Faktaboks

Knut Holmann
Fødd
31. juli 1968
Verke
Kajakkpadlar
Familie

Foreldre: Bjørn Holmann (1939–) og sekretær Ragnhild Berge (1941–).

Ugift; sambuar med Vår Vibeke Staude (1966–)

Foto av Knut Holmann
Knut Holmann med dei to OL-gulla frå Sydney i 2000 kring halsen.
Foto av Knut Holmann
Av /NTB.

Knut Holmann er ein norsk tidlegare kajakkpadlar. Han er blant Norges mestvinnande i sommer-OL gjennom tidene med seks medaljar, av dei tre gull, to sølv og én bronse.

Holman tok i alt 14 medaljar i VM og EM, av dei var fire gull. Han var også OL-deltakar i Seoul i 1988 hvor han konkurrerte i firarkajakk.

Holmann vann i alt 44 senior-NM i perioden 1988–2000 (31 i einerkajakk), han vant også NM i maratonpadling i 1989. Holmann ble tildelt elleve kongepokaler på rad frå 1990 til 2000. Han representerte Oslo Kajakklubb.

Bakgrunn

Det heile starta i 13-årsalderen ved at venner lokka Knut Holmann med på padletrening i Oslo Kajakklubb. Då var han allereie ein talentfull langrennsutøvar. Positive erfaringar med båt og åre gjorde sitt til at han 15 år gamal konsentrerte seg fyrst og fremst om padlinga. Om vinteren heldt han likevel fram med å trena langrenn, både for å få avveksling og fordi det gav god treningseffekt. At han var ein habil langrennsutøvar lenge etter at han gav seg som aktiv, viste han då han i 1998 kom på 19. plass som sjette beste nordmann i det 90 kilometer lange Vasaloppet mellom Sälen og Mora i Sverige.

Knut Holmann trena usedvanleg målretta og systematisk gjennom mange år, men han var ikkje ein einsam padlar. Sjølv om mykje av treninga gjekk føre seg i kajakken åleine på vatn, var godt treningsmiljø avgjerande, fyrst og fremst i Oslo Kajakklubb. Men Holmann fann òg ofte gode treningskameratar i naboklubbane i Oslofjorden, i Strand Kajakklubb ved Høvik og Bærum Kajakklubb med base på Kalvøya.

Trenerar

Ein annan avgjerande årsak til Knut Holmanns gode prestasjonar var den ungarske trenaren og tidlegare topp-padlaren Zoltan Bakos arbeid. Bako, som hadde fem VM-gull som aktiv (K2 1000 og 10 000), var tilsett som landslagstrenar i perioden 1987–1992. I tillegg hadde han eit personleg samarbeid med Knut Holmann både i åra 1992–1994 og 1999–2000. Utanom Bako fungerte Arvid Gerhard ei tid som Holmann sin personlege trenar.

Utdanning og økonomi

Knut Holmann har på samme måte som fleire andre toppidrettsutøvarar kombinert idrett og utdanning. Sjølv om det har teke mykje lengre tid enn det som er normert studietid, var han 2001 ferdig siviløkonom etter studiar ved BI i Sandvika.

Økonomisk var ikkje kajakkpadlinga noko gullgruve for Holmann. Likevel gjorde dei gode resultata i verdsmeisterskapen og olympiske leiker det unødvendig å ta opp studielån. Inntektene kom vesentleg frå sponsorane til padleforbundet og Olympiatoppen. Knut Holmanns gode resultat var kanskje vel så viktig for økonomien til padleforbundet. Forbundet hadde store økonomiske underskot tidleg i 1990-åra. Takka vera Knut Holmann vart padleforbundet ein attraktiv partnar for sponsorane.

Merittar

OL

Knut Holmann

Knut Holmann under OL i Sydney 2000, hvor han vann både 500 og 1000 meter kajakkpadling.

Av /NTB Scanpix ※.
Medalje Mesterskap Øvelse
Gull 1996 Atlanta K-1 1000 meter
Gull 2000 Sydney K-1 500 meter
Gull 2000 Sydney K-1 1000 meter
Sølv 1992 Barcelona K-1 1000 meter
Sølv 1996 Atlanta K-1 500 meter
Bronse 1992 Barcelona K-1 500 meter

VM

Medalje Mesteskap Øvelse
Gull 1990 Poznań K-1 1000 meter
Gull 1991 Paris K-1 1000 meter
Gull 1993 København K-1 1000 meter
Gull 1995 Duisburg K-1 1000 meter
Sølv 1991 Paris K-1 500 meter
Sølv 1993 København K-1 10 000 meter
Sølv 1995 Duisburg K-1 500 meter
Sølv 1998 Szeged K-1 1000 meter
Sølv 1999 Milano K-1 1000 meter
Bronse 1994 Mexico By K-1 500 meter
Bronse 1994 Mexico By K-1 1000 meter
Bronse 1997 Dartmouth K-1 1000 meter
Bronse 1998 Szeged K-4 200 meter

EM

Medalje Mesterskap Øvelse
Sølv 1997 Plovdiv K-1 1000 meter

Utmerkingar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Frode Fretland: Norsk biografisk leksikon 2
  • R. Bryhn og K. A. Tvedt (red.): Kunnskapsforlagets idrettsleksikon,1990
  • A. Johnsen og B. Jensen: Gullklubben,1993
  • P. Jorsett: 100 år med olympiske leker,1996
  • H. Slettan: Olympiske sommerleker i navn og tall, Asker 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg