Olaf Huseby var ein radikal norsk forleggjar og bokhandlar
Olaf Huseby
Faktaboks
- Fødd
- 12. desember 1856, Leikanger, Sogn og Fjordane
- Død
- 3. oktober 1942, Hillsdale, Michigan, USA
- Verke
- Forleggjar og bokhandlar
- Familie
-
Foreldre: Husmann Antuns Arneson Husebø (f. 1830) og Kristi Olavsdotter (1829–64).
Gift 12.11.1887 med Ingeborg Skjeggstad (f. 9.5.1861), dotter til lærar Lars Skjeggstad (f. 1831) og Berit Andersdotter (f. 1827).
Bakgrunn
Huseby var fødd i Leikanger (no Sogndal) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Hillsdale, Michigan, USA. Etter folkehøgskule i Sogndal og lærareksamen frå Stord 1875 blei han lærar i Brevik.
Forlag
I 1879 reiste Huseby til Kristiania for å arbeide som bokhandlar. Etter eit par «vandreår» utanlands starta Huseby den første ”venstrebokhandelen” i hovudstaden saman med Olaf Norli i 1883. Seinare dreiv han eigen forlagsbokhandel i Kristiania fram til 1903, da han emigrerte til USA. Han etablerte 1904 firmaet Olaf Huseby Publishing House i Minneapolis, og ønsket med dette bl.a. å spreie «Dei fire store» (Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie) i USA.
Huseby gav namn til og starta opp tidsskriftet Kringsjaa saman med unitarpresten H. Tambs Lyche, sette i gang billegbokserien «Bibliothek for de tusen hjem» saman med grosserar J. Sørensen og gav ut kontroversielle bøker som Christian Krohgs Albertine. Den største salssuksessen og den viktigaste innsatsen for målrørsla var ei utgåve av Landstads Kirkesalmebog med Elias Blix’ Nokre Salmar som tillegg (1894), i alt trykt i 200 000 eksemplar.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Biografi. Oslo 2008
- Olaf Huseby: «Attersyn og kringsjå. Halv hundrad års minnestubbar», i Olaf Norli. Et festskrift. Oslo 1933
- Hermund Kleppa: «Huseby-utgåva av Landstad salmebok», Kjelda (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) nr. 2/2006
- Hermund Kleppa: «Olaf Huseby 1856–1942», Kjelda nr. 2/2006
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.