Knut: Norge blir en stat, 1974
  • Gunnes, Erik: Rikssamling og kristning 800–1177, bind 2 i Cappelens Norgeshistorie, 1976
  • Arstad, Knut: Kongsemner og maktkonstellasjoner i innbyrdesstridens Norge 1157–1227, utrykt hovedoppgave UiO, 1997
  • Opheim, Bente: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Morkinskinna, utgitt av Finnur Jónsson, København 1902–1903
  • Heimskringla, utgitt av Finnur Jónsson, 1911
  • Fagrskinna, utgitt av Finnur Jónsson, København 1932
  • Regesta Norvegica, bind 1 nr. 102, 106 og 110

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg