Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Framsida av Varden 5. januar 1880.

Varden er ei lokalavis som kjem ut i Skien, på papir alle kvardagar, og i tillegg som dagleg oppdatert nettavis. Varden dekkjer det tidlegare fylket Telemark.

Avisa er eigd av Polaris Media ASA med 51 prosent og Agderposten Medier AS med 49 prosent. Varden konkurrerer med Telemarksavisa om å vere størst i Skien.

Digitalt

Varden byrja å lage nettavis i 1997. Avisa kan lesast på dei ulike digitale plattformene, og produserer fleire podkastar om idrett og nyheiter. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 48 064 i tredje kvartal 2023, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Johan Christian Tandberg Castberg var første redaktør i Varden

Overtollbetjent Johan Christian Tandberg Castberg (1827–1899) var redaktør i Varden fra starten til 1884. I perioden 1877–1882 satt han på Stortinget valgt inn fra Skien, og igjen fra 1886 til 1888, som representant fra Venstre fra samme by. Castberg tilhørte den radikale fløyen da partiet ble splittet i 1888. Radikalismen gikk i arv til hans sønn, statsråd Johan Castberg, og prege tavisen i lengre tid.

Under valget mellom kongedømme eller republikk i 1905 var Vardens redaksjonelle linje glassklar: «Vore erfaringer af Kongedømmeter ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelsemod.»

Mens resten av fylkene i Norge stemte for kongedømme, gikk republikanerne i Telemark (Bratsberg Amt) av med seieren. Kjente republikanere som Viggo Ullmann og Halvdan Koht preget Vardens spalter og bidro sterkt til avisens profil og standpunkt i striden.

Johan Christian Tandberg Castberg var første redaktør i Varden
Norsk presses historie.

Då Varden begynte å kome ut i desember 1874, skilde denne avisa seg radikalt frå dei andre avisene i fylket. Medan dei andre avisene var resultat av enkeltpersonar sine synspunkt og økonomiske interesser som reine boktrykkjarprosjekt, blei Varden stifta for å gi ei stemme til den aukande politiske og sosiale folkereisinga som fekk si organisatoriske tilknyting til Venstre.

Varden engasjerte seg raskt med til dels skarpe redaksjonelle synspunkt, mellom anna som forsvarar av allmenn røysterett. Lokalt støtta avisa sterkt utbygginga av Vestfoldbana og var tindrande klar i si støtte til arbeidarbefolkninga i bydelen Bakken i Skien, som stadig fekk flaumproblem etter oppdemming av Hjellevatnet.

Motstandar av kongedøme

Under valet mellom monarki og republikk i 1905 var den redaksjonelle linja til Varden glasklar: «Vore erfaringer af Kongedømmet er ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelse mod.» Medan resten av fylka i Noreg røysta for monarki, gjekk republikanarane av med sigeren i Telemark (dåverande Bratsberg amt). Varden kunne nok ta ein god del av æra for det.

Bortsett frå under andre verdskrigen, då avisa hadde ein redaktør innsett av NS, var Varden ei rein partiavis for Venstre fram til 1953. Men då partiet støtta dei såkalla «thagaardske prislover» om staten som regulerande instans for prisfastsetjingar, var denne «tvangslova» i så sterk strid med dei liberale tradisjonane i avisa at Varden gjekk over til å støtte Høgre. I alle år fram til tidleg på 1990-talet, då banda mellom parti og presse jamt over var blitt kutta over heile landet, hadde Varden ein klår Høgre-profiI.

I 1954 kjøpte Varden forlagsretten til Fylkesavisen, som og var ei Høgre-avis, og Rjukan Dagblad i 1967.

Konkurranse

På denne tida hadde Varden fått ein solid hovudkonkurrent. Telemark Arbeiderblad (TA) var i sterk vekst, og i slutten av 1970-åra var avisa den største i fylket. TA heldt på forspranget fram til 1988. Då erobra Varden hegemoniet tilbake. I tida etter århundreskiftet har konkurrenten etter kvart fått eit merkbart overtak når det gjeld opplagstala.

Eigarskap

Varden var styrt av lokale interesser fram til 1994. Då selde redaktør Bjørn Jacobsen og andre familiemedlemer aksjepostane sine til Orkla Media. Varden blei seld vidare til Edda Media i 2006. Då Edda Media blei kjøpt opp av A-pressa i 2012, risikerte ein at det nye konsernet Amedia skulle bli sitjande med begge avisene i Skien, i strid med eigarskapslovgivinga. Resultatet blei at Agderposten i Arendal overtok Varden. Etter kvart gjekk Polaris Media ASA inn som deleigar, med 51 prosent, saman med Agderposten Medier AS, med 49 prosent.

Fakta

  • Første nr. 17.12.1874, første redaktør Johan Christian Tandberg Castberg.
  • Varden gjekk over til tabloidformat i 2001.

Opplag

Opplagstal for Varden, 1986-2023

1986 27429
1988 28180
1990 29567
1991 31144
1992 33298
1993 33973
1994 33833
1995 33176
1996 32878
1997 32986
1998 32438
1999 32112
2000 31389
2001 30663
2002 30670
2003 30695
2004 29518
2005 28799
2006 27856
2007 27341
2008 26091
2009 25474
2010 24730
2011 23723
2012 22465
2013 21476
2014 20237
2015 19436
2016 18452
2017 18687
2018 19577
2019 18857
2020 18497
2021 16814
2022 17199
2023 16465
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1920 12 000
1932 12 000
1950 15 704
1959 19 617
1979 24 175
1993 33 973
2008 26 091
2015 19 033
2020 18 497
2021 16 814
2022 17 199
2023 16 465

Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirutgåva. Frå 2020 vert det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Berner Hansen: Avis må til! En oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970. Skien 1970
  • Truls E. Nordby: Varden. Fra fjord til fjell gjennom 125 år. Porsgrunn 1999.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg