Faktaboks

Oscar Torp

Oscar Fredrik Torp

Fødd
8. juni 1893, Skjeberg, Østfold
Død
1. mai 1958, Oslo
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Fabrikkarbeidar Anton Fredrik Andersen Torp (1865–1907) og vaskekone og husmor Anne Bolette Andreassen Gade (1867–1932).

Gift 19.4.1916 i Sarpsborg med Kari (eigentleg Inga Olava) Hansen (4.10.1893–4.5.1967), dotter av bygningssnikkar Ole Hansen (1865–1943) og Anna Mathilde Klausen (1868–1936).

Oscar Torp

Foto 1947. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Oscar Torp
Av /NTB Scanpix ※.

Oscar Torp var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Torp var statsminister frå 19. november 1951 til 22. januar 1955. Han var utdanna som smed og elektrisk montør.

Torp var formann i Arbeidarpartiet frå 1923 til 1940/1945. Han var stortingsrepresentant for Oslo i perioden 1937–1949 og for Vestfoldbyane frå 1949 til sin død.

Torp møtte ikkje på Stortinget før i 1948, idet han sat i regjeringa frå 1935 til 1948, og som konstituert forsvarsminister i Johan Nygaardsvolds regjering frå 1935 til 1936. Deretter var han sosialminister i perioden 1936–1939, finansminister i perioden 1939–1941 og igjen forsvarsminister i Londonregjeringa frå 1941 til 1945. Vidare var han forsvarsminister i Einar Gerhardsens samlingsregjering i 1945, og forsyningsminister i Gerhardsens andre regjering i perioden 1945–1948.

Som finansminister ved utbrotet av andre verdskrigen i Noreg i 1940 var han ansvarleg for den storstilte evakueringa av Noregs Banks gullreservar («gulltransporten»). I 1948 vart han utnemnd til fylkesmann i Vestfold, og var Arbeidarpartiets parlamentariske leiar frå 1948 til 1951. Han avløyste Gerhardsen som statsminister i litt over tre år i perioden 1951–1955, og vart sjølv avløyst av Gerhardsen. Deretter var Torp stortingspresident til sin død.

Som organisasjonsmann og administrator spelte Torp ei leiande rolle under partisplittinga i Arbeidarpartiet i 1920-åra, der den opne haldninga hans til alle kantar og hans store samarbeidsevne gjorde han til ein sentral skikkelse i norsk politikk.

Bakgrunn

Komintern 1922

I 1918 vart Torp innvald i landsstyret i Arbeidarpartiet, då den radikale fløya sigra. I 1919 meldte Arbeidarpartiet seg inn i Komintern. Den norske delegasjonen ved Kominterns 4. kongress i Moskva, 1922. Sittande frå venstre: Rolf Hofmo, Emil Stang, Rachel Grepp, Håkon Meyer, Olav Scheflo. Ståande fra venstre: Aksel Zachariassen og Oscar Torp.

Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Oscar Torp var fødd i ein av arbeidarbustadene på Hafslund gods ved Sarpsborg i 1893. Dei budde i ei eittroms leilegheit som skulle bli den tronge ramma rundt oppveksten hans. Mor hans hadde fødd 8 barn der og bar på det niande då faren i 1903 forlét Noreg for å søkje arbeid i Amerika. Faren døydde i 1907 på veg heim til Noreg for å hente familien over til eit nytt liv i Canada. Som eldste overlevande son måtte Oscar ta ansvar for å forsørgje familien. Den lojaliteten og omsorg for dei svakare som alltid kjenneteikna Torp, blei innarbeidd som lojalitet til mora og omsorg for søskena alt i barneåra.

I ungdomen var han flink til å spele fotball, og han kom på kretslaget. Heile livet var han glødande interessert i fotball.

Trass stor læreglede måtte han avslutte folkeskulen for å gå ut i arbeid som 13-åring, og den vidare skulegangen skjedde gjennom kveldskurs og kveldsskule for å utdanne seg til elektrisk montør. Han arbeidde mellom anna som sagbruksarbeidar, smed og anleggsarbeidar, og etter endt kveldsskule fekk han heiltidsjobb som elektrikar. Samtidig fekk han sterke inntrykk frå lokale arbeidskonfliktar, og i ein alder av 14 år tok han på seg sitt første tillitsverv, som underkasserar i den lokale fagforeininga si.

Allereie i ungdommen tok Torp på seg ei rekkje verv innan fagrørsla og partiet, mellom anna som formann i Sarpsborg Arbeidarparti frå 1919 til 1921 og i Østfold Arbeidarparti frå 1921 til 1923. Han var medlem av Sarpsborg formannskap i perioden 1920–1923.

I 1918 vart han innvald i landsstyret i Arbeidarpartiet, då den radikale fløya sigra. Dei neste åra vart han nærast overdynga med tillitsverv både i LO og i Arbeidarpartiet.

Partileiar

Gerhardsen, Tranmæl, Torp
Leiande personar i Arbeidarpartiet i 1920-åra. Lengst til venstre Einar Gerhardsen, nummer fem frå venstre Martin Tranmæl, nummer sju frå venstre Oscar Torp.
Gerhardsen, Tranmæl, Torp
Av /NTB.
Oscar Torp på talarstolen, 1. mai 1927
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Oscar Torp talar 1. mai 1932 på Dælenenga idrettsplass, Oslo
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

I 1923 vart Oscar Torp vald til formann for Arbeidarpartiet. Han blei vald som kandidaten til Martin Tranmæl og Komintern-motstandarane på landsmøtet 1923, i staden for Komintern-tilhengjaren Emil Stang, som hadde overteke leiarvervet då Kyrre Grepp døydde året før. Torp var då 29 år, og han blei sitjande som partiformann i heile 22 år. Saman med seg fekk han Einar Gerhardsen som sekretær og Martin Tranmæl som redaktør i partiavisa.

Som formann sette Torp i gang ein storstilt organisatorisk oppbygning av Arbeidarpartiet, som la grunnen for ein sterkt vekst i både medlemstal og røysteoppslutning. Han utvikla formannsrolla skapt av Grepp og seinare vidareført av Gerhardsen: Torp verka i mellomkrigstida ofte som radikal og utfordrande eksternt, men samtidig som samlande og forsonande internt i arbeidarrørsla. Han støtta Tranmæls bruk av streikar og andre masseaksjonar som revolusjonære verkemiddel. Torp aksepterte Tranmæl som reell leiar i partiet, men inntok i mange viktige saker ein sjølvstendig posisjon overfor den politiske læremeisteren sin. At vegen til maktovertaking gjekk gjennom det etablerte parlamentariske systemet kom Torp til å erkjenne tidlegare og sterkare enn både Tranmæl og Gerhardsen.

«Tranmæls kaniner» vart Torp og Gerhardsen kalla i dei knallharde fraksjonskampane i 1923, då Norges Kommunistiske Parti vart splitta ut. Det er då heller ingen tvil om at det var Tranmæl som politisk sett kom til å ha det siste ordet i dei fleste sakene, mens Torps oppgåve først og fremst var å bygge ut organisasjonen. Tranmæl såg nok rett når han plukka ut nettopp den 29-årige elektrikaren og fotballspelaren frå Sarpsborg til å bygge ut partiet. Oscar Torp hadde eit vinnande vesen, var open og skvær og hadde ein guteaktig sjarm. Han hadde i motsetning til Gerhardsen lett for å snakke med folk, lett for å kommunisere, og han var sterk som agitator. Han var også systematikar med stor arbeidskraft, og når det var bruk for det, kunne han vise handlekraft. Som politikar hadde han ikkje dei same ekstreme kvalitetane som Einar Gerhardsen. Ingen av dei var store ideologar og originale tenkjarar, men både Torp og Gerhardsen hadde gjennom maurflittig arbeid oppøvd eit politisk instinkt som få, om nokon, hadde maken til.

Då Torp vart formann, flytte han og familien til Aker, og i 1928 til Oslo. Ut 1920-åra konsentrerte Torp seg om organisatorisk oppbygning av partiet.

Under samlingskongressen i 1927, der Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti slo seg saman, var det ingen tvil om at Torp skulle halde fram som formann i eit samla parti. I tida framover til midten av 1930-åra reiste Torp mykje rundt i landet. Han hadde ansvaret for å bygge opp partipressa, og han skipa lokalforeiningar. Dei nye avisene måtte ha teknisk utstyr, redaktørar og disponentar, og dei måtte ha kapital. Det var Torp som måtte skaffe det meste. I førstninga av 1930-åra leia han arbeidet med å skipe Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) og Tiden Norsk Forlag.

Statsråd

I 1934 vart Torp valt til ordførar i Oslo, og frå årsskiftet 1935 tok han plass i ordførarstolen. Det vart eit heller kortvarig verv. I desember 1935 måtte han vikariere som forsvarsminister i Johan Nygaardsvold si regjering, året etter vart han fast utnemnd til sosialminister.

Som sosialminister kom Torp til å bli ein sentral pådrivar for utviklinga mot den moderne velferdsstaten, mellom anna ved innføringa av alderstrygd og arbeidsløysetrygd. Utanrikspolitisk tok Torp tidlegare enn mange andre i norsk arbeidarrørsle avstand frå Josef Stalins Sovjetunionen, men erkjende samtidig at hovudtrusselen mot Noreg kom frå fascismen i Sentral-Europa.

I perioden før andre verdskrigen var Torp blant dei som først ivra for at Arbeidarpartiet burde omvurdere forsvarspolitikken sin. Han braut med den antimilitarismen som i 1924 hadde hanka inn han fem månader i fengsel for oppmoding til militærstreik, og frå midten av 1930-åra talte Torp internt i partiet og regjeringa for ei kontroversiell opprusting av forsvaret. Han gjekk inn for at forsvaret burde byggast ut til å kunne fungere som nøytralitetsvakt. Saman med Trygve Lie var han vel også den i regjeringa som først såg behovet for ei nyvurdering av den strenge nøytralitetspolitikken som utanriksminister Halvdan Koht og statsminister Nygaardsvold sto for.

I 1939 blei Torp «forfremja» til finansminister og var påtenkt som statsminister Nygaardsvolds etterfølgjar.

Andre verdskrigen

Oscar Torp
Oscar Torp var finansminister, forsvarsminister og sosialminister i Nygaardsvold-regjeringa. Foto frå London under andre verdskrigen.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Gulltransporten

Ved det tyske angrepet på Noreg i 1940 var Torp som finansminister hovudansvarleg for den storstilte evakueringa av Noregs Banks gullreservar som fann stad i morgontimane 9. april (sjå gulltransporten). Alt i 1938 hadde ein gjort gullet klart for transport, nettopp med tanke på at det kunne bli krig. Norsk lov sa at Norges bank skulle ha gull til ein verdi av 120 millionar kroner. Resten av det norske gullet vart då sendt til USA.

Natta til 9. april fekk Torp varsla om at gullet måtte evakuerast straks. For å organisere gulltransporten blei han igjen i Finansdepartementet til tyske soldatar var på veg inn hovudinngangen. Gullet i Norges Bank var pakka i 1503 kasser og 39 kaggar, og det vart mange tunge lyft for veike bankfunksjonærar før det 26 lastebilane var klare til å frakte gullet til Lillehammer. Det var på hekta at dei siste bilane kom seg ut av Oslo før tyskarane tok dei.

På Lillehammer fekk Torp organisert togtransport til Åndalsnes. Under eit bombeangrep der 20. april var Torp nær ved å bli den første norske statsråden drepen i krig, men slapp unna med ein splintskade i foten. På Åndalsnes vart mykje av gullet sendt med eit britisk krigsskip til England. Resten vart frakta med fiskeskøyter nordover til Tromsø. Som finansminister måtte Torp også sørgje for finansieringa av regjeringa si verksemd i desse hektiske dagane. Han fekk med seg 550 000 i kontantar frå Norges Bank si avdeling på Lillehammer, og før det hadde han fått ein koffert med pengar av direktør Nicolai Rygg i Norges Bank.

Torp og og familien hans rømde saman med resten av regjeringa seinare nordover til Tromsø og vidare til Storbritannia.

Forsvarsminister under krigen

Nygaardsvolds regjering i juni 1945

Regjeringa Nygaardsvold leverte avskjedssøknaden 12. juni 1945, og fungerte fram til 25. juni 1945, då ho blei avløyst av Einar Gerhardsens første regjering. På bildet sit Oscar Torp lengst til venstre på første rad.

Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CCO 1.0

Under opphaldet i London (sjå Londonregjeringa) gjorde Torp eit stort arbeid då han frå 1941 tok over som forsvarsminister, først som vikar og seinare permanent. Trygve Lie skriv i boka si «Med England i ildlinjen» at «ingen av regjeringens medlemmer har fått mer berømmelse og ros for sitt arbeid under krigen. Den tillit Torp vant hos de militære chefer, blev en styrke under krigen og lettet samarbeidet mellem de civile og militære myndigheter».

Torp blei saman med utanriksminister Trygve Lie og statsminister Nygaardsvold den mest sentrale medlemmen i London-regjeringa, og den tidlegare republikanaren Torp etablerte òg ein nært samarbeid og vennskap med kong Haakon og kronprins Olav. Torp kom til å vie statsrådsarbeidet nær sagt all si tid i krigsåra og utviste stor lojalitet ovanfor regjeringa. I 1941 blei han igjen forsvarsminister og gjennomførte ei modernisering og omorganisering av Forsvaret som blei retningsgivande for det norske forsvaret til etterkrigstida.

Regjeringa etter krigen

Regjeringa Gerhardsen
Regjeringa Gerhardsen etter første statsråd på Slottet 25. juni 1945. Frå venstre: sosialminister Sven Oftedal, skipsfartsminister Thor Skjønsberg, konsultativ statsråd, Kirsten Hansteen (første norske kvinnelege statsråd), arbeidsminister Johan Strand Johansen, statsminister Einar Gerhardsen, landbruksminister Einar Frogner (i bakgrunnen), forsvarsminister Oscar Torp, kyrkjeminister Kåre Fostervoll og konsultativ statsråd Conrad Bonnevie-Svendsen. Øvrige regjeringsmedlemer er utanriksminister Trygve Lie, finansminister Gunnar Jahn, konsultativ statsråd for gjenreisinga av Finnmark Hans Gabrielsen, justisminister Johan Cappelen, handelsminister Lars Evensen og forsyningsminister Egil Offenberg.
Regjeringa Gerhardsen
Av .
Stortingsvalet 1945. Foto frå besøk i Arbeiderbladets redaksjon på valgnatta.
Frå venstre: Fru Galenson frå USAs ambassade i Oslo, Arne Björnberg og Herberth Yve frå Stockholm, Lars Evensen, Oscar Torp, Ernst Christiansen frå Socialdemokraten i København, Miriam Sluchin fra USAs ambassade i Oslo og Einar Gerhardsen.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Eksilet til krigsåra dreiv likevel partiformannen Torp vekk frå partiorganisasjonen, og prisen for det fekk han betale etter heimkomsten 1945. Etter frigjeringa ville leiaren for heimefronten, Paal Berg, ha med Lie og Torp frå den gamle regjeringa og inn i ei ny samlingsregjering. Nettopp det vart ein av grunnane til at Berg måtte gi opp å skipe ei slik regjering, men langt frå den einaste. Mange meinte at ingen frå Nygaardsvold-regjeringa burde inn i ei ny før krigsregjeringa hadde vore granska. Då ballen gjekk til Einar Gerhardsen, så tok han likevel med både Torp og Lie.

Gerhardsen tok dei med også då Ap etter valet skipa ei rein Ap-regjering, men då flytta han Torp frå forsvarsminister til forsynings- og gjenreisingsminister. Argumentet var at Torp hadde blitt for nær knytt til dei militære sjefane. I strid med partivedtektene overtok Gerhardsen allereie før landsmøtet hausten 1945 som partiformann etter Torp, som av partilojalitet aksepterte situasjonen utan protestar. Etter ei oppsiktsvekkjande oppmoding frå kong Haakon til statsminister Gerhardsen fekk Torp halde fram som forsvarsminister i samlingsregjeringa.

Torp var likevel ikkje tiltenkt noka nøkkelrolle i Gerhardsens planar for etterkrigstida, og då ei ei rein DNA-regjering blei danna etter valet hausten 1945, blei han overført til Forsynings- og gjenreisningsdepartementet. Her hamna Torp i ei vanskeleg klemme mellom forventningane til befolkninga og regjeringas økonomiske rammar.

Parlamentarisk leiar og fylkesmann

Tidleg i 1948 gjekk Torp av som statsråd. Då hadde han vore samanhengande i regjeringa i 12 år, inkludert fem krigsår. Han hadde nok ikkje så mykje imot å gå, men den direkte grunnen var at Erik Brofoss hadde kritisert at Direktoratet for Eksport- og Importregulering som låg under Torp, hadde gitt for mange importlisensar. Dette medverka til underskot i utanriksøkonomien. Brofoss meinte at Torp ikkje hadde god nok kontroll. Dette medverka til at Torp gjekk ut av regjeringa og over til Stortinget. Han hadde vore innvald der sidan 1936, men berre tidlegare møtt som statsråd.

I Stortinget vart han parlamentarisk leiar, og han kunne med full tyngde gå inn for norsk medlemskap i NATO. Torp var ein av dei som tvilte minst i denne saka, men han hadde fleirtalet i gruppa mot seg. Det vart likevel ikkje stortingsgruppa som skulle avgjere saka denne gongen heller. Det skjedde på landsmøtet. Torp var med som rådgivar under drøftingane om ei nordisk løysing, og han reiste saman med Halvard Lange til USA for å finne ut om Norge i eit nordisk forsvarsforbund kunne rekne med å få kjøpe våpen og få tryggingsgaranti frå USA. Svaret dei kom heim att med, var nei, og dei to gjorde neppe dette nei’et utydelegare.

I juni 1948 vart Oscar Torp utnemnd til fylkesmann i Vestfold. På den tida var det ikkje pensjonsordningar for politikarar, og Torp hadde inga stilling utanom stortingsvervet. Det ville han nå rette på. Han sa frå seg attval i 1949, men kom seg ikkje unna. Arbeidarpartiet i Vestfold kravde at han måtte stille for dei. Dermed vart han attvald, denne gongen frå byane i Vestfold. På nytt vart han parlamentarisk leiar.

Den tilspissinga av den internasjonale situasjonen som fann stad i desse åra, med utviklinga av den kalde krigen, engasjerte internasjonalisten Torp sterkt. Han blei ein framsynt talsmann for at Noreg mot trusselen austfrå, frå Sovjetunionen, måtte styrkje det militære forsvaret, men samtidig òg den nasjonale fellesskapen. I forlenginga av det siste verka Torp stadig meir som ein statsmann og som talsmann for samarbeid over partigrensene – med ei klar avgrensing mot kommunistane.

Torp var i 1949 ein sentral pådrivar for Noregs NATO-medlemskap. Frykta for eit nytt 9. april kan sjå ut til å ha vore meir levande hos han enn hos mange andre toppolitikarar i dei første etterkrigsåra, og han opptredde i utanriksspørsmål langt meir uforsonleg ovanfor meiningsmotstandarar innan eige parti enn det som elles var vanen hans.

Statsminister (1951–1955)

Oscar Torps regjering
Torp var statsminister frå 19. november 1951 til 22. januar 1955.
Oscar Torp som nyvald statsminister i Noreg, fotografert på Arbeidarpartiets grupperom på Stortinget 14. november 1951

Det mest uventa statsministerskiftet i noregshistoria trefte offentlegheita som eit lynnedslag 13. november 1951: Einar Gerhardsen var i all løyndom gått trøytt av å vere statsminister og peika ut sjølv med meisterleg regi Torp som etterfølgjaren sin. Valet av Torp skal forståast som ei anerkjenning av dei personlege kvalitetane hans, men også ut frå at Torp hadde ei svakare stilling i partiet: Han var for Gerhardsen ein vikar meir enn ein etterfølgjar. Torp sjølv uttrykte først skepsis då Gerhardsen klargjorde ønsket sitt om å gå av, men fann raskt motivasjon til å bli statsminister. Truleg opplevde han det som ei endeleg oppreising i forhold til bakgrunnen sin, men endå meir i forhold til den tilsidesetjinga som hadde ramma han i 1945.

Det vart ikkje lett for Torp å ta over regjeringsansvaret i denne situasjonen, der han vart sett på som ein vikar for Gerhardsen. Det hadde vore mykje enklare om det var slik at Gerhardsen vart tvinga til å gå. Nå vart dette eit skifte som berre Gerhardsen ville ha, og Gerhardsen sjølv, som den sterke mann, vart sitjande som partiets parlamentariske leiar i Stortinget. Makta vart flytta dit. Dei fleste statsrådane frå Gerhardsen si regjering vart sitjande, men Trygve Bratteli tok over som ny finansminister. Han hadde vore nestleiar i partiet sidan 1945.

Statsministerperioden til Torp kom til å bli sterkt prega av politiske motsetnader innanfor regjeringspartiet. Regjeringa Torp aksepterte våren 1953 ei kompromissløysing i ein for partiet splittande strid om utviding av den militære tenestetida. Regjeringas uvilje mot å gripe inn med direkte subsidiar og andre direkte inngrep mot den kortsiktige prisstigninga kom likevel til å svekkje dens stilling vidare utover i 1953–1954.

Torp var på dette tidspunktet òg helsemessig svekt. Han eit langt liv bak seg i toppverv, og ikkje minst ein lang og hard periode som statsråd, inkludert fem krigsår. Tidleg i si statsministertid hadde han hatt ei lettare hjernebløding. Ei tid etterpå var han også lamma i den eine arma. I 1954 var det fleire som merka at helsa hans ikkje lenger var så god. Han gløymde lettare enn før, og var ikkje lenger like blid og omgjengeleg.

Regjeringa Torp går av

Oscar Torp
Oscar Torp på ski i 1955.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY 4.0

Den underliggjande årsaka til regjeringa Torps avgang var likevel at stillinga til statsministeren innan partiet stadig blei meir underlegne partiformannen Einar Gerhardsen, som hadde fått igjen lysta til å bli statsminister. Krava kom både frå parti og fagrørsle om at nå måtte vel Gerhardsen ha kvilt seg lenge nok, og nå måtte han kome tilbake i statsministerstolen.

Rykta gjekk om eit snarleg skifte, og det såra Torp at det skjedde på denne måten. Det var eit sterkt press på regjeringa om at noko måtte gjerast for å dempe prisutviklinga. Trygve Bratteli fortel at tiltaka låg klare, men at ein var usikker på om ein kunne få dei godtatt i Ap-gruppa i Stortinget, der Gerhardsen var sjef. Uansett, så ville Torp ha ei avklaring, og det vart kalla inn til møte 27. desember 1954, der leiande folk frå parti og fagrørsle møtte. Der sa Gerhardsen at dersom han skulle gi Torp noko råd, så var det at han burde gå av. Etter det var saka avgjort.

Torp var ikkje bitter over utfallet, men svært bitter over måten det skjedde på. Han meinte at nokon i stortingsgruppa hadde prøvd å undergrave autoriteten til regjeringa, og han tenkte nok ikkje minst på gruppeleiaren og partileiaren, Gerhardsen, som var den som skulle halde styr på gruppa. 14. januar 1955 søkte han om avskjed, og 22. januar skjedde skiftet. Torp gjekk tilbake til Stortinget og vart nå stortingspresident. Han fekk ikkje tilbake jobben som parlamentarisk leiar.

Den bitterheita han kjende over manglande støtte som statsminister og måten han blei tvinga til å gå av på, kunngjorde den partilojale Torp aldri for offentlegheita. I den nye rolla si som stortingspresident kom han frå 1955 stadig meir til å stå fram som ein statsmann heva over partigrensene.

Torp var 58 år då han tok over som statsminister. Han var såleis ingen gammal mann, men han hadde hatt ein lang og svært strevsam arbeidsdag, og noko av overskotet hadde nok blitt borte. Kor svekt Torps helse på dette tidspunktet hadde blitt, valde han å halde for seg sjølv. Hjerneblødinga han hadde hatt, blei først kjent for sønene hans etter at han døydde.

Død

Gravferda til Oscar Torp, foto frå seremonien i Oslo Rådhus.

Oscar Torp døydde 1. mai 1958. Den dagen skulle han halde tale på eit første mai-arrangement i Stavanger, men dagen før hadde han kjent seg uvel, og han fekk handelsminister Arne Skaug til å halde talen for seg. Sjølv såg Torp på 1. mai-toget som tilskodar for første gong på svært lenge. Om kvelden fekk han eit nytt tilfelle av hjernebløding og døydde like etter. Då Torps bortgang vart kjend den kvelden, vart alle 1. mai-arrangement avlyste. I minneordet sitt skreiv Einar Gerhardsen at Oscar Torp var ein som aldri sparte seg sjølv: «Og så brukte han opp det han hadde av krefter tidlegare enn folk flest».

Ettermæle

Oscar Fredrik Torp
Av /Stortingsarkivet.

Det er eit særtrekk ved Oscar Torp at han ikkje hadde sterke ambisjonar om å vere den sterke leiaren. Han var lojal og tok dei verv han vart pålagt, men godtok å vere nummer to. Han var aldri, korkje som formann i partiet eller som statsminister, den som sat med den verkelege makta. Tranmæl og seinare Gerhardsen gjorde det, kanskje med unntak av den tida Nygaardsvold var statsminister. Dette godtok han.

I Einar Gerhardsens skugge står Oscar Torp i dag som ein meir utydeleg og langt mindre skikkelse, sjølv om han i ei rekkje politiske spørsmål viste seg meir framsynt enn Gerhardsen. Den dramatiske historia om Torps liv er minneverdig ut frå dei mange store verva hans, men også på grunn av det store spranget frå fødselen hans som fattiggut i 1893 til gravferda hans som stortingspresident i 1958. Til liks med overgangen frå klassekjempar til statsmann lèt dette seg knapt forstå utan at ein tek i betraktning denne sjølvutdanna mannens vilje til å lære av og forstå ulike menneske han møtte langs livsvegen sin. Dei aller fleste som møtte han, minnest Torp som eit karismatisk og omtenksamt medmenneske med store empatiske evner.

Som påpeika av partisekretæren Haakon Lie fanst det i Torps natur alltid ein dualisme mellom ærgjerrigheit og beskjedenheit. Endå låg det i han ein optimistisk og ambisiøs personleg vilje til å søkje stadig nye og stadig høgare posisjonar. Men samtidig var Torp først og mest ein idealist, som frå barndommen og til sin siste dag overoppfylte livsmottoet sitt: «Gjer litt meir enn di plikt».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haffner, Vilhelm: Stortinget og statsrådet 1915–1945, bind 1, 1949
  • Helle, Egil: Oscar Torp – arbeidergutt og statsmann, 1983
  • Hønsvald, Nils: Oscar Torp, 1959
  • Lahlum, Hans Olav: Viktige personskifter i DNA 1945–75: Fra Gerhardsens lukkede oligarki til Brattelis åpne organisasjonsdemokrati?, hovedoppgave, 2002
  • Lahlum, Hans Olav: Oscar Torp : en politisk biografi, 2007
  • Lahlum, Hans Olav: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Sverdrup, J.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 17, 1975
  • Nilsen, H.: «Oscar Torp – arbeidergutten fra Hafslund», i Magnus, Årsskrift for Skjeberg historielag, Skjebergsletten 2002

Faktaboks

Oscar Torp
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036341002032

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg