Tesse er ein innsjø i Lom kommune, Innlandet. Innsjøen har eit areal på 12 km2. Kommunegrense mot Vågå følgjer den austre vasskanten.
Viktigaste tilløp er Smådøla som har kjeldene sine nord for Lauvhøe (1991 moh.) i Lom. Avløpet, via Tessa til Vågåvatn, er utbygd med fire kraftstasjonar. Tesse er sterkt regulert, med lågaste vasstand 842 meter og høgaste 854. Setervangar, både i Lom og Vågå, ligg ned mot sjøen.
Etter sagaen gav Olav Haraldsson Tesse til mannen på Garmo i Lom då han lét seg kristne og bygde ei kyrkje på garden sin.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.