Faktaboks

Peter Wessel Tordenskiold

Tordenskjold

Fødd
28. oktober 1690, Trondheim
Død
12. november 1720, Gleidingen, Tyskland
Levetidskommentar
født 7. november etter den gregorianske kalender
Verke
Sjøoffiser
Familie

Foreldre: Kjøpmann, rådmann Jan Wessel (1646–1716) og Maren Schøller (1656–1742).

Ugift.

Navneendring til Tordenskiold ved adelspatent 24.2.1716.

Brorsønns dattersønn av Caspar Schøller (1582–1661); farfars bror til Johan Herman Wessel (1742–1785), Ole Christopher Wessel (1744–1794) og Caspar Wessel (1745–1818).

Peter Wessel Tordenskjold
Peter Wessel, adla med namnet «Tordenskiold», vart særleg kjend for vågemotet sitt under slaget i Dynekilen i 1716, og er ein av dei største folkeheltane i norsk historie.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Peter Wessel Tordenskiold

Maleri 1719

Peter Wessel Tordenskiold
Av /※.
Peter Wessel Tordenskiold
Peter Wessel Tordenskiold, maleri av Balthasar Denner frå 1719.

Peter Wessel Tordenskiold var ein norsk sjøoffiser under Den store nordiske krigen, vidgjeten etter ei rekkje djerve bragder i sjøkampen mot Sverige. 25 år gamal vart han adla som Tordenskjold, i 1718 utnemnd til admiral. Djervskapen kosta han til slutt livet, då han fall i ein duell med ein baltisk offiser, like etter krigen.

Wessel var offiser i den dansk-norske flåten frå 1710 til 1720. I denne tida låg Danmark-Noreg og ein rekke andre land i krig med Sverige, hos oss kjend som Den store nordiske krigen. Frå 1709 var det fleire trefningar mellom svenske og dansk-norske styrkar, også til sjøs. Etter kvart fekk den dansk-norske flåten overtaket, mykje på grunn av bragdene til mannen som vart kjend som Tordenskjold.

Oppvaksen i Trondheim hadde Wessel 14 år gamal rømt heimanfrå og søkt teneste i det dansk-norske sjøforsvaret. Etter fire år som sjømann på verdshava vart han teken opp og vart raskt uteksaminert og utnemnd til løytnant. Ei fryktlaus verkelyst gjorde han straks kjend, og han fekk tidleg kommandoen på ein fregatt. I åra 1712–1715 utmerkte han seg med fleire fryktlause manøvrar, men måtte òg stå krigsrett på grunn av farane han utsette seg og mannskapet sitt for.

Dei vellukka kampane mot svenskane gjorde at Wessel likevel slapp unna alle skuldingar, og kongen lønte han heller med forfremjingar. Etter eit særleg vellukka åtak på den svenske flåten i 1715, vart han adla. I 1716 kapra han den svenske forsyningsflåten og fekk Karl 12. til å avbryte felttoget i Noreg. Etter det vart han sjef for forsvaret i norske farvatn.

Som leiar av den norske flåten gjorde Tordenskjold to mislukka åtak mot Sverige og vart difor avsett. Etter ei høyring vart han derimot frikjend, og i jula 1718 utnemnd til admiralgraden schoutbynacht, og så til viseadmiral, etter ein stor siger ved Göteborg sommaren 1719. Etter dette ville Tordenskjold gå til nye åtak, men måtte gi seg då det vart starta fredsforhandlingar med Sverige.

Innsatsen i Den store nordiske krigen og den ekstravagante veremåten gjorde Tordenskiold til folkehelt allereie medan han levde, og gav opphav til ei sterk mytedanning. Minnet om Tordenskiolds eventyrlege liv og bedrifter har levd heilt til i dag blant danskar og nordmenn, som framleis kan stridast om sjøheltens «eigentlege» nasjonalitet.

Den unge Wessel

Peter Jansen Wessel voks opp i ein stor borgarfamilie i Trondheim, som son av kjøpmann og rådmann Jan Wessel (1646–1716) og Maren Schøller. Han voks opp og på foreldras lystgård Ringve, der han var nummer 14 av 18 sysken. Det finst få fakta om barndommen hans, men han var elev ved latinskolen i heimbyen inntil «tredie Lectie». Det vart ingen vidare skulegang, men ifølgje tradisjonen skal han i kortare tid ha vore i skreddar- og seinare barberlære. Etter eige utsagn hadde han òg vore til sjøs som unggutt, kanskje på eit av skipa til faren. Han var rastlaus, tilpassa seg ikkje skulen og heller ikkje livet som lærling.

Då så Frederik 4. vitja Noreg og Trondheim i 1704, såg den 13 år gamle Peter sitt snitt til å stikke av med det kongelege følgjet til København. Faren var økonomisk svekt på dette tidspunktet og såg nok difor velvillig på at Peter freista lukka i hovudstaden, som fleire av brørne. Her vart han buande hos ein ven av faren, Peder Jespersen, som var kongeleg konfessionarius og stod kongen nær. Peter drog truleg nytte av dette då han 15 år gamal, 28. mars 1706, skreiv til kongen med ønske om å verte teken opp ved sjøkadettkompaniet, ein personleg førespurnad som var vanleg på den tida. Han fekk ikkje plass, men vart likevel satt på «ekspektanselista», truleg etter anbefaling frå Jespersen.

For å auka sjansane sine til å verte kadett, tok Wessel i 1706 hyre på handels- og slaveskipet «Christianus Quintus», til dei danske koloniane i Vest-Afrika og Vestindia. Tilbake i København i 1708 søkte han, og deretter purra på kongen, om å verte teken opp i kompaniet. Først vart han ulønt lærling ved flåtebasen Bremerholm, men då svaret lét vente på seg, reiste han på ny ut – til Trankebar i India med skipet «Fredericus Quartus».

Den store nordiske krigen

I 1710 kom skipet attende til Europa og fekk melding om krigshandlingane mellom Danmark-Noreg og Sverige i den store nordiske krigen. For å unngå svenske kaperar og krigsskip segla dei til Noreg. Då mønstra Wessel på eit britisk skip som skulle til København og Austersjøen, men hamna i Marstrand i Sverige etter ein storm. Her gav Wessel seg ut for å vere britisk matros og kunne dermed halde eit auge med svensk verksemd på skip og ved festninga Karlsten, som han så melde vidare til leiinga i det danske sjøforsvaret.

På dette tidspunktet var Wessel teken opp ved kadettkompaniet, der han følgde undervisinga frå august 1710. Fleire år til havs hadde gjort han røynd med sjøferder og artilleri. I februar 1711 sende han søknad til kongen om å få ta eksamen, og jamvel om å få føre ein fregatt, utan å få det siste ønsket innfridd. I staden vart han utnemnd til underløytnant og gitt posten som nestkommanderande på fregatten «Postillon».

Vellukka kampar

Peter Wessel 1714
Peter Wessel førte fleire vellukka kampar mot svenskane, og det danna seg snart fleire myter kring han. Denne teikninga (1720) førestiller ein episode frå 1714: «Tordenskjold havde faaet Befaling at gaae i Land i Skaane; han opdages og omringes af Svenske Dragoner. En af dem forlanger hans Kaarde, Tordenskjold Svarer: dennegang ej, hugger ham over Haanden og Svömmer med sin Kaarde i Munden, tilbage til sin Fregat.» Episoden er gjengitt i Tordenskiolds vise:

«En dragon stak haanden frem, men han trak den aldrig hjem; han ham trodde i sin vold, den gang ei, sa Tordenskiold.»

Seinare i 1711 vart han kommandør på snauen «Ormen», eit lite skip nytta til rekognosering og kamp mot kaperar. Som kommandant på «Ormen» gjorde han fleire djerve manøvrar og kapra mellom anna fire svenske båtar med kornvarer. Øvstkommanderande og stattholdar i Noreg, Woldemar Løvendal beit seg merke i kampånda til Peter.

I 1712 fekk Wessel så styringa over eit større skip, den hurtige fregatten «Løvendals Galley», truleg etter tilråding frå Løvendal sjølv. Wessel førte «Løvendals Galley» i tre år og gjorde skipet kjent som «Kattegats skrekk». I 1712 var han med på å kapre og øydeleggje ein svensk flåte på 70–80 skip og slik skaffe dansk-norsk herredøme over farvatna ved Rügen. For dette vart han forfremja til kapteinløytnant.

Wessels nøyaktige etterretningar, gjorde like innpå fienden, skaffa han tilnamnet «flåtens skarpe auge» og gjorde generaladmiral Ulrik Christian Gyldenløve, øvstkommanderande for flåten, svært nøgd.

Uvørden framferd

Paa kanoner og pokaler
I juli 1714 støytte «Løvendals Galley» ved Lindesnes på ein dobbelt så stor svensk fregatt, «De Olbing Galley», og Wessel gjekk til åtak heller enn å prøve å rømme.

Dei komande åra førte Wessel fleire konvoiar i Nordsjøen. I 1713 hamna «Løvendals Galley» i kamp med to overlegne svenske linjeskip, men Wessel makta å kjempe tilbake og kom seg unna utan tap av mannskap. Seinare sende Wessel sleivkjefta brev til generalguvernøren, den leiande embetsmannen, i Göteborg, og fekk åtvaring frå Frederik 4. for manglande høvisk framferd.

I juli 1714 støytte skipet ved Lindesnes på ein dobbelt så stor svensk fregatt, «De Olbing Galley», og Wessel gjekk til åtak heller enn å prøve å rømme. Etter eitt døgns kamp var Wessel nær tom for ammunisjon og sende ein parlamentær med førespurdnad om å få låne krutt av motstandaren, men fekk avslag. Dei to skipssjefane drakk istaden kvarandres skål og skildest med løfte om eit seinare møte. «Løvendals Galley» var sterkt medteken, og Wessel vart stilt for krigsrett for vågespelet. Han vart frikjend og søkte heller kjepphøgt om å verte utnemnd til kaptein, noko kongen imøtekom.

Både forfremjinga og den uvørdne haldninga skaffa likevel Wessel fiendar i admiralitetet (marinestyret). Då han søkte kongen om ein større fregatt og stilling som sjef for sjøforsvaret i Noreg, fekk han avslag.

Tordenskjold

Tordenskiolds våpen
I 1715 vart Peter Wessel adla under namnet Tordenskiold.

I april 1715 gjekk så dansk-norske krigsskip til åtak på ein stor svensk flåte på veg til den vestlege Austersjøen. Åtaket kom etter observasjonar frå Wessel. Med «Løvendals Galley» kjempa Wessel her til seg det vidgjetne og raske skipet «Hvita Örn», tok til fange admiralen som var leiar for den svenske flåtestyrken, og hindra svenskane i å øydeleggje skipa sine. Det enda med fullstendig dansk-norsk siger.

På veg tilbake til København gjorde Wessel nye halsbrekkande manøvrar mot svenskane, no med den omdøypte «Hvide Ørn», mellom anna mot to krigsskip med tre gonger så mange kanonar. Sigeren var populær i København, og ein rekke offiserer fikk medaljer, men ikkje Wessel: Framferda hans vart ansett for å vere utanfor myndigheten hans. I København ønskte fleire admiralar å stille han for krigsrett igjen for mangel på varsemd. I staden bad Wessel kongen om å verte adla – og det vart han, under namnet Tordenskiold.

Slaget ved Dynekilen

Tordenskjold i Dynekilen
Slaget i Dynekilen i 1716 er eit av dei mest berømte slaga i norsk historie. Her nedkjempa Peter Wessel Tordenskjold 29 svenske skip, til trass for at han sjølv berre hadde sju. Resultatet vart at Karl 12 trakk felttoget sitt tilbake. Maleri av Carl Neumann.
Slaget ved Dynekilen

«Tordenskiold skyder den svenske kaptajn», framstilling frå 1898, basert på eit eldre måleri.

Vinteren 1716 gjekk svenskekongen Karl 12. og soldatane hans inn i Noreg (sjå Karl 12.s første norske felttog), og i mai hærtok han Fredrikshald. Her var han avhengig av forsyningar sjøvegen.

I juli 1716 eskorterte Tordenskiold ein flåtestyrke på veg frå København til Larkollen ved Christianiafjorden. På vegen fekk han etterretning om at Karl 12.s beleiringsartilleri var på veg til Halden, og at skipa låg i Dynekilen. Tordenskiold gjekk til åtak utan godkjenning frå sin overordna, viseadmiral Christian Carl Gabel. Sigeren var knusande, og svenskekongen måtte gi opp felttoget. For denne bragden vart Tordenskiold utnevnt til kommandør. I november same året vart han sjef for heile flåtestyrken i dei norske farvatna.

Eskadresjef

Som sjef for den norske eskadren (flåten) viste Tordenskiold stor iver når det galdt styre og stell, men måtte kjempe mot små ressursar og sterk uvilje frå eldre offiserar. I mai 1717 leidde han han eit åtak på festningen Nya Älfsborg ved Göteborg, med eit mål om å knuse mykje av den svenske flåten. Her vart Wessel motarbeidd av ein av sine eigne offiserar, Christian Vosbein, slik at framstøyten mislukkast.

Eit par månadar seinare prøvde Tordenskiold òg å gå til åtak på Strömstad. Åtaket var godt planlagt, men sommel fra admiralitetet førte til sein ankomst av artillerifartøy og soldatar, og igjen var svenskane førebudd. Tordenskiold leda sjølv an i åtaket 18. juli, men vart såra og måtte til slutt gi opp.

Nederlaga vart teke ille opp i København, og Tordenskiold fekk ordre om å fratre. Forholdet hans til kommanderande general i Noreg, Erhard Wedel, var òg dårleg, samtidig som svenske invasjonsplanar kravde nettopp godt samspel dei imellom. Med støtte i admiralitetet utnemnde difor kongen ein meir røynd offiser til norsk eskadresjef.

Admiral

Tordenskiolds soldatar
Ein rekke myter og populære historiar danna seg kring Tordenskiold alt medan han var i live, mellom anna anekdoten om Tordenskiolds soldatar. Ifølgje fortellinga fekk Tordenskiold soldatane sine til å marsjere i ring i gatene i Marstrand i 1719, slik at svenskane trudde han hadde fleire soldatar enn han hadde i verkelegheita.
Tordenskiolds soldatar
Av /Forsvarets museer.
Hvad nøler I efter?

Tordenskjold truer den svenske kommandanten Dankwart i Marstrand. Om han virkelig spurte svensken «Hvad djevelen nøler I efter?», slik myten forteller, er tvilsomt.

Tordenskiold bad no om at omstendigheitane kring åtaket på Strömstad vart granska. Tordenskiold vart frikjend, men fekk ikkje kommandoen tilbake. Same høst vart han utnevnt til sjef på linjeskipet Laaland. Då Karl 12. fall ved Fredriksten under eit nytt felttog i Noreg i desember 1718, sørga Tordenskiold for å få nyheita verifisert før han reiste julaften med ein hurtigseilande båt til København. Han nådde byen 2. juledag og meldte nyheita til kong Frederik 4. Kongen svara med å utnemne Tordenskiold til schoutbynacht, kontreadmiral.

No vart Tordenskiold igjen sjef for flåtestyrken i Noreg. I slaget ved Marstrand i 1719 leia han åtaket på den svenske byen Marstrand og festninga Karlsten. 21. juli landsatte han 600 mann og fulgde opp med artilleribeskytning frå fartøya. Ifølgje ein populær historie klarte Tordenskiold å få den svenske kommandanten til å tru at han hadde fleire tusen mann, ved å la soldatane stadig flytte seg rundt i byen («Tordenskiolds soldatar»), og at han venta ytterlegare forsterkningar. Tordenskiold lukkast i å hærta mykje av den svenske flåten og setje fyr på resten, for så å overta festninga. For denne bragden vart han utnemnd til viseadmiral og fekk utdelt kongen sitt portrett med diamantar.

Han ønskte så å halde fram med eit åtak på heile Bohuslän, men måtte avslutte framstøyten. I staden vart det innleidd fredsforhandlingar mellom Sverige og Danmark-Noreg.

Endelikt

Tordenskjolds kammertjener Kold ved sin herres lig
Peter Wessel Tordenskiold vart drept i ein duell, 30 år gamal. Maleri av Tordenskiolds lik med tjenaren Christian Nielsen Cold sittande ved sida.

Duellen

Krigen hadde gjort Peter Wessel adeleg, og dessutan hadde han vorte ein rik mann, på grunn av inntektene frå alle skipa han kapra og så selde. Freden gjorde at han vart uverksam. Hausten 1720 planla han difor ei reise til England, gjennom tyske område, truleg for å møte ei kvinne. 8. november 1720 var Tordenskiold i eit selskap i Hannover. Her banka han så opp den livlandske obersten Jacob Axel Staël von Holstein, som hadde lurt pengar frå ein ven av Peter. Holstein svarte med å utfordre Wessel til duell.

Tordenskjold møtte opp til duellen i Gleidingen utanfor Hannover 12. november 1720, men ønskte ikkje kamp og prøvde heller å forlike seg med Holstein. Obersten kravde derimot å vinne att æra si. Tordenskiold aksepterte duell på kårder, til tross for at kårda hans var mykje kortare enn motstandarens. Tordenskiold var òg mindre trena i fekting enn obersten. I den påfølgjande duellen påførde Holstein Tordenskiold ein dødeleg støyt med kårde. Tordenskiold døydde i løpet av nokre få minutt.

Fleire omstendighetar kring duellen er framleis uklare.

Gravferda

Liket av Tordenskiold vart ført med eit lite fartøy til København. Sidan duellering var ulovleg i Danmark-Noreg, bar venene kista gjennom byen om natta. I Holmens kirke vart kista satt i kjellaren. I 1816, nær 100 år seinare, avgjorde kong Frederik 6. at sjøhelten skulle flyttast opp i en marmorsarkofag i kyrkja, men heller ikkje denne gongen med kyrkjas velsigning. Først i 1995, 275 år etter at han døydde, vart den kyrkjelege seremonien kring gravferda gjennomført.

Gravferda til Tordenskiold har vore gjenstand for diskusjon. Somme hevdar at årsaka til at gravferda fann stad om natta var for å unngå oppmerksemd, sidan han var drept i ein duell, medan andre meiner nattleg gravferd var rekna som ei heidring av avlidne.

Ettermæle

Tordenskioldstatuen
Frå avdukinga av Tordenskioldstatuen i Kristiania 17. mai 1901. Den gamle sjøhelten hadde ein åpenbar misjon under uavhengighetskampen i åra fram mot 1905.
Av /Norsk Teknisk Museum.
Lisens: CC BY 2.0

Tordenskjolds framferd skaffa han uvener, men han vart tidleg ein helt blant folket, og det vart dikta fleire viser om han alt medan han levde. Djervskapen hans var òg opphav til ei rekkje segner og skrøner som vart nytta til mytespinning i dansk historieskriving frå 1700-talet og utetter. Mellom anna galdt det «Tordenskiolds soldatar», der Tordenskjold under åtaket på Karlstens festning skulle ha fått soldatane sine til å marsjere i ring, slik at det skulle sjå ut som om dei var fleire.

Den sanne historia om Peter Wessel var likevel eventyrleg nok til at han seinare har vore hylla som den største sjøhelten Noreg har hatt.

På gården Ringve ved Trondheim, der han voks opp, er det innreda eit museum.

Tordenskiolds personlige arkiv, med mellom anna skipsjournalar, ordreprotokollar, kopibøker med mer, finst i NTNU Universitetsbiblioteket.

Opp gjennom åra har livet til Tordenskiold vore litterært behandla i ei rekke samanhengar, blant anna av dei danske diktarane B. S. Ingemann, Adam Oehlenschläger og Holger Drachmann, og i ein historisk roman av Jacob Breda Bull. Fleire generasjonar norske og danske born har dessutan lært seg de mange versa i Gotfred Rodes Tordenskiold-vise «Jeg vil sjunge om en helt», hvor fleire av dei mest spektakulære episodane i sjøheltens korte liv er foreviga, om enn med større sans for dramatikk enn historiske fakta. Det har òg vore venskapeleg strid mellom Danmark og Noreg om kvar han høyrer heime, men gjentatte forslag om å få kista til Noreg har ikkje gitt resultat.

Ei lang rekke norske og danske byar har gater og plassar oppkalla etter Tordenskiold. I Danmark har dei framleis Tordenskiolds portrett på fyrstikkeskene.

Statuar og portrett

Tordenskiold (fyrstikkeske)

Portrettet av Tordenskiold på danske fyrstikkeskar.

Tordenskiold
Statuen av Tordenskiold i Trondheim.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Statuar av Tordenskiold finst ved Holmens kirke i København, utført av Herman Vilhelm Bissen (1863–1866); ein kopi står ved Vår Frue kirke i Trondheim. Tordenskiold-statuen i Kristiania, utført av Axel Ender, vart avduka i 1901; øvrige statuar finst i Stavern (Gustav Vigeland), i Horten (Anders Svor) og ved Charlottenlund ungdomsskole, Trondheim (Hans Michelsen). I 1958 vart det avduka ein minnestein på duellstaden.

Kunstneriske portrett (eit utval)

  • Maleri (halvfigur) av ukjend kunstnar, ukjend år; Eidsvollsbygningen
  • Maleri (heilfigur) av ukjend kunstnar, ukjend år; DKNVS, Trondheim
  • Maleri av ukjend kunstnar, 1715; NF, Oslo
  • Maleri (brystbilete) av Balthasar Denner, 1719; Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg
  • Litografi etter Denners maleri nytta som førelegg til bilete på fyrstikkesker fra H. E. Gosch & Co. (seinare De forenede danske Tændstikfabriker) fra 1876, til bilete på norsk frimerke 1947

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andersen, Dan H.: Mandsmod og kongegunst : en biografi om Peter Wessel Tordenskiold, 2004
  • Andersen, Dan H.: Tordenskjold. En biografi om eventyreren og sjøhelten. Oslo 2009
  • Bachke, Victoria, red.: Tordenskioldiana, 1958
  • Bergersen, Olav: Viceadmiral Tordenskiold, 1925, to bind
  • Bergersen, Olav, red.: Tordenskiolds brev, 1963
  • Bergersen, Olav: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 16, 1969
  • Bjerg, H. C.: biografi i Dansk biografisk leksikon, tredje utgave (DBL3), bind 14, 1983
  • Gierløff, Christian: Tordenskiold, 1941
  • Kavli, Guthorm: I Tordenskiolds kjølvann, 1990
  • Poulsen, J. Aa.: Købmandens knægt. En roman bygget over hændelser i den norsk-danske søhelt Peter Wessels liv, Randers 1990 (fortsettelse med Havenes skræk, 1991, og Admiralen, 1992)
  • Rian, Øystein: For Norge, kjempers fødeland. 12 portrett frå dansketida. Oslo 2007
  • Rothe, Caspar Peter: Den Danske Söe-Heldt og Vice-Admiral Peter Tordenskiolds omstændelige Livs og Heldte-Levnets Beskrivelse, 1747–1750, tre bind
  • Røsholdt, Ole: Tordenskiold : sjøhelten som reddet Norge, 2000
  • Sandvold, Steinar: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Topsøe-Jensen, Theodor Andreas og Marquard, Emil: Officerer i den dansk-norske Søetat 1660–1814 og den danske søetat 1814–1932, bind 2, København 1935

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg